Hopp til hovedinnhold

Valdres i tusen år

Seminar

Mykje av den eldste lokalhistoria vart forfatta for 60–80 år sidan. Vi treng derfor ny kunnskap om den historiske hendinga samt perspektiv til feiringa i vår tid. No inviterer Valdresmusea til seminar. 

Vi blir kjende med stormenn i Valdres før kristninga, om militær organisering, tinget og tingordninga, om handel og økonomisk vekst - og om framveksten av ein kyrkjestruktur og ein ny religion. Arrangementet markerer innleiinga for tusenårsjubileet for kristningsferda til Olav heilage gjennom Valdres.

TID: Torsdag 9. februar 2023
STAD: Valdres Folkemuseum, festsalen
ARR: Valdresmusea

Seminaret var del av «Nasjonaljubileet Norge i tusen år».

Illustrasjonen frå Heimskringla er teikna av Gerhard Munthe, 1899.

Fekk du ikkje med deg seminaret? Alle foredraga vart filma.

PROGRAM

09.30 Kaffi, frukt og kake

09.45 Kunstnarisk innslag v/Ole Kristian Nyhagen​

09.55 Opning v/Ole Aastad Bråten og Frode Rolandsgard

10.00 Jarn i Valdres v/Kjetil Loftsgarden, fyrsteamanuensis ved Kulturhistorisk Museum, Universitetet i Oslo. Han vil snakke om framstillinga av jern og korleis ressursane i Innlandet vart integrerte i den nasjonale og internasjonale økonomien i vikingtida og mellomalderen. Sjå foredraget her

11.00 Funn frå vikingtida i Valdres v/Jan Henning Larsen, professor emeritus ved Kulturhistorisk Museum, Universitetet i Oslo. Han har lang erfaring frå utgravingar på Sør- og Austlandet. Larsen vil snakke om funna frå vikingtid i Valdres og kva desse funna fortel om busetting, erverv, kontaktområde og maktsentrum. Sjå foredraget her

12.00 Nye arkeologiske oppdagingar i Valdres v/Nina Sofie Hildre, arkeolog ved Kulturarvseksjonen i Innlandet fylkeskommune. Hildre har brei erfaring frå kulturmiljøforvalting og formidling av kulturarv i Innlandet. På seminaret vil ho vise korleis dei seinaste arkeologiske funna kan gje nye perspektiv til Valdreshistoria. Sjå foredraget her

13.00 Lunsj

13.45 Ting- og forsvarsordning i Valdres v/Marie Ødegaard, fyrsteamanuensis i arkeologi ved Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger. Ho vil snakke om retts- og forsvarssystemet i Valdres i tida før og etter kristninga. Sjå foredraget her

14.45 Vangssteinen som historisk kjelde v/Bjørn Bandlien, professor i eldre historie ved Universitetet i Sørøst-Norge. Bandlien vil snakke om Vangssteinen – ein gamal runestein som kan knytast til kristningsperioden – og kva denne steinen kan fortelje om tidlegkontakt med Europa. Sjå foredraget her

15.45 Kaffi

16.00 Valdres og den nye religionen v/Jan Brendalsmo, dr.philos. og tidlegare seniorforskar ved Norsk institutt for kulturminneforsking. Kva gjorde valdrisane etter at dei hadde tatt imot kristentrua og lova bot og betring? Kva slags kyrkjer bygde kongen, kven bygde dei øvrige kyrkjene, og korleis stelte folket seg til den nye religionen? Sjå foredraget her

17.00 Organiseringa av kyrkja v/Hilde Inntjore, dekan ved Universitetet i Agder. Inntjore vil snakke om delinga av Bergen bispedømme og etableringa av Stavanger bispedømme. Ho vil legge særleg vekt på ideologiske og religiøse aspekt ved kristninga og utbygginga av ein kyrkjeorganisasjon. Sjå foredraget her

18.00 Avslutning

  • 1/4
    Tingsteinen i Slidre, foto: Anne Marit Noraker
  • 2/4
    Einangsteinen, frå Sophus Bugges artikkel til Videnskabs-selskapet i Christiania aar 1872.
  • 3/4
    Vangssteinen, skissa er henta frå Vang historielag si nettside.
  • 4/4
Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1