- Ikkje alle hus er egna for fyring, sjølv om det er omn eller eldstad der.
- Det skal berre fyrast på avtalte plassar.
- Ei bøtte med vatn skal alltid stå klar før du fyrer.
- Vit kvar nærmaste brannteppe er før du fyrer.
- Vit kvar nærmaste brannslukkingsutstyr er før du fyrer.
- Hald brennbart materiale avskilt frå elden (kostar skal ikkje stå i peisen)
- Lag små fyringsbål, unngå høg flamme.
- Sjå at røyken stig/forsvinn ut gjennom pipa.
- Bruk bjørkeved, men ver merksam på små glør som kan nå golvet.
- Slutt å fyre i tide før pause og før dagens slutt.
- Forsikre deg om at elden ikkje kan blusse opp att før du forlèt huset.
- Det skal aldri nyttast stearinlys i bygningane. Bruk led-lys.
- Ikkje fyr dersom du er usikker på handteringa av peisen/omnen.
Sumaren 2025 kan det fyrast i følgande eldstadar:
- Skattebu (peis)
- Røgne (peis)
- Flatigarden (omn i kjøkken, ikkje etasjeomn i stova)
- Kvie (takkeomn i peis)
- Slidrehuset (etasjeomn)
- Høyne
- Nystøga
- Tvengjistølen
Utanfor sumarsesong:
Utanfor sumarsesong kan fleire skorsteinar vera stengt med plate. Det må vera avklart at skorsteinen er open før fyring. Spesielt gjeld dette Skattebustogo og Rognebygningen.
Kontaktperson
Odd Arne Rudi
Bygningsvernrådgjevar og seksjonsleiar