Historia om langeleiken

  •  (Foto/Photo)

Etter fleire år med omfattande registreringsarbeid, systematisering og gjennomgang av eit stort kjeldemateriale, kjem snart boka som Bjørn Aksdal og Elisabeth Kværne har skrive om langeleiken. 

Dette blir den fyrste boka som går grundig inn i historia, utviklinga og utbreiinga til langeleiken. Instrumentet har gjennom tidene vore nytta i så å seie heile landet og er framleis ein livskraftig del av norsk musikkliv. 

Bladet Folkemusikk trykte i januar 2021 ein artikkel skrive av Bjørn Aksdal som er ein forsmak på boka. Her ser han på tidlegare studium av langeleiken og det som har vore skrive om instrumentet.

Les heile artikkelen her