Hopp til hovudinnhald

Tankar om eit smakstyranni

30 år med einsidig rettleiing i byggjeskikk

På 1980-talet var det mange kommunar som utarbeidde lokale rettleiarar for god byggjeskikk. Desse oppmuntra til ein romantisk, brunbeisa byggjeskikknostalgi. I dag manar dei til det motsette. Sjølv modernistisk arkitektur blir omtala som byggjeskikk. Kva er byggjeskikk no, om alt er byggjeskikk?

Sivilarkitekt og nestor i byggjeskikkforsking Ketil Kiran, har i mange samanhengar gjort greie for kva han meiner om byggjeskikkrettleiing i Noreg: ingenting tener byggjeskikken mindre enn byggjeskikkrettleiarane.[1] Korleis er dette mogleg når hensikta med rettleiarane har vore det motsette?

Dei fyrste rettleiarane retta hard kritikk mot den modernistiske arkitekturen, og dei var tidstypiske korrektiv til utbyggjarar som ikkje tok omsyn til eldre, lokal byggjeskikk. Sidan byrjinga av 2000-talet har det skjedd ei endring i skrivinga av rettleiarane, som no stør seg til dei breie, vidopne kulturomgrepa og erkjenninga av eit kulturelt mangfald.

Reaksjon på kulturendring

Kunsthistorikaren Hild Sørby tek for seg omgrepet byggjeskikk i boka Klar – ferdig – hus (Sørby 1992:157), og seier at debatten om byggjeskikk for alvor skaut fart frå siste halvdel av 1970-talet. Det var særleg ferdighusa og den internasjonale arkitekturen som representerte trusselen mot den lokale byggjeskikken. Tendensen såg ein overalt, og han var samanfallande med generell skepsis mot globalisme som samfunnsform og modernisme som stilretning. Verda var øydeleggjande, og den internasjonale arkitekturen tok ingen omsyn til lokal, stadeigen bygningskultur, meinte mange.

Nasjonale kulturmeldingar har sidan 1970-talet gjort greie for konsekvensane av omfattande kultur- og samfunnsendring. Tidleg i denne prosessen vart kulturminnevernet og byggjeskikken ofte omtala – som viktigare enn før. Heilt sentralt stod kulturminna, som skulle gje stabilitet, samanheng og identitet. Historiske minne vart motgifta mot samtidshistorisk forandring.[2] Same tenking låg til grunn i arbeidet med dei fyrste byggjeskikkrettleiarane. Rehabiliterte laftehus og småruta vindauge skulle vere kuren mot den upersonlege, internasjonale arkitekturen. Rettleiarane vart det viktigaste verktyet ved bygging og estetisering av heim og lokalmiljø. Modernismen og ferdighusbransjen skulle til livs.

Modernismen møter motstand

Kritikarane av den modernistiske arkitekturen meinte denne bar i seg ein generell uvilje mot ornamenta. Modernismen synte forakt for historisk forankring og gav ikkje rom for individuell fridom eller folkeleg kreativitet, slik ein kunne sjå i den eldre byggjeskikken. Då var det betre å søkje inspirasjon i gamle hus og urørde kulturlandskap. Her kunne ein finne både røter, identitet og lokalhistorie. Nostalgirørsla representerte ei heilomvending.

Men kritikken mot den forflata modernismen fortona seg ikkje berre som eit folkeleg, nostalgisk svermeri. Også innafor den internasjonale arkitekturen såg ein på 1980-talet større interesse for historiske stilar. Kunsthistorikaren David Watkin oppsummerer kritikken mot modernismen, og seier at han øydela menneskeverdet, var destruktiv, og mangla poetiske og historiske referansar. I tillegg truga han menneska i deira søking etter identitet og stabilitet.[3]  

”The presence of the Past” vart den arkitektoniske overskrifta dei neste 20 åra, og internasjonalt såg ein gjenføding av klassisistisk arkitektur, i friskt samspel med moderne materiale og formkjensle. Men den nye historiserande arkitekturen kommuniserte ikkje berre som ein sørgmodig motpastoral:

”Ein postmoderne bygning er dobbeltkommuniserande – moderne og nyskapande, og det stikk motsette: revitalisert, lokal, kommersiell og metaforisk. Postmoderne bygningar kommuniserer gjerne på to nivå til same tid: til arkitektar og til ein elite med evner til å kjenne att subtile distinksjonar av raskt omskiftande kodespråk, og til heilt vanlege folk som berre ynskjer å glede seg over det vakre.”[4]  

Internasjonalt gjekk arkitekturvendinga under namnet postmodernisme, som ifylgje David Watkin var to ting på ein gong: moderne og distingvert for ein intellektuell elite med interesse for distinksjonens kunst. For resten av folkehopen, med appetitt for kulisseri og fortidsstaffasje, var postmodernismen ikkje anna enn fornøyeleg, plump og kommersiell.

