Hopp til hovudinnhald

Forsking på dansen

Hallingdansen etter Gullik Kirkevold

Ingar Ranheim skreiv i Musikk og tradisjon 34 (2020) den fagfellevurderte artikkelen Frå pardans og laus til tur og orden – om den norske hallingdansen. 

På 1900-talet vart halllingdansen i Valdres og mange andre stader omkring i landet dansa i ei form etter Gullik Kirkevold frå Røn i Vestre Slidre. Han heldt kurs i Valdreslaget i Oslo, og tre av elevane hans heldt kurs på Fagernes i 1969.​

Mellom deltakarane der var Ingar Ranheim, som her har skrive om kva Kirkevoll skreiv, kva han lærte elevane sine, kva dei lærte vidare, og samanlikna dette med det han sjølv lærte bort på kurs i Valdres og mange andre stader frå 1975.

Ingar Ranheim

Ingar Ranheim (1953-2024) var tilsett ved Valdresmusea i ei årrekke, mellom anna som styrar og konservator. Han var stordansar i både springar og lausdans, danseinstruktør og førelesar innanfor høgare utdanning i folkemusikk- og folkedansfeltet. Ingar var ein nasjonal kapasitet innanfor danse- og tradisjonsformidling, og arbeidde fleire av dei siste åra fram ein fagfellevurdert artikkel om hallingdansens historie (trykt i Musikk og tradisjon), parallelt med denne rapporten over hans virke med hallingdansen i siste halvdel av 1900-talet.

  • 1/2
    Ingar Ranheim dansar halling på Valdres Folkemuseum, 1975. Ukjent fotograf. VFF 4-002815.
  • 2/2
    Ingar Ranheim, 2020.

Gullik Kirkevoll

Gullik Kirkevoll (1895-1978) var frå Røn i Vestre Slidre i Valdres, men budde heile sitt vaksne liv i Oslo. Han hadde eit stort og djupt engasjement for kulturarven frå Valdres, og for "gamal og lokal kroppskultur". Kirkevoll samla mellom anna opplysningar om springaren, hallingen, godkarstykke og idrettsleik, og både Valdres historielag og Valdres Folkemuseum fekk store testamentariske gåver etter han. Bileta under er frå fotoarkivet til Valdres Folkemuseum.

  • 1/4
  • 2/4
  • 3/4
  • 4/4
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1