Hopp til hovedinnhold

Vedtekter Valdresmusea

§ 1 Namnet på selskapet er Valdresmusea AS

§ 2 Forretningskontoret til selskapet er i Nord-Aurdal kommune med adresse 2900 Fagernes

§ 3 Formålet til selskapet er å vera regionmuseum for Valdres, og drive og utvikle samlingane ved Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger. Selskapet skal arbeide med forsking, formidling og bevaring av den lokale kulturarven. Formålsparagrafen til ICOM skal leggjast til grunn.

I samsvar med avtale som er inngått med staten ved Kulturdepartementet, skal selskapet ha ansvar for drifta av Norsk institutt for bunad og folkedrakt.

Selskapet kan vidare drive sal av produkt og tenester og utøve annan aktivitet som er samsvarande med hovudformålet. Vidare skal selskapet vera ein aktiv partnar i regional utvikling av reiselivet i Valdres.

Selskapet har ikkje som formål å gje overskot med tanke på aksjeutbytte til eigarane, men eit eventuelt overskot skal førast tilbake til verksemda til beste for hovudformålet.       

§ 4 Aksjekapitalen i selskapet er kr 300 000 fordelt på 100 aksjar à kr 3 000 pålydande namn. Ut over dette skal det skytast inn kr 15 000 til stiftingskostnader.

§ 5 Driftsselskapet skal leiast av eit styre på 5–7 medlem med 3 rangerte varamedlemer for dei aksjonærvalde medlemene. Styremedlemer og varamedlemer skal veljast for to år om gongen. Fyrste driftsår blir 3 medlemer og alle varamedlemer valde for eitt år. Styreleiar blir vald for eitt år. Ein styremedlem med personleg varamedlem skal veljast av og mellom dei tilsette.

Ordførarane i Valdres fungerer som valkomité og dei er ansvarlege for å innhente forslag på kandidatar frå eigarane av dei enkelte institusjonane /samlingane.

Styret er vedtaksført når meir enn halvparten av medlemene er til stades. Ved likt stemmetal har styreleiaren dobbeltstemme.

§ 6 Styreleiar og ein styremedlem teiknar firma i fellesskap. Styret kan melde prokura til dagleg leiar.

§ 7 Omsetjing av aksjar skal avgrensast slik at om ein aksjonær ynskjer å selje, skal dei andre aksjonærane ha forkjøpsrett.

§ 8 Ordinær generalforsamling skal haldast kvart år innan utgangen av mai månad, og skal innkallast med minst 14 dagars varsel. Generalforsamlinga handsamar dei sakene som fylgjer av lov og vedtekter.

§ 9 I generalforsamlinga er Valdres Folkemuseum AS sine stemmer, som tilsvarar 80 % av aksjane (80 aksjar), representerte forholdsvis av representantar frå dei ulike kommunane i Valdres, etter eigardel i Valdres Folkemuseum AS. Kvar enkelt kommune peikar ut sin representant til generalforsamlinga. Stemmefordeling er:

Vang kommune 7. Vestre Slidre kommune 10. Nord-Aurdal kommune 29. Øystre Slidre kommune 14. Sør-Aurdal kommune 14. Etnedal kommune 6.

Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger stemmer kvar for 10 aksjar, til saman 20. Både kommunane og samlingane kan la seg representere ved fullmektig.

§ 10 Selskapsaksjane skal ikkje registrerast i Verdipapirsentralen.

§ 11 Endringar i desse vedtektene som har konsekvensar for det bunad- og folkedraktfaglege arbeidet ved  museet, må godkjennast av Kulturdepartementet så lenge avtalen gjeld.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1