Hopp til hovudinnhald

Tias Eckhoff

Tias Eckhoff (1926–2016) frå Valdres var kjend som ein av dei fremste industridesignarane i landet i meir enn seks tiår. Med åra har ei rekkje av produkta hans blitt allemannseige og designklassikarar både i Noreg og i utlandet. Mange veit at dei har dekt på med porselensservise eller brukt stålbestikk som Eckhoff har formgjeve. Endå fleire har truleg halde i ein nøkkel, teke i ein dørvridar eller sete på ein stol som han har formgjeve. Han har designa produkt både for heimen og for offentlege rom.

Alt Tias Eckhoff gjorde var prega av å vere solid og gjennomarbeidd. Eit produkt med godt design kombinerer det funksjonelle med det praktiske, estetiske, ergonomiske og økonomiske, og tek omsyn til miljøet. Det er mange omsyn å ta, og behov og marknad må òg analyserast. Han var ikkje berre oppteken av sluttproduktet, men òg at sjølve produksjonen gjekk føre seg så rasjonelt og økonomisk som mogeleg. Mange gonger måtte han lage produksjonsverktøyet for produktet han designa sjølv. Mantraet hans var grannsemd utan snarvegar, og ei rekkje gonger peika han på det store ansvaret som låg i blyanten for ein designar.

Det var keramikken som vart inngangen til industridesign for Tias Eckhoff; det keramiske materialet opptok han allereie i studietida på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole (SHKS). I 1949 vart Tias Eckhoff tilsett på Porsgrunds Porselænsfabrik, og der teikna han ei rekkje servise. I 1953 vart han kunstnarisk leiar ved porselensfabrikken, og same året byrja han på ei langvarig verksemd i bestikkproduksjon. Det året vann han ein internasjonal konkurranse om sølvbestikk med Cypress, då det verdsskjende firmaet Georg Jensens Sølvsmedie feira femtiårsjubileum. Cypress var det første av i alt åtte bestikk. Som industridesignar gjekk ferda frå utforming av nøklar, dørvridarar og kaffikjelar vidare til møblar, og alt var funksjonelt, estetisk, ergonomisk og økonomisk utforma.

Tias Eckhoff har motteke ei rekkje prisar og utmerkingar sidan 1950-talet, m.a. «Lunning-prisen» i 1953, fleire gullmedaljar ved triennalane i Milano, «Jacob-prisen» i 1974, «Merket for god design» i 1990, og i 2007 vart Tias Eckhoff utnemnt til kommandør av St. Olavs Orden. Arbeida hans er representerte ved fleire norske og internasjonale museum og er selde i meir enn 70 land.

--

Publisert 16.3.2020

_______

Tias Eckhoff debuterte på Porsgrunds Porselænsfabrik med serviset «Det riflede» i 1950, og det vart lansert i 1952. Utgangspunktet for kaffi- og teserviset var Eckhoff si diplomoppgåve frå SHKS. Etter avslutta studium hadde Eckhoff hatt eit hospitantopphald på keramikkverkstaden Saxbo i Danmark. Her fekk han ei unik forståing for det keramiske materialet, for eigenskapane i det og ikkje minst for glasurar. Desse røynslene tok han med seg til Porsgrunds Porselænsfabrik og formgjevinga der. Serviset «Det riflede» var tynt, høgbrent feltspatporselen, og det vart utforma slik at det vart vakkert, funksjonelt og økonomisk å lage.Særpreget var det glansfulle og transparente porselensgodset, særleg i dei effektane ein kan få til med variasjon i tjukkleik og overflate. Dei radiære rillene utgjer det dekorative elementet; eigenarten i porselenet og mogelegheitene i materialet var dekor nok.

Til liks med Konrad Galaaens «Spire» frå same året, ville Eckhoff med «Det riflede» utnytte dei mogelegheitene som ligg i transparensen i porselensmaterialet. Serviset vann gullmedalje på triennalen i Milano i 1954. Attmed det eldfaste «Glohane» frå 1955 har «Det riflede» blitt ståande som det mest omtala av servisa til Eckhoff og har blitt eitt av dei fremste døma på utsøkt servisedesign i Scandinavian Design-tradisjonen.

