Hopp til hovudinnhald

Tillit, ting og tid

Nye takter for museumssektoren

Fredag før påske la kulturminister Abid Raja (V) fram den nye museumsmeldinga; St.meld. 23 (2020–2021) – Musea i samfunnet – Tillit, ting og tid. Her skisserer Raja opp mål og retning for korleis styres-maktene ønskjer at norske museum skal arbeide i åra som kjem. Her er mykje interessant lesing, mellom anna ynsket om tettare samspel mellom musea og samfunnet elles.

Forholdet mellom kultursektoren og styresmaktene har vore diskutert. Forslaget om ein museumslov er ikkje foreslått i meldinga, men styresmaktene vil lovfeste prinsippet om armlengds avstand. Dette er ein viktig køyreregel i forholdet mellom kultursektoren og styresmaktene. Kort fortalt inneber det at dei som gir driftstilskot til musea, ikkje kan dirigere innhaldet i arbeidet ved musea. Men med pengar frå staten og brei tillit frå folket følgjer stort ansvar. Den nye meldinga set tydelege rapporteringsmål, og vi kan like det vi les.

Hovudpunkta i meldinga handlar om at musea skal bidra til solid kunnskapsproduksjon, god og relevant formidling, heilskapleg samlingsutvikling, vern og vidareføring av kulturarven og aktiv samhandling med aktørar i og utanfor museumsfeltet. Meldinga seier musea skal gi rom for mangfald, hindre utanforskap og knyte menneske tettare saman. Det er store ord, og det er ord som ikkje berre bør bety noko for korleis vi arbeider på musea. Dette er også ord vi håper kan gi gjenklang i liva til innbyggjarar, deltidsinnbyggjarar og tilreisande i Valdres.

Solid, relevant og heilskapleg

I den nye museumsmeldinga går regjeringa sine tankar om mangfaldet att som ein raud tråd – og her handlar mangfald om meir enn minoritetar. Historia skal ikkje vera for dei få, den skal vera for og om oss alle. Dette er mål som fell som hand i hanske med det vi ved Valdresmusea ivrar for kvar dag. Som regjeringa er vi opptekne av å nå alle slags folk, fysisk eller digitalt, uavhengig av kvar dei bur eller kva for funksjonsnivå dei måtte ha. Vi ønsker å nå barn og unge uavhengig av kva for økonomi, interesse eller kunnskap foreldra måtte ha.

Mangfaldsarbeidet handlar ikkje berre om kven som besøker eller bruker musea, men også om kva vi som museumsfolk dokumenterer, stiller ut eller fortel. Sjølv om ressursane til dette arbeidet kunne ha vore større, har vi dei seinare åra likevel greidd å sleppe til nye stemmer, perspektiv og erfaringar som tradisjonelt ikkje har blitt fanga opp i museumsarbeidet. Som døme kan vi nemne prosjektet Dei store forteljingane, foredrag med teiknspråktolk og seminar om skeiv bygdehistorie. Til dei nye utstillingane hentar vi fram samiske ski og vel bort foto av klassiske spelemanns-positurar til fordel for eit foto av spelemannen Knut Olsson Melby (1823–1904) – som vaks opp utan føter. Årleg skipar vi til over hundre opne arrangement og i eit normalår har vi nær 60 000 besøkande. I tillegg legg vi som alle andre meir vekt på digital formidling og samhandling enn før.

Musea skal bli forskande kunnskapsinstitusjonar. I meldinga manar ein musea til tettare samspel med eksterne forskarmiljø, til dømes ved å etablere nye stipendiatstillingar. Dette er tiltak vi helsar varmt velkomen. I Valdresmusea sin nye strategi er støling og hyttekultur lagt til som nytt satsingsområde. I tida framover er dette eit tema vi vil forske meir på. Kven skal i framtida forvalte sårbare naturområde og korleis har samspelet mellom fastbuande og tilreisande endra seg?

