Hopp til hovudinnhald

Vertskap Skakke folkedrakter


Når du kjem om morgonen:

  • Vakta startar kl. 11.30. Du må vere ferdig skifta når vakta startar.
  • Antrekk: Pent antrekk, bruk Valdresmuseas t-skjorte, eller Nasjonalmuseets "usikker"-t-skjorte når vi har fått denne i hus
  • Sei frå i resepsjonen om at du er komme på jobb, og skaff deg oversikt over kva som skjer på museet denne dagen

Publikumshandtering:

  • Inviter til samtale om folkekultur og tradisjonar
  • Ver på festplassen og snakk med folk - dersom det ikkje er folk i Slidrehuset. Inviterer folk inn.

Orden og reinhald:

  • Rydde og etterfylle på flettebordet (bånda kan ein ta med heim eller henge opp over bordet)
  • Gå aldri langt unna utstillinga utan å låse (ytterdøra skal vere open grunna tilgang til wc) 
  • Sørg for at golvet er reint; kost golv og vindfang
  • Hjelp reinhaldar med å fjerne søppel og fylle på papir på toaletta
  • I tillegg er det ditt ansvar å tørke over alle bord, krakkar og benker på festplassen og elles i friluftsmuseet
  • Sørg for at personlege eigedelar ikkje ligg framme (bruk evt. kjøkkenet som bakrom)

Før du går for dagen:

  • Du har ansvar for å låse døra til Skakke folkedrakter

Reinhald og tekniske problem:

  • Ved reinhald av golv i Slidrehuset bør teppene henges pent og forsiktig opp i stativene, se bilder under. Ha reine og tørre hender, og ver merksam på trådane i teppa som er vevd. 
  • Ver merksam på at den blå bjørneskulpturen har blå tråder som kan falle av. Desse, og andre eventuelle lause delar som skulle dukke opp i utstillinga må vi ta godt vare på. 
  • Om det skulle vere problem med å starte prosjektoren med fjernkontrollen er det moglegg å opne kassa for å få tilgang til knappen på oversida. 

Formidling

Identitet:

Skakke: Er ikkje det samme som skeiv, omtalar meir det som er litt utanfor normen.

Usikker: Vi ønskjer at folk skal reflektere, vere med å utforske, ikkje vere sikre.

Ueinig? Heilt greit å vere ueinig, ingen sitt med sanninga.

Sjå an publikum, 

Kofte eller gakti? Bruker ordet gakti og ikke kofte - fordi kofte er eit norsk ord 

Q&A:

Skakk ordbok:

Praktisk

Perm som følgjer utstillinga, ligg i kasse 4 på kjøkkenet. Der ligg det ulik info om dei interaktive stasjonane.

Flettebord: Arena for samtale rundt refleksjonskorta - medan ein fletter ulike bånd. Tre ulike oppskrifter, tre ulike språk. Fuglespor (raud tekst), åttetallsflette (blå - det tynneste garnet passer best), hjerteflette (grønn). Bruk ein nøkkelting. Meir info i permen. Etterfylling av garn mm; alt er i kassene på kjøkkenet. Bånda kan folk ta med heim eller henge opp over bordet. 

Refleksjonskort: Tre språk, kan både stå i bokhylla og på flettebordet. To spørsmål til kvart kunstverk. I tillegg ein del ekstra kort. 

Ferdaskrin: Inneheld objekt folk kan ta på. 

Påstandsbarometer: EINIG/UEUNIG. Grøne spørsmål; lettast. Raude; medium. Blåsvarte: vanskelegast.

Publikumsbrosjyre på norsk, engelsk og nordsamisk.

Filosofiske samtaler: To ulike øvingar, der ein tek utgangspunkt i ulike påstandar eller spørsmål. Her legg vi snart ut eigen lenke.

Hyttebok: Her kan besøkande skrive ned namn og gjerne refleksjonar og eigne historier.

Stativa: Er ei edring av husfliden. Samtidig ein universell handverksteknikk mange stader i verda.