_______

Serviset «Glohane» var svaret då Porsgrunds Porselænsfabrik trong fyllgods i produksjonen av sanitærutstyr. Stabling av dei store formene på vogner i tunnelomnane gav mykje unytta tomrom under dei kostbare brenningane. «Glohane», produsert frå 1955, vart stabla i tomromma mellom sanitærporselen for å utnytte produksjonskapasiteten betre. Servisedelane var eldfaste og var lette å stable og lagre, og såleis var serviset ideelt som kvardagsservise. Eckhoff skar ned på talet på delar, og nokre av delane kunne brukast på fleire vis. Lokkfata kunne brukast både som eldfaste former og som serveringsfat, og kaffikanna kunne setjast rett på kokeplata. Alt dette var ein viktig del av den «praktiske» profilen åt serviset. Konseptet frå omn til bord kom opphavleg frå USA, men på dette tidspunktet var dette heilt nytt i Noreg. Delane var karakteristiske for samtida, med den mjuke lineføringa frå 1950-åra, særleg synleg i terrinen og smørsmeltaren. Serviset var ikkje dekorert ut over dei sterke glasurletene i gult, blått og svart.

_______

«Maya» var det fjerde av i alt åtte bestikk som Tias Eckhoff designa. Heile eventyret byrja i Danmark med bestikkserien «Cypress» for den danske gullsmedprodusenten Georg Jensen. «Cypress» vart følgt av tre bestikk for Dansk Knivfabrik: «Eckhoff», «Opus» og «Fuga». Det første norskproduserte bestikket var «Maya», produsert frå 1960 av Bergens-firmaet Norsk Stålpress A/S. Samarbeidet mellom Tias Eckhoff og den norske bestikkprodusenten vart fruktbart og resulterte i heile fire bestikk: «Maya», «Una», «Tiki» og «Chaco». «Maya» vart ein langliva klassikar som i dag blir produsert av danske Stelton.

«Maya» er eit litt kraftig bestikk med avsmalna skaft og avrunda hjørne. Det er langt kraftigare i forma enn bestikka som Eckhoff designa nokre år tidlegare for dei danske bestikkprodusentane. Den litt breie forma krev litt meir materiale, og Eckhoff fann fram til ein rimeleg produksjonsteknikk. Når delane blir utstansa frå stålplata, ligg kvar del «andføttes» inntil kvarandre, slik at så lite materiale som mogeleg går til spille. I år 2000 vart det lansert ein oppgradert versjon av bestikket.

_________

Kaffikjelen som Tias Eckhoff designa for Halden Alminiumvarefabrikk, fekk ein designpris i 1965. Det var ein robust, tjukkbotna kanne, laga av éi aluminiumsplate som vart pressa opp i eitt stykke og seinare handforma på trykkbenken. Lokk og hank var av kunststoffmaterialet makrolon. På grunn av framstillingsteknikken fekk ikkje kaffikjelen andre skøytar enn ved tuten.

Kjelen kom til liv att gjennom eit samarbeid mellom Sigrid Eckhoff, dotter hans, og kaffiekspert Ola Brattås. Brattås hadde kunnskap og idéar om korleis ein enkelt og kaffiteknisk god måte kunne oppnå det perfekte brygget på kanna. Sigrid Eckhoff, som sjølv er ein namngjeten industridesignar, fekk ei vanskeleg oppgåve då ho skulle betre designet åt far sin og samstundes ta omsyn til kaffieksperten og idéane hans. Ho tok utfordringa med velsigning frå faren Tias Eckhoff.

«The Tias Kettle» vart lansert i 2017. Han er produsert i rustfritt stål og er litt større enn den opphavlege kjelen og kanskje endå meir funksjonell; han er lett å halde rein og kan brukast på alle varmekjelder. Funksjonalitet og estetikk i høgsetet er heilt i Tias Eckhoffs ånd.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1