Hopp til hovudinnhald

Verdien av bygdebøkene

Dei to bygdebøkene om Aurdal sokn er no lanserte. Dei består av nesten 2000 sider og markerer avslutninga på eit prosjekt det har tatt fleire tiår å realisere. Bøkene har eit innhald ein kan bli djupt rørt av. Dei gir ein brei inngang til å forstå livet før, både i Noreg generelt og i Valdres og Nord-Aurdal spesielt.

Vi kan til dømes lese om alle gamle gardar, alle kjente husmannsplassar og i tillegg ein god del andre hus i soknet. Og vi kan lese om kven som budde på dei ulike bruka, kven som gifta seg med kven, og kor lenge dei levde. Det gir eit fantastisk grunnlag for å forske i eiga og andre si slekt. Men det er ikkje berre som slektshistorisk oppslagsverk at bøkene er interessante.

Innhald til å bli bevega av

I 1735 var levealderen berre 35 år, 25 % av alle barn døydde før dei vart eitt år gamle, og endå fleire prosent døydde før dei vart ti år. Dette har vore kjent lenge. Men når ein i bygdebøkene kan følgje slektslinene så tett på, bruk for bruk bortover, trer realitetane så mykje tydelegare fram. Korleis må det ha vore å oppleve at til dømes dei fem første av ni barn døydde som små? Og kor tøft må det ikkje ha vore å miste ektefellen når ein hadde fleire småungar og visste at alt ein trong for å overleve vinteren, måtte ein produsere og sanke sjølv? Bøkene viser at folk jamt over vart enker og enkemenn tidleg. Mange gifta seg opp att, og særleg husmenn flytta ofte mange gonger. Kan hende flytta folk mykje oftare enn dei fleste før har trudd?

Vidare kan ein tydeleg sjå korleis barneflokkane frå tidleg på 1800-talet vart større, korleis fleire og fleire levde opp, og korleis det samstundes vart fleire og fleire husmannsplassar. Valdres hadde som kjent enormt stor utvandring til Amerika, men når vi les alle namna i bygdebøkene, kjem denne realiteten så mykje tettare på. Draumen om eit anna liv må ha lokka, men kor vanskeleg må det ikkje ha vore å forlate alt det kjende for aldri å kunne kome att? Jo djupare ein dukkar ned i kjeldene, jo fleire spørsmål dukkar opp … 

For året 1865 skisserer bygdebøkene systematisk kva som vart dyrka på kvar einaste gard og husmannsplass – i ei tid då alle sjølv måtte produsere alt dei trong av mat, klede og verktøy, og der det å klare seg gjennom kalde og mørke vintrar ikkje var noko sjølvsagt. Vi kan lese om talet på stølar, kor store avlingane i innmark og utmark var, og kor mange dyr som stod i fjøset. Så å seie alle hadde husdyr, men mange hadde berre nokre få. Det er ingen tvil om at folk må ha ete lite kjøt, og at tilgangen til korn og potet, mjølk og ull var avgjerande for å klare kvardagen. Dette er kjent stoff for mange av oss, men dei harde fakta om kvart einaste bruk fortel så mykje meir enn generelle forteljingar og statistikk. Spørsmåla dukkar på nytt opp. Kor svoltne var dei? Korleis må livet ha vore før maskiner og andre hjelpemiddel gjorde drifta meir effektiv, før butikkane, elektrisiteten og velferdsordningane kom?

I 1865 ser ein elles at det berre var nokre at dei største gardane i soknet som hadde meir enn eitt bustadhus, og namna på dei som budde saman, står svart på kvitt i folketeljingane. I nesten alle bustadhus budde både tenestfolk og dei gamle på garden saman med bonden og heile familien hans. Det innebar stort sett at dei både åt ved same bord og sov i eitt eller to rom, iallfall vinterstid. I tillegg kunne det bu legdefolk i det same huset. Spørsmåla dukkar på ny opp. Korleis må det ha vore å bu så tett saman: fleire generasjonar, tenestefolk, legdefolk og stundom òg sinnslidande? Kva med intimsfærar, lukt, irritasjon og sinnemeistring? Vi har alle definitivt godt av å bli minte på korleis livet må ha vore før det offentlege tok hand om omsorgsoppgåver.

