Nystøga er den eldste kjende skysstasjonen i Valdres, nemnd i kjeldene frå 1627. Huset vart flytt til Valdres Folkemuseum i 1954. Dei siste somrane har Vennelaget for Valdres Folkemuseum halde Nystøga open. Her kan du få deg ein hyggeleg prat.
STAD: Valdres Folkemuseum
TID: Dei fleste dagane i perioden 8. juli - 1. august 2024 kl. 11.00-15.30
Historia om Nystøga
- 1/4
Nystøga på Filefjell, sett vestfrå. 1871. Knud Knudsen | Universitetsbiblioteket i Bergen - 2/4
Brukaren på Nystøga vart kalla støgomann. Han skulle skaffe husrom og hjelpe folk over fjellet om det trongst. Knut Jonsson Nystuen (1804–1891) kjøpte i 1830 frå kong Karl Johan skysstasjonen og dei enorme fjellviddene rundt med «alle rettar til odel og eige». Han vart kalla «Basen», og han redda mange frå å omkome i fjellet. I 1865 fekk han borgardådsmedaljen i sylv for å ha berga minst sju liv på Filefjell. Ukjend fotograf. - 3/4
Nystøga på Filefjell, sett austfrå. 1880-talet. Det trongst mange hus på dei største skysstasjonane. På slutten av 1800-talet var det fem bygningar på Nystøga. Knud Knudsen | Universitetsbiblioteket i Bergen - 4/4
Nystøga på Valdres Folkemuseum. Den eine bygningen frå Nystøga vart flytt til museet i 1954. Fire år seinare vart dei andre bygningane på Nystøga øydelagde av brann. Anne Marit Noraker