Hopp til hovudinnhald

Vegmuseet ut av forbundet

Norsk Vegmuseum har sidan 1992 vore etatsmuseum i Vegdirektoratet med ei fri og sjølvstendig stilling lik alle andre museum. Etter ei gjennomgripande omorganisering er det slutt på autonomien og direktøren er redusert til lakei i eige hus. Slike museum kan ikkje vere i Museumsforbundet.

Statens vegvesen er eit av landets største forvaltningsorgan. Vegvesenet – og vegane – har endra seg mykje sidan 1850-åra, og i 2020 kom signala om ei større strukturendring.

Vegmuseet, som har plassen sin i denne gigantiske organisasjonsstrukturen, er vande med endringar og tilpassar seg stadig nye verkelegheiter. Men å endre ein struktur er ikkje det same som avvikle institusjonell autonomi. Det er det leiinga i Statens vegvesen no gjer. Mykje står på spel for museet og truverda til den politiske leiinga i Samferdsledepartementet.

Fridomen til kulturlivet og prinsippet om armlengds avstand har vore køyreregel og bibellære i musea sidan midten av 70-talet. Uavhengig av eigarskap og ressurstilgang har prinsippet sikra autonome institusjonar med råderett over eigne ressursar og fagleg utvikling. Slik skal det vere fordi samfunnet anerkjenner musea som brikker i demokratiets infrastruktur. Ved Vegmuseet er denne fridomen truga.

Tidlegare styrde museumsdirektøren her med same mynde som museumsleiarar elles. I dag er han plassert på organisatorisk 3. nivå, fjernt frå dei strategiske samtalane, og utan direkte ansvar og tilgang til organisatoriske beslutningsorgan. Ansvaret sit ikkje lenger hjå museumssjefen, men hjå ein fagfjern direktør på eit nyoppretta organisatorisk 2. nivå. Vegvesenet er på ville vegar.

Dette er ikkje berre langt frå kvardagen til direktørkollegaene elles i Noreg. Det er i strid med nasjonale og internasjonale retningsliner for sektoren. I etiske reglement til det internasjonale museumsforbundet heiter det at «museet skal styrast av ein direkte ansvarleg direktør med direkte tilgang til det høgste beslutningsorganet i organisasjonen». Slik er det ikkje lenger ved Vegmuseet.

Dei etiske retningslinene er styrande for all museumsdrift i Noreg. Det same er norsk politikk og norske forvaltingstradisjonar. Gjennom den nye museumsmeldinga minner regjeringa oss om verdien av uavhengige forskings- og kunnskapsinstitusjonar. Dette er ein tematikk som musea i Noreg er svært oppteken av, og som ein stadig må drøfte med eigarar og økonomiske støttespelarar. Er ikkje Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet opptekne av det same?

Vegmuseet har eit nasjonalt ansvar og ein landsdekkande aktivitet, og har fram til i dag hatt ei overordna rolle for bevaring av nasjonal veghistorie. Ny organisering er vanskeleg foreinleg med denne aktiviteten, og den vil hindre likeverdig og horisontal kommunikasjonen musea i mellom.

Ytringsretten har dårlege vilkår i ei rekke europeiske land. Desse utfordringane viser oss kvifor rammene for kunst- og kulturarbeid må vere frie. I Noreg har vi alle føresetnadar til å forstå kvifor det må vere slik. Men då må i det minste staten gje Vegmuseet den fristilte rolla det var meint å ha.

I 35 år Vegmuseet hatt ei fri stilling innfor veggane til det mektige direktoratet. I dag snakkar museumssjefen til døve øyrer. Vegvesenet og direktoratet forstår ikkje bekymringa, og høyrer knapt nok etter. Og derfor må museumsrørsla bruke hardare lut. Om ikkje Vegvesenet greier å sikre museet fortsatt institusjonell autonomi, må Museumsforbundet vurdere om det skal kaste museet ut av forbundet. For museumsrørsla er det ein trist sorti. For ministeren er det fyrst og fremst pinleg.

Kronikken stod på trykk i Dag og Tid fredag 10. september 2021

  • 1/1
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1