Hopp til hovudinnhald

Byggeskikken

Husa på museet: Her på museet har vi i dag over sytti hus i friluftsmuseet, og alle er flytt hit frå andre stader i Valdres.

Husa er stort sett frå 1600-, 1700- og 1800-tallet. Dei fleste husa vi ser her vi står no vart samla inn før 1950. På den tida var museumsfolka mest opptekne av å kunne vise det beste Valdres hadde å by på.

Tankegangen for korleis ein bør samle inn og vise fram hus og gjenstandar på museum har endra seg mykje gjennom åra. Det ber dei ulike områda her i friluftsmuseet preg av. Lenger inn på området her finn vi difor både ein fjellgard, deler av ein storgard, ein husmannsplass, ein utmarksområde, eit stølsområde og eit fjellområde. Alt dét vart sett opp her etter 1950, i ei tid der tanken var å skape miljø som viste korleis husa fungerte saman i både tun og utmark, i bygda og på fjellet. 

Men anten museumshus er sett saman på den eine eller andre måten, seier det enkelte hus mykje om den lokale byggeskikken og livet til folk før. Før vi går lenger inn på området her, skal vi difor bruke litt tid på å sjå på dette.

Kvar låg dei gamle gardane? Tidleg på 1600-talet var dei fleste i Valdres vanlege bønder som enten eigde eller leigde jorda dei budde på. Gardane låg dels nede i dalen og dels litt oppe i dalsidene, der var det sol, utsikt og tørr grunn.

«Reis igjennem Gudbrandsdalen eller Valders – og du vil se husenes klynger smukt ordnede, nogle nede i dalens bund, andre op efter lierne, høiere og høiere – ret som tingene i en udstilling ere stillede til skue på borde langs gulvet og på hylder op efter væggene.» Eilert Sundt

Laftinga: Materialane som vart nytta i husbygginga var lokale; med tre og stein som viktigaste byggematerial. Det hende folk bygde heile hus av stein, i så fall var det helst hus for dyr (steinfjøs) eller små jaktbuer på fjellet. Men det vanlege i Valdres var å bygge hus av tømmerstokkar som vart lafta saman. Dei festa stokkane saman i hjørna, og for at veggane skulle bli tette, måtte kvar stokk bli tilpassa til kvarandre på over- og undersida, og imellom stokkane fylte ein mose, filler, gamle klede og liknande for isolasjon. Slike lafta hus kan flyttast frå ein stad til ein annan, ved at ein sett nummer på stokkane, tek ned ein og ein stokk og fraktar dei til ein annan stad der ein sett huset opp att, nesten som i eit byggesett. Med ein god grunnmur av stein og eit tett tak, kan slike lafta hus stå i hundrevis av år. // Til laftinga brukte dei ein reiskap som blir kalla «me», som liknar ein gaffel med to tindar. Denne drog dei langsmed stokkane, med ein tind på overstokken og ein tind på understokken. Konturane av understokken (medraget) vart då overførte, og overstokken kunne hoggast til så han passa akkurat til understokken. Bygningsmaterialet var helst malma furu, dernest gran – men kunne òg vera anna trevirke som var tilgjengeleg. Nedste omfaret i Skattebustogo er trekanta og er gjort av særleg store tømmerstokkar. Dette var vanleg i mellomalderen og syner i tillegg slektskap til botnsvillane i stavkyrkjene.

  • Lafta hus har mange fordelar. Tømmer isolerer. Når det er varmt om sommaren, er det svalt inne. Når ein fyrar om vinteren, held tømmeret på varmen.

Øystre Slidre-tunet

Høveloftet, frå kring år 1300, er det eldste huset her på museet. Her oppbevarte ein reiskap og mat i fyrste høgda, og klede og bygdas soldatutstyr i andre høgda. Loftet vart flytt til museet under krigen. Dette huset har ikkje alltid hatt skifertak, og ein kjenner ikkje til korleis svalgangen ein gong var. Men tømmerkassa er over 700 år, og er av dei eldste husa i Valdres utanom stein- og stavkyrkjene. Det er òg mange andre detaljar som vitnar om at dette er eit ordentleg gamalt hus; til dømes utskjeringane rundt døra oppe, korleis spikrane er smidd og lafteteknikken.

Røgnebygningen vart bygt kring 1680 og sett opp her i 1923. Bygningen stod før på garden Sørre Røgne i Øystre Slidre. Den garden var av dei største i bygda, og garden har vore både kapteinsgard, lensmannsgard og etter kvart skysstasjon.

Skattebustogo vart bygd kring 1725 og sett opp på museet i 1923.

