Kven er vi?
Vennelaget for Valdres Folkemuseum har som formål å skapa interesse for Valdres Folkemuseum og det museet står for. Vennelaget arrangerer foredrag som trekkjer folk til museet, og turar som gir folk kunnskap om historia vår, og me støttar opp om arrangementa på museet. Elles arrangerer laget rakedugnad om våren, skaffar folk som kan hjelpe til under arrangement, og held basar.
Laget har per 31. desember 2025 314 medlemmer. Fire gonger i året får medlemmene tilsendt Museumsbodstikka, eit informasjonsblad om aktivitetane i laget og ved museet. Laget sender også ut e-post til alle medlemmer med påminning om kvart arrangement. Medlem kan ein bli ved å sende ein e-post til gunnar@moden.as, eller ved å betala inn kr 250 til konto 2320 31 90131 (NB: Nytt kontonummer frå 2026).
Meir om laget
I Vennelaget for Valdres Folkemuseum kan du finne eit triveleg fellesskap, anten du vil dra på tur med andre historisk interesserte eller oppleva eit dugnadsfellesskap. Fyrste tysdag i kvar månad kl. 11 (bortsett frå juli og august) møtest ein gjeng på basarkafeen, møtestaden der det òg blir skapt gevinstar til basaren. Me har rakedugnad på museet før 17. mai, stand under Rakfiskfestivalen og basar under Skarka. Og ikkje minst har me foredrag og turar der alle er velkomne, anten dei er medlemmer i Vennelaget eller ikkje.
I juli månad sørgjer ofte Vennelaget for at Nystøga er open, ved at «venner» byter på å vera vakt i huset og drive med handverk og/eller kaffiservering.
I 2015 laga Vennelaget eit hefte med kvardagsoppskrifter frå Valdres. Heftet er laga på fem språk (norsk, engelsk, tysk, nederlandsk og fransk), og er å få kjøpt i museumsbutikken, Norli Fagernes, Husfliden Fagernes, Fagernes Landhandel og direkte hos Vennelaget for kr 75.
Vennelaget får inn pengar frå medlemskontingent, møte, gåver, basar, grasrotmidlar og altså sal av oppskriftshefte. I perioden 2006–2025 har Vennelaget overført 1 592 000 kr i gåve til museet. Me har kjøpt stillas og finansiert peisen i nybygget, kosta minglebord, utstillingsmontrar, gjeve tilskot til muren ved inngangen på museet, til nytt låsesystem på museet, flygel i festsalen, istandsetjing av «Peisestuen», ny belysning i festsalen i velkomstbygget, istandsetjing av gamle vindauge på museet, utemøblar, bord og klede som skal nyttast i formidlinga. Nye oppgåver står for tur i 2026.
Programmet for 2026
Foredrag:
Torsdag 30. januar // Årsmøte // Henning Andersen: Gravferdsskikkar i Valdres
Onsdag 18. februar // Bjørn Stendebakken: Rock i Valdres
Måndag 16. mars // Annechen Bahr Bugge: Kvifor et vi som vi gjer i Noreg?
Onsdag 14. oktober // Siv Tove Andersson: Gunhild Bakke
Torsdag 19. november // Dagny Hovi: Sanatoriet på Tonsåsen
Basarkafe: Fyrste tysdag kvar månad heile året, bortsett frå i juli og august.
Rakedugnad:
Stand: På Fagernes byfest og Rakfiskfestivalen
Basar: 6. desember // under førjulsarrangementet Skarke på museet
Kontakt oss
Vil du ha meir informasjon om Vennelaget, kan du ringje til Gunnar Modén, tlf. 924 25 919.
Styret i Vennelaget for 2026-2027
Leiar:
Gunnar Modén
Styremedlemer:
Kristin Bakke Lajord
Solveig Hamre
Ingrid Bolstad
Kjell André Røttervold
Aksel Kopperud
Anne Marit Noraker (museumsrepresentant)
Varamedlemer:
Marianne Straum
Randi Før
Helge Gudheim
Ole Aastad Bråten (personleg vara for museumsrepresentanten)
Valnemd:
Arne Erik Fønhus
Ingrid Meyrick
Einar Asbjørnsen
Basarkafe - fyrste tysdag kvar månad
Vennelaget arrangerer basarkafe på Valdres Folkemuseum fyrste tysdag i kvar månad. Tidspunktet er kl. 11 til 13. Det er ein fin møtestad der alle er velkomne, både dei som lagar gevinstar til den årlege basaren, og dei som vil slå av ein prat. Den årlege vennelagsbasaren går føre seg fyrst i desember. Biletet er take under basarkafeen 1.12.2020 der damene viser fram nokre av dei nær 200 basarpremiane det året.
Har du garn og halvferdige handarbeid liggjande, kan du gjerne levere det til basarkafeen. Der kjem materialet til nytte og blir til nye gevinstar.
Vennelaget vart 25 år i 2025
Valdres Folkemuseum (stifta 1901) var i 100 års-modus i år 2000. Ildsjeler kom med ideen om å opprette eit vennelag, og i september var det stiftingsmøte der dette vart vedteke: «Vennelaget for Valdres Folkemuseum har til formål å arbeide for å fremja Valdres Folkemuseum, ved å auke oppslutninga om museet, gjera meir synleg det museet arbeider med, og støtte opp om arrangementa på museet.»
Etter å ha bygd opp til eit medlemstal på kring 300, overført nær 1,452 millionar til museet i reine kroner, gjennomført eit ukjent tal foredrag og turar, hatt dugnadar, arrangert årleg basar og halde opne sommarhus, så har laget godt og vel oppfylt føremålet sitt. Aktivitetar blir drøfta på årsmøtet kvart år.
Gratulerer med 25 år, alle!