Hopp til hovudinnhald

Frå sau til plantefarga garn

Generasjonskurs/familiekurs i sommarferien

KURSINNHALD

Kurset er for familier med barn/ungdommer i alderen 11-26 år.

På kurset skal vi lære alt frå å sortere, karde og spinne ull til plantefargefarging. 

Vi bruker handkarder, kardemaskin, blandebrett og hesper - og ull dels rett frå sauen. Nybegyrjarar får innføring i spinning. Dei som kan litt frå før for moglegheit til å lære fleire teknikkar. Vi går òg gjennom korleis rokken fungerer og korleis ein kan vaske ull og garn.

Plantefarging er den eldste kjente fargeteknikken for tekstilar, før dei syntetiske fargestoffa vart utvikla midt på 1800-talet. Vi skal sanke vekstar frå naturen rundt oss som vi kokar fargesuppe til å farge ullgarn med. Frå vårt eige nærmiljø kan vi lage gule, grøne og brune mot raudlege nyanser, og ved hjelp av tørka røter og lus får vi raude og fiolette farger. Plantefarging er ein tidkrevjande prosess som i dag blir rekna som eit handverk der ein kan skape farger i alle nyansar.

FAKTA OM KURSET

INSTRUKTØRAR: Bodil Enger og One Enerud

ALDER: Generasjonskurs/familiekurs

TID: 13.-15. august 2024 kl 9-16 (21 timar) 

STAD: Valdres Folkemuseum

MÅLGRUPPE: Kurset er for familier med barn/ungdommar i alderen 11-26 år.

PRIS: 11-26 år: 1.000 / Vaksne kr 2.000 

PÅMELDINGSFRIST: 1. august

ARRANGØR: Valdresmusea

Med atterhald om endringar

OM KURSHALDARARENE

Bodil Enger er utdanna innanfor drakt og saum, og har sidan 1997 drive eiga næring med hovudvekt på bunadsaum. Ho starta med plantefarging for over 30 år sidan og vart tidleg fasinert av kva ein kan skape med fargemateriale vi finn rett utanfor døra. Sjølv brukar ho garnet ho fargar til å strikke, veve og brodere med. Er det ei farge ho ikkje får tak i, så lagar ho farga sjølv!

One Enerud er til vanleg publikumsansvarlig ved Valdresmusea, men i denne samanhengen er ho mangesyslar med sau og spinnekunnskap. One vil dele av sine erfaringar, vise fram og veilede i sortering av ull, karding og spinning.

Spørsmål og påmelding

Tonette Glimsdal Eberspacher
Epost: Tonette.Eberspacher@valdres.museum.no
Tlf: 480 72 651
Valdresmusea, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes


  • 1/4
  • 2/4
  • 3/4
  • 4/4

Kurset er del av Valdresmusea sitt kurssatsing for unge og er støtta av DNB Sparebankstiftelsen.

  • Sparebankstiftelsen DNB logo
    1/1
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1