Kunstnarane

Christian Brandshoel

Subnasjonal folkedrakt / Ny folkemusikk

Han har sjølv kjent seg mykje utanfor og har funne si tilhøysle i subkulturmiljøa og særleg støymusikkmiljøa. Christian er oppteken av at verka han lager skal vere tilgjengelege. 

Drakta: Har tatt bunadens gramatikk og oppdatert drakta med dei symbola som er relevante for han (t.d. fotballdrakt, postnummeret til Langhus). "Søljer for sjølvidentifisering", finnes også til sals i museumsbutikken. Han er oppteken av diskriminering av folk som mange meiner ikkje skal få lov til å gå med kofte eller bunad, og har difor utstyrt drakta med maske, skotsikker vest, nagle og kniv ("Beskyttelsesfunksjon for minoritetar"). Ellers representerer symbola kjærleik og varme (t.d. einhjøringar).

Christan har brukt mykje tid på å utforske bunadstradisjonen, han har til dømes brukt myntar som knapper, slik dei ofte gjorde før. Christian ser på Hulda Garborg som dåtidas subkulturelle ikon, slik ho konstruerte jo også bunadar.

Bamsane: Forankring i hans tidlegare kunst, kjønna. 

Instrumenta: Christian har tatt støymusikkens infrastruktur og verdiar og blanda med folkemusikken og -instrumenta. Publikum kan teste ut, med øyretelefonar. 

Praktisk om instrumenta:

  • Ved museet kan vi gjerne annonsere at t.d. kvar torsdag klokka 13 gjer vi opptak i ein time, og så sende dette til Christian som laster opptaka opp på ei nettside for prosjektet. 
  • Eige bok for opptak som vi lar stå på kjøkkenet. 
  • Eigen boks med snertar til langeleikene, skal stå på miksebordet.
  • Felebogene skal vere slik dei er. 

Rafiki

Alene sammen, som perler på en snor

Rafiki er frå Kongo og vaks opp i Namsos. Ho har tatt utgangspunkt i det å har tilhøyre frå mange stader; og har blanda tre kulturar: Element frå samisk og norsk kultur, og frå lubakulturen (utradert kultur frå gamalt kongerike i Kongo, som berre lev vidare i munnleg tradisjon). Sjølv seier Rafiki at ho "drøymer lubakulturen på nytt". Ho seier også at ho opplever at den samiske kulturen som nærare lubakulturen enn den norske, men at den samtidig er vanskelegare å nærme seg for den som ikkje sjølv er samisk.

Brysta: Grafiske element frå både Kongo og Sapmi.

Perler på ei snor; det er fyrst når vi kjem saman at vi danner ein heilskap. Ho insisterer på retten til å vere fri. At det ikkje er relevant å snakke om ? folk. Ho har elles konsekvent brukt unge gutar i Sør-Afrika til å lage perlearbeida, ikkje jenter slik det er vanleg.

Andre symbol: Symbol frå Black lifes matters (BLM), samisk aktivisme (CSV) og kvitfarge (reinskap og respekt). Dei tre gudinnene på toppen av krona har ho kjøpt på ei turistmarked i Kenya, samtidig ser ho noko samisk ved dei.

Lin Wang

Bunad Tattoo Shop

Frå Kina, budd i Noreg dei siste åra. Har i store delar av kunstnarskapet jobba med eksotiske draumar, kjønsdiskrimering og eksotifisering av asiatiske kvinner. 

Vasen er like tung som Lin, og ho har jobba med den metamorfosa det er å kome til ein ny kultur. Kva skreller vi av av huden? Bunadsmotiv, kitsj, japanske symbol, sjømannstatoveringar, studium av korleis mange bunadsymbol har tatt vegen fra austleg kultur via sjømenn til Noreg. 

Isbjørnen er inspirert av Kvitebjørn kong Valomon (Kittilsen-maleriet). Silkefrynser finn i som regel på koftesjal, medan materialet kjem frå Kina.

