Hopp til hovedinnhold

Ei framtid for setra?

Konferanse i museumsprogrammet «Eit skigardsdele»

Matproduksjon på gardar og til fjells er under press, men kva pressar mest? Hytteutbygging og reiselivsindustri, eller landbrukspolitikk, låge lønningar og indre motsettingar i eige bransje?

Norsk matproduksjon står støtt i mange bygder og omdømet til norskprodusert mat er godt blant norske forbrukarar og importørar frå utlandet. Særleg akta er matprodukt med assosiasjonar til fjellet, slik som seterrømme, setersmør og fjellmandel. Men stordriftskulturen breier om seg og utfordrar dei som vil drive smått og nytte beita og setrene i fjellet. Kva slags verdi har mat produsert på setra og i fjellet?

Vi inviterer med dette til foredrag og debatt om verdien av setrene og beiteressursane i fjellet – og om lokalmatproduksjonen som vinn stadig nye terreng. For kva er utfordringane for dei som vil drive landbruk i fjellet? Kva står på spel – og for kven – når endringane i seterområda skyt fart? Korleis kan politikken – og haldningane i landbruket – bidra til å løfte fram mangfaldet av produksjonsformer?

TID: Tysdag 18. april 2023
STAD: Maihaugen på Lillehammer
MÅLGRUPPE: Konferansen er open for alle
PÅMELDINGSFRIST: 1. april
PRIS: Kr 800 (inkl. lunsj) 
ARR: Stiftelsen Lillehammer Museum, Valdresmusea, Randsfjordmuseet og Norsk seterkultur
DIGITALT: Arrangementet vil òg bli streama her.

KONTAKTPERSON: Kristina Skåden, kristina.skaaden@lillehammermuseum.no, tlf. 952 26 690

Biletet viser Lundesetra på Venabygdsfjellet. Foto: Maihaugen.

Program

09.00    Kaffi

09.30    Kunstnarisk innslag ved Tor Espen Aspaas og Berit Opheim

09.40    Velkomen // Audun Eckhoff, direktør stiftelsen Lillehammer Museum

09.45    Opning // Annechen Bahr-Bugge, forskar ved Forbruksforskningsinstituttet

10.00     Kva er ei seter? // Bjørn Egil Flø, forskar ved Nibio
Antalet seterbrukarar har stupt dei siste åra, men nokre bønder held fortsatt fram. Drifta er rett nok noko anna enn slik det vart drive før i tida, og dei fleste har tilpassa seg både Tine, det moderne landbruket og reiselivsindustrien. Kva er ei seter vår tid? Ein minnestad for rurale nostalgikarar eller ein aktiv del av det moderne landbruket? Forskar Bjørn Egil Flø filosoferer over spørsmålet.

10.30     Sauer er ålreite dyr // Øystein Havrevoll, beitebrukar i Ringsaker

Ikkje alle er begeistra for husdyr på utmark eller i hyttefelt. Slikt blir det ofte konfliktar av. Men kanskje hadde ein unngått dei store stridigheitene dersom kunnskapen om dyra vore større? Korleis kan vi bygge eit godt samspel mellom alle interessentane i fjellet ved å auke kunnskapen om lynne og åtferdsmønster hjå dyr? Øystein Havrevoll fortel om husdyrlynne og korleis beitedyra og kunnskapen vår om dei har endra seg med tida.   

11.00     Ikkje berre konflikt // Per Gunnar Forrestad, gardbrukar
Utfordringane for mange seterbrukarar er knytt til turisme og nedbygde beiteområde. Men bilete er ikkje svart-kvitt. På Spidsbergseter på Venabygdsfjellet har dei sidan 1911 drive matservering og overnatting for reisande. Og for naboane på Forrestadsetra har hotelldrifta vore ein rikdom, meir enn trugsmål og tap av ressursar. Vi får høyre om naboskap og samhandling mellom seter- og hotelldrift.

11.20     Kaffipause  

11.35     Ein reiselivssuksess på Brimi Sæter // Hans Brimi

Matnasjonen Norge er eit viktig politisk dokument som synleggjer alle innsatsane på matområdet. Dei lokale matressursane skal vere eit gode for reiselivet og den lokale verdiskapinga, men korleis bygger vi ein reiselivssuksess tufta på lokale mattradisjonar? Korleis sikrar vi at reiselivet ikkje forringar det genuine ved tradisjonen? Vi får innblikk i ein mat- og reiselivssuksess på Brimi Sæter.