Felles for Røgne og Skattebu: Desse to bustadhusa frå Røgne og Skattebu er frå om lag same tid, frå to av dei største gardane i Øystre Slidre. Husa var difor større enn kva som vanleg var på både 1600-, 1700- og 1800-talet. Men her er det mykje som er typisk for den lokale byggeskikken. Ved å samanlikne desse to husa kan ein òg sjå korleis byggeskikken var i utvikling:

  • Etasjar: Skattebustova har ein etasje, medan Røgnebygningen har to. I Valdres kalla ein bustadhus i ein etasje for stove, medan eit bustadhus i to etasjar var ein bygning. Introduksjonen av peisen og pipa på 1600/1700-talet bana vegen for å bygge bustadhus i to høgder. Røgnebygninen kan ha vore av dei fyrste husa i Valdres som vart bygt i to høgder.[1]
  • Dører: Dørene var låge for at ein lettare skulle halde på varmen i huset, og inngangen var midt på langveggen, slik at ein kom rett inn i opphaldsrommet.
  • Sval: Begge husa har eit overbygd inngangsparti, som i Valdres vart kalla ei sval (svalgang). Skattebustova har ein liten sval, medan Røgnebygningen har langsval. Nokre av dei neste husa innover museumsområdet har andre typar sval.
  • Trapp: I tohøgda hus, som Røgnebygningen, var det naturleg at trappa opp i andre etasje gjekk opp i svalgangen.

Skulebygning frå Høyne i Vestre Slidre

Bygd sist på 1860-talet som kombinert skulehus og lærarbustad i Vestre Slidre. Oppsett på Valdres Folkemuseum i 1942. Ved forordninga Om Skolerne paa Landet i 1739 vart det innført allmenn skuleplikt i Noreg. Forordninga gjekk ut på at alle barn over sju år skulle gå på skule nokre dagar i året. Tettgrendte strøk skulle ha faste skulehus. Elles skulle det vere omgangsskule omkring på gardane. // I 1860 kom det ei ny lov som gjorde det slutt på omgangsskulesystemet. I område der minst 30 elevar sokna til den same skulen skulle det haldast skule i eigne hus. Frå 1860-åra og utover voks det fram eit skulesystem med ein rekke mindre grendeskuler. Slik heldt det fram til 1950/60-åra. Desse skulehusa hadde fleire rom. I den eine enden var det skulesal og i den andre enden bustadrom for læraren. Slik er òg Høyne skule bygd. Skulesalen er innreidd med pultar, tavle og kateter, pluss ymse utstyr som høyrde til grendeskulene langt inn på 1900-talet.

Søvelheim - landhandel frå Vang

Handelen: Fram til midten av 1800-talet var det sterke restriksjonar på kor mange landhandlarar som hadde høve til å slå seg ned i dei einskilde bygdene. Fyrst etter at handelsprivilegia vart oppheva i 1842, skaut talet på landhandlarar fart. Vang var den siste Valdres-kommunen som fekk fast landhandel. Vang var den siste Valdres-kommunen som fekk fast landhandel, det skjedde sist på 1850-talet. 

Krambua: Vang handelsforening bygde og dreiv krambua 1880-1908. Ole I. Søndrol kjøpte sidan krambua og dreiv landhandel der 1908-1950. Namnet Søvelheim kjem truleg av dialektordet «søvelsteinar»; kvite runde steinar som ligg på stranda nedanfor huset. 

Huset vart bygd i 1880 og flytt til Valdres Folkemuseum i 1981. Måla med linoljemåling.


Stå på Festplassen:

Bordkledning: Utover 1700-talet bygde fleire i Valdres oppgangssager som vart drivne av krafta i elver og bekker. Med det vart det òg mogleg å skjera panelbord, og slik kunne ein legge både ut- og innvendig panel på husa. Også her var det prestar, embetsmenn og etter kvart bønder på større gardar og landhandlarar som gjekk føre – det same gjaldt måling av panela. Panel skåre på oppgangssag pleier vera breie, dei følgjer bredda på tømmerstokken, og er difor ofte smalare i den eine enden enn i den andre. (Sjå til dømes inne i Haftonbygningen)

MålingBruk av utvendig måling kom fyrst på embetsmannshus, skysstasjonar, krambuer og storgardar, og breidde vidare om seg frå kring 1900. Det er såleis ikkje tilfeldig kva for hus på museet som er måla; Skysstasjonbygningen Nystøga frå Filefjell [030], ishuset «Susen» frå skysstasjonen Frydenlund i Aurdal [035], krambua Søvelheim frå Vang [029], bensinbua frå Fagernes [027] og storgardsbygningen frå Flatigarden [40]. Også Røgnebygningen [15] som stod på ein embetsmannsgard og seinare skysstasjon, var i si tid raudmåla.

Storgardsbygning frå Flatigarden i Etnedal

Sør i Valdres var det større gardar enn nord i dalen, og Flatigarden var ein stor gard i Etnedal. Dette huset er på fleire måtar skil seg på mange måtar frå dei fleste husa elles her på museet. Medan til dømes Skattebu-stova er førd opp etter det som var det lokale byggeskikken, kan storgardsbygningen her på Flatigarden på mange måtar representere introduksjonen av ein moderne byggestil i Valdres, der husa vart bygt etter europeiske moter. 

