Hopp til hovedinnhold

Til Margit

Konsert til minne om Margit Sandemo (1924-2018)

Då Margit Sandemo gjekk bort 1. september i 2018, forsvann ein bauta og ei nybrottskvinne blant den norske forfattarskapen. I dag straumar minna på, men ikkje berre om ein fargerik historieforteljar. For, Margit sitt engasjement strakk seg så mykje lenger enn til bøkene. På 60- og 70-talet hadde ho eit særleg engasjement for ungdomen i Valdres, mellom anna som initiativtakar for viseklubben Kaos og dansegruppa Fjellfolket.

I konserten 5. oktober inviterer vi til gjensyn av menneske og musikk frå den gongen, frå Kaos og Fjellfolket – og vi møter utøvarar som Hege Tunaal, Steinar Ofsdal, Knut, Karin og Elin Biribakken, Kjetil Kjelle, Terje Madsen, Kari Hagaseth og mange fleire.

Konserten er gratis!

Valdres Folkemuseum, 5. oktober 2019 kl 18.00.

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1