Hopp til hovudinnhald

Tilgjengelegheit

Praktisk om besøket

Velkomstbygget Anne-Marte Før

Besøksinformasjon

Velkomen til museet!
Valdres Folkemuseum skal vere eit ope og inkluderande museum, tilgjengeleg for alle. På denne sida finn du informasjon som skal trygge besøket ditt. Ring gjerne dersom du er usikker eller har spørsmål i forkant av eit besøk. Vi svarar så godt vi kan. 

Vegen hit
Les om korleis du kjem deg til Valdres Folkemuseum her.

Parkering
Fleire av parkeringsplassane på Valdres Folkemuseum er merka for handicapparkering. Som oftast er det ledig plass her. Dersom det likevel skulle vere fullt, er det mogleg å parkere i parken i Fagernes sentrum eller ved bensinstasjonen ved innkøyringa til Fagernes.

Oppbevaringsmoglegheiter
Vi har diverre ikkje oppbevaringsskåp for publikum, men det er mogleg å henge frå seg yttertøy på eige ansvar i garderoben utanfor toaletta og festsalen.

Toalettar og stellebord
Toaletta på Valdres Folkemuseum er i Velkomstbygget, mellom museumsbutikken og kafeen. Handicaptoalettet er utstyrt med stellebord. 

Wifi
Museet har gratis wifi DigitaltMuseum. Spør i resepsjonen for passord.

Hundar
Hundar i band er velkomne på museet. Førarhundar og assistenthundar er velkomne også inn. Vi er takksame om du gir beskjed til resepsjonen ved ankomst.

Mat
Kafeen har oversikt med matallergener i all mat dei serverer.

Røykfritt
I friluftsmusea er det ikkje lov å røyke, grille eller nytte faklar. Vi gjer det vi kan for å sikre oss mot brann, og har eit godt samarbeid med det lokale brannvesenet.

Fotografering
Du må gjerne fotografere i utstillingane og i dei antikvariske husa, men vi ber deg slå av blitsen på kameraet først. Tagg gjerne Valdresmusea om du deler bilete i sosiale medium. Profesjonelle produksjonsselskap, reklamebyrå eller andre fotografar som ønskjer å bruke lokasjonane våre, blir bedne om å ta kontakt på info@valdres.museum.no.

Tilgjengelegheit

Følgje
Det er gratis inngang for ledsagarar. 

Rullestol
Uteområdet er delvis kupert og har varierande grad av tilgang. Det går turvegar med fast grusdekke gjennom store delar av området og fram til bygningane. Vegane er i hovudsak eigna for rullestolbrukarar, men enkelte strekningar er likevel bratte og utilgjengelege.

På Valdres Folkemuseum er utstillingane og kafeen tilrettelagt for rullestol. Slidrehuset har rampe, og amfiet har eigne rullestolplassar. Vi har er ein enkel rullestol tilgjengeleg for utlån, spør i resepsjonen.

På Bagn Bygdesamling er også utstillingane tilrettelagt for rullestol.

Nedsett hørsel og syn
Skilt og informasjonsmateriell har tydelege konstrastar. Under arrangement i festsalen på Valdres Folkemuseum nyttar vi som hovudregel lydanlegg og teleslynge. 

Dei fleste antikvariske hus har høge dørtersklar som gjer at det kan vere vanskeleg å kome inn. I nokre hus er belysinga avgrensa. Personar med nedsett syn vert tilrådde å ha med ledsagar når ein skal inn i dei gamle husa.

Tilpassa omvising
Har du bruk for hjelp? Vi tilpassar oss gjerne behovet ditt, og tilrettelegg både omvisningar og undervising.

Spørsmål?
Kontakt oss på telefon +47 613 59 900.

Museet funkar ikkje om ikkje alle kjenner seg heime i det

Valdresmusea arbeider for at både anlegga og aktivitetane våre skal vere tilgjengelege for alle. Vi er ikkje i mål, men arbeider kontinuerleg for å redusere fysiske og sosiale barrierar. I samarbeid med Kulturdirektoratet, Brukarrådet i Nord-Aurdal kommune og Beitostølen helsesportsenter har vi gjennomført fleire tiltak. Valdresmusea er også med i INKLU-prosjektet, ei regional satsing der målet er å gjere Valdres til landets mest tilgjengelege reisemål og lokalsamfunn for alle, uansett funksjonsnivå.

Kulturell deltaking handlar likevel om meir enn fysisk tilgjenge. For somme kan dørstokken til museum og kulturinstitusjonar vere høg fordi historia deira har vore prega av utanforskap, stigmatisering eller manglande representasjon. Valdresmusea arbeider derfor aktivt for å skape engasjement, tilhøyrsle og eigarskap til kulturarven blant alle grupper i samfunnet. Vi meiner at kulturell deltaking er ein demokratisk rett, og ønskjer å vere eit ope og inkluderande museum der alle kjenner seg velkomne.