Hopp til hovedinnhold

Valdresvotten

I vinterkalde land har det i all tid vore nødvendig å bruke vottar for å verna seg mot kulde. «Vottr» er eit norrønt ord for vott med tommel. Strikka vottar vart vanleg i Noreg på 1800-talet.​

Stasvottar er det fortsatt bevara mange av både i musea og privat eige, mens arbeidsvottane er borte. I samlingane til Valdresmusea har vi den sokalla «Valdresvotten». På biletet er det ein som er strikka i blått heimespunne tynt ullgarn med broderi. Den har utskrådd ermekrage med frynser rundt kragen. Kor gamal denne votten er og kven som har laga den, veit vi ikkje, men den er veldig lik den som Marit Fosheim skriv om i Valdres bygdebok (nr 5, del 1, side 550). Dette er ein vott som er laga av Berit G. Høve (fødd rundt 1800). Ho fortel at Berit Høve var flink til å binde vottar og sy på dei. Ho skriv vidare at votten er «bøndin tå heimespønne og heimefarga potteblått gådn.  Den er forma som ein riddarhanske o er utsauma mæ raudt, gult o grønt gådn, den har frynso rundt kragin, annakort stykke i raudt og grønt.  Sleke frynso laga dei jedne på eit tvoroskaft, o sydde dei på vøttadn mæ heimespønne lingådn».

Folkelivsgranskaren Eilert Sundt (1817–1875) fortel i «Om Husfliden i Norge» (1867/68) om «en Krøbling som binder Vanter og saumer dem med brogede roser hvorved hun slipper at ligge Fattigvæsenet til Byrde.»

Valdresvotten var i sal frå rundt 1930 i husflidsutsalet på Fagernes. Dei vart strikka av kvinner rundt på bygdene i Valdres og levert til utsalet. Margit Trøen strikka slike for Husfliden heilt til slutten av 1970 talet, og Marit Bergheim var her på museet i 20 år og viste fram til turistar korleis ein lagar slike vottar.

Votten på bilete er veldig lik den som Marit Fosheim omtala i bygdeboka. Kanskje er det same personen som har laga dei?

Avisa Valdres, 2013

Les òg om:
  • VFF 16949
    1/2
    VFF 16949
  • VFF 19777
    2/2
    VFF 19777
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1