Skjermbrettet: I tatooveringsstudio nyttar ein ofte skjermbrett for å skjule det intime. Symbol fra bunadar og tatoveringar.

Håvard Kranstad

Koll-Krone

Håvard Kranstad er oppteken av det tekstile og at materiala skal kome fram. Han bruker jakardvev, ein digital vevteknikk, og er inspirert av tradisjonell materialteknikk medan han leiker med fargane ("leverposteihelvete"), symbola, motiva, glitter, osb. Håvard har mellom anna funne fram til det han tolkar som noko skeivt i symbol frå mellomalderen, som "ein spekulativ skeiv eventyrfortolkning" i følge han sjølv.

Trolla: Outsideren i bygda, pass deg for...

Enhjøringen: Fyrst symbol for jomfru Maria og Jesus til seinare et homosymbol.

Skogseier H: Tidleg avisartikkel om ein skeiv skogseier - som vart anonymisert i avisa, jf. Bjørn Sverre Hoel Haugens foredrag under Skeiv bygdehistorie som Valdresmusea arrangererte i 2022.

Krona: Er inspirert av ei skamkrone, som bruden måtte gå med om ho fekk born før ekteskapsinngåinga.

Flammer: Er ofte brukt på gamle vevnadar og måleri, jf. Astrups utanforskapet til han som står og ser på sankthansbålet.

Myggane: Symbol på bunad på 17. mai; tunga ut av munnen...

Bamsen: Postmann Jørgen Garnås som skar ut trefigurar av folk han møtte på 1700-talet. Nordmannsdalen. Mann i strid med bjørn, eller ein kjærleiksomfavning?

Bunadsko, hosebånd, mm.

Márjá Karlsen

Láigečála / Garnskrift

Årets kunstnar på Riddu Riddu-festivalen. Arbeider med tradisjonshandverk og historieforteljing som kunstform, om å ta tilbake tradisjonen ho sjølv vart frårøva og ikkje fekk vokse opp med. Gitju betyr takk.

Verket er sårt og sint og handlar om det å miste kulturarven sin. Márjá har tatt utgangspunkt i komagarbånd. Komagarbånda har ein sterk symbolikk, du kan lese mykje om ein person gjennom bånda - stad, kjønn, sivilstand, slektskap, osb. Hennar verk handlar om å prøve å sette saman bitene til å finne ut kvar ho kom frå.

Márjá har ein aktivistisk, politisk tilnærming. Under Fosen-aksjonen satt ho utanfor olje- og energidepartementet og vevde bånd. 

Ho er ambivalent til samarbeidet med Nasjonalmuseet og visningar på folkemuseum - grunna den nasjonsbyggande måten musea har arbeida på.

Harald Bahare

Leik

Samtidsdansar, halvt jamaicansk, vaks opp i Stavanger. Han har arbeidd med kjensla av å vere utanfor, grunna klede og det å stå i to kulturar. Gjekk inn i prosjektet med å undersøke leikaringen, sangdansen og Klara Semb-boka, og har har brukt trinn og satt dei saman på nye måter.

Lyden av bunadsko som trampar gir ein slags puls. Lyden gir nerve til heile utstillinga.

Hovudplagg: Harald var i Hardanger og lærte seg skautfelling. Durag; afroamerikansk hovudplagg for å beskytte håret. 

Blikket: Konfronterende i blikket, noe ubehagelig.

Naken: Harald har strippa folkedansen for alt av klede, og sett kva som skjer når ein dansar aleine, utan klede, berre med hovudplagg. Kurator er opptatt av å ikkje skape stereotypiar, det er ingenting seksualitet i filmen, og rommet er difor ikkje merka. Noko av grunngjevinga er dette: Kvinner i nakenheit er vi vant til, slikt blir ikkje merka. Mannleg mørkhuda homofil nakenheit er ofte blitt brukt for å skape frykt. 

Skuleopplegg

Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2