Trygg ivaretaking av kulturarven

Meldinga gir også bod om at musea må ha som mål å ta vare på kulturarven på ein trygg måte. Dette har høyrt til museumsoppdraga i alle år, men her har driftstilskotet ikkje stått i forhald til oppgåvene.  Regjeringa seier Kulturdepartementet (KUD) vil koma med ei særleg satsing på heilskapleg ivaretaking av bygningsarven. Her viser departementet reell vilje til å følgje opp det store kartleggingsarbeidet som vart gjort i 2019 og 2020 – og som viste at etterslepet med vedlikehald av bygningssamlingane i norske museum låg på 3 milliardar kroner. Så er spørsmålet om KUD følgjer opp med pengar. Valdresmusea forvaltar eitt av landets største friluftsmuseum og har eit stort etterslep av antikvarisk vedlikehald. Vått klima skapar òg nye problem. Bygningssamlinga i Valdres er stor, og driftsmidlane utgjer berre halvparten av det museum i vår storleik skulle trenge, ifølgje Kulturrådet. Valdresmusea tek eit stort ansvar i arbeidet med å bygge haldningar og å sikre rekruttering til bygningsvernet – og vi vil halde fram denne innsatsen. I dette arbeidet utgjer bygningane våre ein stor ressurs. Sjeldne er dei òg, særleg dei som høyrer til ein stølskultur. Vi har no akutte behov for auka ressursar til vedlikehald av eigne bygningar. 15 av 70 hus har taklekkasjar. No håper vi at signala i den nye museumsmeldinga vil føre til auka løyvingar på dette området.

Arbeidet med kunnskapsoverføring og immateriell kulturarv får òg fornya styrke, og langt på veg kan vi lese Valdresmusea og Norsk institutt for bunad og folkedrakt sin innsats inn i desse kapitla. Det er òg gledeleg. Meldinga melder om eit særleg løft for kystkulturen, kunstarbeidet i nord, dei samiske musea og ei overflytting av forsvarets museum til Kulturdepartementet. Om det siste får følgjer for det vidare arbeidet med Bagnsbergatn veit vi ikkje. Bagnsbergatn er korkje museum eller i offentleg eige, men ny oppstart for freding vart melding denne veka, så kanskje er det håp om at garden kan finne plassen sin i KUD sine støtteordningar ein gong i framtida.

Aktiv samhandling

Regjeringa helsar òg velkomen eit større spekter av samarbeid, også med institusjonar utanfor musea. Det er bra, og noko vi i Valdres har vore opptekne av lenge, både for fagleg og økonomisk utvikling. Ein nemner eksplisitt samarbeidet med reiselivet, museumsnettverka, utdanningsinstitusjonane, næringslivet og lokalsamfunnet. Dette utoverretta perspektivet har vi lange tradisjonar for i Valdres.

Meldinga inviterer òg til tettare samarbeid med arkivsektoren. Det er svært gode nyheiter til museet som sidan 80-talet har lagt store ressursar i arkivarbeid gjennom Opplandsarkivet. «Mange museer spiller en viktig rolle for bevaring av sentrale arkiver med både lokal, nasjonal og global betydning», seier Raja. Som døme på dette har Valdresmusea spelt ei vitig rolle i arbeidet med å få på plass eit nytt fagsystem for lydarkiva. I dialogmøte med Nasjonalbiblioteket og KUD i september i fjor vart det gjort greie for dette arbeidet. Vi får tru at det no også kjem pengar til eit slik system.

Grunnlaget for vår felles danning

Museumsmeldinga skisserer opp ein større himmel som synleggjer kvifor det musea driv med er viktig. For musea er ikkje fornøyelsesparkar og formidlinga skal ikkje vere lett underhaldning. Musea skal gi oss grunnlag til betre å forstå oss sjølve – både kven vi er – og vil vere. Musea skal røre ved kjernen i det å vere menneske; å få kjenne tilhøyr og samhald uavhengig av kva slags historie ein dreg med seg. Dei største overgrepa skjer når menneska mistar retten til å skrive sine eigne historier. Derfor opnar vi opp for eit endå større mangfald av historier og forteljingar. Historie og kulturarv er ein demokratisk rett. Musea bidreg i forvaltinga av denne retten.

Valdresmusea får gode skudsmål – frå bransjen og styresmaktene. Framover skal vi gjere det vi kan for å sikre og vidareføre både lokal og nasjonal kulturarv. Vi skal opne auga for eit endå større mangfald og samarbeida med institusjonslivet utanfor museumsskigarden skal bli fleire. Så får vi håpe at dei gode signala frå departementet også blir følgd opp med pengar.

Fagermes, 30. mars 2021

  • 1/2
    Mangfaldsarbeidet handlar ikkje berre om kven som besøker eller bruker musea, men også om kva vi som museumsfolk dokumenterer, stiller ut eller fortel. I dei historiske arkiva finn vi knapt spor etter folk som har synlege funksjonsnedsettingar – sjølv om vi veit at dei fanst. Til dei nye utstillingane vel vi difor bort foto av klassiske spelemanns-positurar til fordel for eit foto av spelemannen Knut Olsson Melby (1823–1904) – som vaks opp utan føter. Ukjent fotograf. VFF 16-001988.
  • 2/2
    Som regjeringa er vi opptekne av å nå alle slags folk, fysisk eller digitalt, uavhengig av kvar dei bur eller kva for funksjonsnivå dei måtte ha. Foto: Anne Marit Noraker.
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1