Hopp til hovudinnhald

Kurs i dendrokronologiske undersøkingar

Ofte når me ser gamle flotte hus kan me koma i undring på om kor gamle dei kan vera. Ein effektiv måte å kunne slå fast dette på er gjennom ei dendrokronologisk undersøking. Dette er eit begrep me har høyrt om, og kanskje veit me litt om kva det inneber. Samstundes er det litt mystisk, dette at det går an å finna ut ganske så nøyaktig når eit tre er hogge, sjølv om det er fleire hundre år sidan! Ei slik boreprøve, saman med ei undersøking av bygningen, gjev god indikasjon på når bygget er satt opp.

Kurset er retta mot handverkarar og slike med fagleg bakgrunn, eller som har særleg interesse for tema, eller har eit hus som kan vera svært gamalt.

TID: 25. og 26. august 2022 
STAD: Valdres Folkemuseum

Påmelding til Odd.Arne.Rudi@valdres.museum.no innan 12.august. 

Kursavgift; kr 1500, - inkl. lunsj. Betal til konto nr. 2070 05 01524, merk innbetalinga «Dendrokurs».

PROGRAM

Torsdag 25. august 09.00: 

Oppmøte på Valdres Folkemuseum, velkomen ved bygningsvernrådgjevar for Valdres, Odd Arne Rudi. Programmet er ganske ope; me tek sikte på at det blir gode diskusjonar undervegs. 

Introduksjon om tema ved Terje Thun og Helene Løvstrand Svarva frå NTNU. Diskusjon om dette med materialkvalitet. 

Etter lunsj vil Håvard Syse frå Gudbrandsdalmusea og Kjell Marius Mathisen frå Maihaugen visa korleis og kvar boreprøver skal takast. Dette vil skje på forskjellige hus på Valdres Folkemuseum.

Fredag 25. august 09.00-15.00: 

Om me er ferdige på museet reiser me til Onstad i Volbu i Øystre Slidre, Vestsidevegen 855, 2940 Heggenes. Dette vert avtala torsdag. 

På Onstad skal me undersøke den spanade bue som er på garden. Den har innhogge 1773 i ein stolpe, men delar av ho er nok betydeleg eldre. Er det rett og slett findalslaft me ser i nokre av knutane? 

Etter lunsj held arbeidet på bue fram.

Lunsj blir servert kl. 11.30 begge dagane.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1