Dei fleste hus som har eksistert i tidlegare tider, er borte, og dei fleste menneska som levde for lenge sidan, er gløymde. Alle fotoa i bygdebøkene er frå tider som er forbi, samstundes som augneblikka blir fanga for æva når dei no har kome på trykk. Til dømes viser dette folk og hus på Sørmoé i Vestringsbygde, truleg tidleg på 1900-talet. (Privat)

Historia om alt

I bygdebøkene har ein prøvd å gi eit breitt bilete av lokalhistoria vår gjennom alle tider. Det seier seg sjølv at det korkje er mogleg å få med alt eller å gjere alle til lags. Kjeldetilfanget er jo så enormt. Døme på dette er tingbøker, pantebøker, eigedomsregister, kyrkjebøker, folketeljingar, kart, publiserte bøker og artiklar, dagbøker, lydfiler, brev, heimeproduserte gjenstandar og foto med og utan påskrift om namn og stad. Mykje av dette er skrive med nær uleseleg gotisk handskrift. Og så er det alt som aldri er skrive ned, og som berre finst i munnleg tradisjon.

Forfattar Harald Hvattum har gjort eit godt metodisk arbeid vi alle kan lære av. Det handlar ikkje minst om å halde tunga rett i munnen for å setje detaljane saman på ein god måte og om å ta val om kva som får bli med og ikkje. Det handlar om å utelate og å utbrodere utan å forvrenge og feiltolke kjeldene. Det handlar om å halde seg til skriftlege kjelder og ikkje manns minne aleine, og ofte handlar det om å vise til kvar ein kan lese meir. Slik vil ein sjå at bygdebøkene både avdekker ukjente historier og tar liv av gamle mytar. Det er sjølvsagt så mykje meir ein gjerne skulle hatt med, men ein stad må ein òg setje grenser for å klare å avslutte eit prosjekt som dette.

Utviklinga gjennom hundrevis av år er skissert, så langt attende det finst kjelder og like fram til vår tid. Ved å følgje den eine garden etter den andre kan vi lese om rettssaker, oppdeling og samanslåing av bruk Og så er det alle fotoa som ofte seier meir enn ord. Aurdalsbyen skil seg klart frå alle andre stader i Valdres. Bøkene gjer oss meir familiære med dei kondisjonerte i Aurdalsbyen på 1800-talet, og korleis deira vanar og motar prega bygdene rundt, anten det gjaldt byggeskikk, namneval, kledemote eller musikk-smak.

Klasseforskjellane i det gamle jordbrukssamfunnet kjem tydeleg fram i bygdebøkene, der embetsfolk, bønder og husmenn levde ganske ulike liv. Bøkene gjer oss familiære med både kondisjonerte i Aurdalsbyen på 1800-talet og folk elles rundt om i soknet. På biletet ser vi husmannskona Rangdi Moen (1846-1937), frå Vestringsbygde og seinare Leira. På 1930-talet dokumenterte Knut Hermundstad smått og stort frå livet hennar, om alt frå songglede til detaljar frå eit hardt arbeidsliv.

Lang veg og varige spor

Arbeidet med bygdebøkene for Nord-Aurdal starta alt på 1980-talet, og vegen fram har vore både vanskeleg og lang. Lanseringa av Aurdals-banda markerer avslutninga på eit kjempearbeid det er vanskeleg å skjøne omfanget av.

For meg personleg blir bøkene viktige oppslagsverk både heime og på jobb. Fordi eg har eigne lange slektsliner i Aurdal og daglege formidlingsoppgåver ved Valdresmusea, gir bøkene meg både kunnskap og nye spørsmål til ein kvardag så tett på vår og likevel så fjern. 

Eg gratulerer både Nord-Aurdal kommune, bygdebokkomiteen, tidlegare bygdebokskrivarar, historielag, kollegaer ved museet, kommunens innbyggarar og ikkje minst forfattar Harald Hvattum med dagen. Her er det mange som har sett spor etter seg i innsatsen som er lagd ned.

Dei fleste av menneska som blir nemnde i bygdebøkene, fanst det før få eller ingen minne etter, anna enn som namn i kyrkjebøkene. No står namna etter mange av dei som har levd her svart på kvitt, anten dei var husmenn, bønder eller embetsfolk, utvandrarar eller barn som døydde første leveår. No har også alle desse, ein og ein – og i fellesskap – fått eit varig avtrykk etter seg. Det trur eg òg etterkomarane våre vil kjenne seg bevega av i framtida.

Valdres Folkemuseum, oktober 2019

Når ein i bygdebøkene kan følgje slektslinene så tett på, blir det så tydeleg kor mange som døydde tidleg i livet. Dei mange gravferdsbileta fortel òg om ei tid då avskjeden med livet var noko ein gjorde heime i lag med heile grenda. Dette biletet er frå 1910, frå gravferda til Dorte Pettersborg i Aurdal. (Privat)

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1