Hopp til hovudinnhald

Hedalen stavkyrkje

Den siste stavkyrkja med drakehovudbeslag som Torill og teamet har vore innom, er Hedalen stavkyrkje i Sør-Aurdal i Valdres. Mellom Høre og Hedalen stavkyrkjer er det rett nok to andre stavkyrkjer (Lomen og Reinli) der ein òg finn drakehovudbeslag, men desse er endra med tidene sopass mykje at ein har vald å sjå bort frå dei i denne samanhengen.

Beslaget i Hedalen er òg endra, det vil seie, det har vorte montert på ei ny dørplate og er av ein eller annan grunn ikkje plassert slik det ein gong var. Originaldøra og ein teikning utført av arkitekt Georg Bull viser oss derimot korleis beslaga var plassert i mellomalderen.

Opphavleg var det her eitt låsbeslag og to ringbeslag. I dag er det eine ringbeslaget plassert på innsida av døra (som i Urnes), medan dei to andre beslaga, i tillegg til to figurar, er plassert på utsida av døra, men samanheng med den opphavlege plasseringa. Dette er litt underleg, men ein må kanskje forstå det som at folk etter kvart har mista kunnskapen om betydninga av døra og beslaget.

At portalen og dørplata har hatt ein rituell og symbolsk betydning er heva over ein kvar tvil, og på Hedalen-døra er dette tydeleg når vi ser på plasseringa av beslaget. På det eine ringbeslaget (som opphavleg var plassert øvst) har det vore festa ein englefigur med eit kors. På det det andre beslaget har det vore en menneskefigur som held armane ut, anten for å be eller for å ta i mot dei besøkande.

Det øvste ringbeslaget og låsebeslaget har gjennombrotne rammer med dyremønstre. Desse gir beslaga eit gamalt preg og står i samanheng med dyrefigurane på dørportalen.

Kvifor hadde døra to ringar? Ein teori er at den nedste og enklaste ringen har tent som handtak, medan den øvste (og flottaste) ringen har hatt ein særleg rituell betydning; når ein skulle avlegga eid eller markere respekt for kyrkja. På eit tidspunkt forsvann kunnskapen om ringane og dei vart plasserte vilkårleg rundt omkring.

En artig detalj er dei små menneskehovuda øvst på to av rammene på beslaga. Dei har trekk som dei deler med dei to figurane: alle har «tonsur» på hovudet, det vil si ein frisyre med eit barbert område midt på hovudet som var typisk for munkane i mellomalderen. Kanskje betyr det at kyrkja var viktig i pilegrimsamanheng? Eller at smeden hadde kjennskap til munketradisjonen?

I Hedalen vart det ikkje tatt prøver denne gongen. Det vart gjort i 2013. Men beskjeden frå smeden var likevel klar; arbeidet i Hedalen er utsøkt og den opphavlege smeden har brukt tjukkare materiale enn på dei andre beslaga vi har besøkt. Kanskje fordi Valdres var rikt på jern? Eller var det oppdragsgjevarane som hadde særleg god råd?

Alle foto: Torill Thømt

  • Smijern frå Hedalen stavkyrkje
    1/3
    Frå Hedalen stavkyrkje
  • Smijern frå Hedalen stavkyrkje
    2/3
    Frå Hedalen stavkyrkje
  • Utsnitt frå smijern frå Hedalen stavkyrkje
    3/3
    Utsnitt frå smijern frå Hedalen stavkyrkje
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1