Hopp til hovudinnhald

Friluftsmuseet

Over hundre hus og anlegg

Valdres Folkemuseum vart etablert i 1901, og ligg vakkert til på halvøya Storøya på Fagernes. I friluftsmuseet finn du mellom anna både gard og husmannsplass, støls- og utmarkområde. Jakt- og fangstinstallasjonar finn du på området ovanfor stølslaget. Idag er det er over 100 hus og anlegg inne på museumsområdet. Les meir her:

Husdyr, støls- og utmarksdrift

Om sommaren går det sauar, grisar, kyr og høner i området omkring Kviistunet og oppover i utmarka på museet. Frå gamalt av var det næringsrike fjellbeitet viktig for buskapen og naturressursane gav matauk for folket på garden. Valdres Folkemuseum har eige støl på toppen av Storøya, med stølshus frå ulike perioder. Her er budeia i arbeid store delar av sommaren. I 1998 vart sel og fjøs (Tvengestølen i Vestre Slidre) frå 1940-åra flytt til museet, som lekk i formidlinga av det moderne stølsbruket. Slik ynskjer museet å spreie kunnskap og forståing for støling som viktig del av eit moderne, norsk landbruk.

Valdres er framleis eit kjerneområde for det levande stølslivet i Noreg med det største samanhengande stølsområdet i Nord-Europa. Framleis er det mange gardbrukarar som nyttar fjellressursane, og som busett seg i fjellet om sommaren. 

Barnas museum

Friluftsmuseet egner seg godt for å gå på oppdagingsferd. På museumsplassen er det leikeplass for barna med huske, sandkasse, balansestokk og stylter. I Velkomstbygget finn du teiknekrok og dokkehus som er ein miniatyr av Flatigardsbygningen på museet.

Naturstig

I 1982 vart det opparbeidd ein naturstig på Valdres Folkemuseum. Det skjedde i samarbeid med landbruksnemnda og skulekontoret i Nord-Aurdal kommune. Naturstigen er 1,7 kilometer lang og er knytt til naturen og undervisningsopplegget på museumsområdet.

Fleire bilete

  • 1/9
  • 2/9
  • 3/9
  • 4/9
    Bilde frå sommarsesong på museet. Foto: Anne-Marte Før.
  • 5/9
  • 6/9
  • 7/9
  • 8/9
  • 9/9
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1