11.55     Seterliv på museum // Kjell Marius Mathisen og Knut Ola Storbråten
Mange museum driv forsking og formidling av norske mattradisjonar, og dei er arena for utøving og overføring av kompetanse knytt til mathandverket. Korleis skal musea halde på kunnskapen om mat og setring når det blir stadig færre seterbrukarar? Tankar og spådommar om framtida for mattradisjonane ved museumsfolka Kjell Marius Mathisen og Knut Ola Storbråten.

12.15     Mat og politikk // Wenche Westberg, statssekretær i Landbruks- og matdepartementet

Seterdrift er for mange både berekraft og svaret på dei globale klimautfordringane. Seterdrift er ein premiss innfor utvalde merkeordningar, og den har betydning for omdømet til norsk matproduksjon. Verkemidlane i landbruket er likevel knytt til storskala drift og investering. Kva slags plass har seterbruket i dagens landbrukspolitikk, og kva er regjeringa si melding til dei som vil drive smått og godt?

12.45    Ulike interesser // Geir Lohn og Inger Lise Sveum-Aasbekken
Motsetningane står ikkje berre mellom landbruksnæringa og ein veksande hytteindustri. Dei finst i landbruket òg, mellom bønder som oppskattar småskalaproduksjon og fjellets beiteverdiar, og dei som sel arvesylvet til tomter for bygging av hytter. Vi møter Geir Lohn frå Bondelaget og Inger Lise Sveum-Aasbekken frå Bonde- og småbrukarlaget til ordskifte om interessemotsetningane innad i næringa.

13.15     Lønsj i kafeen // kaffi, vaflar og vandring i seter- og hytteområdet

14.45     Kunstnarisk innslag ved Tor Espen Aspaas og Berit Opheim

15.00     Utmarksbeite – store verdiar på spel // Yngve Rekdal, seniorrådgjevar i Nibio

Nibio har i fleire år kartlagt beiteressursane i det norske seterlandskapet. Beitene representerer fortsatt store ressursar, men bønder med husdyr ser ikkje lenger ut til å nytte dei. Kvifor er det slik? Yngve Rekdal er ein av dei fremste forskarane på dette området. Han vil snakke om verdien av utmarksbeitet og om arealkonfliktar i utmarka.

15.30    Simen på Sjøsetra // Simen Løken, gardbrukar
På Sjøsetra i Øyerfjellet driv Simen Løken setring med mjølkekuer, geiter og andre smådyr. Mjølka sender han med Tine-bilen, eller foredlar ho sjølv til dei finaste matprodukt. På Sjøsetra tek Simen imot gjester og spreier med glede til kunnskap om dyrehald og fjellets naturressursar. Vi blir kjent med ein ung, entusiastisk seterbrukar i Øyer.

15.50     Kva skjer om seterdrifta forsvinn? // Knut Ola Storbråten, Norsk seterkultur
Kring 1800 var det 100 000 setre i drift i Noreg. I dag er talet 900. Årsaka til nedgangen er samansett, men i takt med nedlegginga aukar også lengselen tilbake til setra. Med seterkulturen møter vi også forteljingane, segna og musikken. Kva skjer om alt dette forsvinn? Kva betyr seterkulturen for oss? Norsk seterkultur har sidan 2018 jobba for å få seterkulturen på UNESCO si liste for immateriell kulturarv. No er ein norsk-svensk søknad sendt til dei norske og svenske kulturdepartementa – som står saman om ein multinasjonal søknad. Knut Ola Storbråten i Norsk seterkultur fortel om arbeidet med å løfte statusen for dei norske og svenske seterbrukarane.

16.20    Norge og verda // Torbjørn Tufte, prosjektleiar i AgriAnalyse
Lokalmat i Europa er ikkje reiselivsprodukt og kuriositet åleine, men kvardagsmat for folk flest. Så er statusen og verkemidla annleis i Mellom-Europa enn i Noreg. Tufte gir oss ei innføring i EU sin felles landbrukspolitikk, og han seier noko om hovudskilla i landbrukspolitikken i Austerrike og Sveits - sett opp mot politikken i Noreg.

16.50    Oppsummering 
Kva har vi lært? Kor går vegen vidare?