Flatigardsbygningen er frå ca. 1750, og vart bygt om i 1838: Då vart veggene inne vart flytt. Huset fekk eitt stort kjøkken med ei smal innvendig trapp opp i andre høgda. Tømmerhuset vart bordkledd på både inn- og utsida. Huset fekk nyklassisistiske trekk, med mursteins-imitasjon og hjørnekasser med inspirasjon frå antikke steinbygningar og klassiske tempelsøyler. Huset skifta ham som følgje av internasjonale moteimpulsar og fortona seg nok i starten som eit framandelement i bygda. Dette huset vart satt opp på museet i 1955. 

Etasjesenga på kjøkkenet skal ha vore nytta som legdeseng nede og budeieseng oppe.

Kvie - fjellgard frå Vang

  • Det vanlege busettingsmønsteret i Noreg er spreitt busetnad. Det finst likevel eldre eksempel på at gardar kan liggje så tett inntil kvarandre at dei meir liknar ein tettstad. Kviistunet på museet kjem frå ei slik gardklynge. 
  • Fram til utskiftinga i 1908 danna fem tun, med til saman 33 hus, ein liten tettstad like ved Høre stavkyrkje. 
  • Til dei fem Kviesgardane høyrde også 12 husmannsplassar, som låg like i nærleiken. 
  • Kvien var tingstad på midten av 1600-talet. 
  • Skysstasjon: I 1646 kom det pålegg frå styresmaktene om at det skulle vera ein skyssbonde for kvar 3. mil. I perioden 1646–1821 var Kvien skysstasjon og herberge. Sidan vart vegen lagt om og Øylo på vestsida av dalføre fekk kongebrev og rett til å drive skysstasjon. 
  • Husa var i bruk fram til dei vart flytte til museet på 1950-talet. 
  • Husa frå Kvien er bygd i perioden 1600–1850, og var flytt og sett opp på Valdres Folkemuseum i 1959–1960. 
  • Kvie på Valdres Folkemuseum framstår som ein typisk fjellgard i Øvre Valdres. Slike gardar hadde gjerne fleire husmannsplassar. På Valdres Folkemuseum skal Øvre Fristadplassen illustrere husmannsplass under Kvien, og er plassert lenger ut i utmarka.

Om fjøset på Kvie: 

  • "Huset er tømra av grov furu. (...) I fremste romet var det kyrbåsar. I det inste romet var det grisebinge, sauebinge og kalvebinge for nokre større kalver, og båsar for ungfe. I dei siste åri hadde bonden gått over til saueavl. Han reiv då ut båsane og laga sauebingar i staden. Sauane kjende salt[smak] på veggene, og til høgre for utdøri har dei gnaga stygt av veggene. I indste romet var det sett opp ein hjell, fjøshjellen. Her var det ein kalvebinge for nyfødde kalvar. Ein lyfte dei oppetter ein stige og slepte dei i bingen. Jamsides kalvebingen på hjellen hadde budeia sengi si. Møki frå [fjøsgolvet] vart aust gjennom eit møkjaglugg og ned i kjellaren. (...)"

Nystøga

Gamal skysstasjon frå Filefjell, eldste delen vart bygd på 1760-åra. Ombygd fleire gonger. På Nystøgun har det i rekkefølgje vore fjellstove, gjestgjevarstad, skysstasjon og hotell frå midten av 1600-talet og fram til i dag. Det trongst mange hus på dei største skysstasjonane. Sist på 1800-talet var det fem bygningar på Nystøgun. Bygningen som museet har i dag, stod i midten og vart difor kalla Midtgarden. I 1954 vart bygningen teken ned og gjeven til Valdres Folkemuseum. Fire år seinare vart dei andre gamle bygningane på Nystøgun øydelagde av brann.

Frigstadplassen - husmannsplass frå Vestre Slidre

 Husa her er frå ikring 1750. Husmannsstova har den tradisjonelle romløysinga frå 1700-talet; opphaldsrom, sengekleve og vasskleve. Over vasskleven er det sengeloft. Tradisjonell innreiing med matskåp, bord, seng og peis. Plassen vart driven som husmannsplass til ut i 1920-åra. Her er òg låve, løe, stall og skåle – og stabbur og eit lite fjøs frå to andre husmannsplassar i Valdres. I folketellinga i 1865 budde det her seks personar saman; bestemor og bestefar på 66 år, det yngre husmannsparet i tredveåra og deira to små søner. Saman dreiv dei plassen og hadde det året 1 hest, 3 kyr og 10 sauer, medan dei sette ¾ tønne bygg og 3 tønner poteter.

Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2