Kunsthistorikaren Siri Lexau skriv i boka Norsk arkitekturhistorie om postmodernismen i Noreg. Ho seier at han kom som ein reaksjon på den einsidige modernismen, men at overgangen i Noreg var meir glidande. Motstanden mot modernistisk arkitektur og planlegging kom fyrst nedanfrå, frå folk flest. Derfor er det innafor bustadbygginga ein ser dei fyrste resultata av ein norsk postmodernisme, seier ho. Det same har Hild Sørby merka seg, sjølv om ho bruker omgrepet nostalgi i staden for postmodernisme om fenomenet i folkeleg forstand. Innafor ferdighusbransjen, til dømes, hadde ein sett dei same tendensane i lang tid allereie. Her hadde ein ikkje snakka om internasjonal postmodernisme eller revitalisering av vestleg klassisisme, men om det romantiske og det tradisjonelle huset. Folket tørsta etter søyler, sprosser og glaserte takstein, og ferdighuskatalogane opna dørene – til det vakre og dekorative, og til eit spekter av historiserande bustadtypar. Dei estetiske ideala frå modernismen var definitivt forbi.

Kritiske rettleiarar

Dei same ideane låg til grunn for arbeidet med dei nye byggjeskikkrettleiarane. Utgangspunktet var om lag det same – å gjere bustadbygging til noko meir enn eit spørsmål om funksjon og økonomi. Målet var å gjenskape den figurale dimensjonen og gje huset meiningsinnhald gjennom bruk av historiske, kjende former og symbol.

Men rettleiarane bar i seg ein kritikk. Trass i at romantisk ferdighusnostalgi og internasjonal postmodernisme var populært, heldt rettleiarane fram med klagemålet om at typehusprodusentane spesielt og arkitekturen generelt utgjorde eit trugsmål mot den gamle, norske byggjeskikken. Kritikken grunna i usemje om referansegrunnlaget. Der ferdighusbransjen tok i bruk internasjonale dekorative element som romerske søyler og franske karnapp, fann byggjeskikkrettleiarane dei historiske referansane i den norske bygningskulturen. 

Dei fyrste rettleiarane mana til at tenking omkring og utforming av den nye byggjeskikken skulle skje på tuftene av ein eldre, norsk byggjeskikk. Inspirasjonspila peika i retning av den før-industrielle bygningskulturen. Vidareføring av eldre bustadformer og materiallikskap vart sentrale prinsipp for ein ny type hus, som seinare gjekk under namnet ”byggjeskikkarkitektur”. Arkitekt Rune Urne var på 1980-talet ein viktig leverandør av ein slik arkitektur – som foreinte eldre, lokal byggjeskikk og moderne formkjensle. Fagernes Lufthamn og bustadhus som er signerte Rune Urne, er døme på bygningar ikledde ein ”regional bunad”, med referansar til austnorske laftehus og vestlandske panelhus. Og materiala var, no som då: tre, torv, skifer og stein.

Rune Urne og byggjeskikkarkitekturen er gode representantar for den arkitekturvendinga Hild Sørby meiner gjorde seg gjeldande frå 1980-talet. Ikkje alle forstod forankringa mellom eldre, lokal byggjeskikk og den nye, moderne byggjeskikkarkitekturen, for former og detaljar i eldre hus var stort sett til gjenstand for intellektuell tolking og abstraksjon. Kopiering eller etterlikning av eldre hus var det ikkje snakk om.

Eldre byggjeskikk som stil – døme frå Valdres

I perioden 1990—1997 vart det produsert byggjeskikkrettleiarar for alle dei seks Valdres-kommunane. Desse skulle dokumentere hus som var bygde før 1900, og gje enkle råd om vedlikehald av eldre bygningar. I ein av kommunane vart det sett ned ei faggruppe som skulle drive haldningsskapande arbeid om kulturlandskap og byggjeskikk. Dette arbeidet resulterte i eit hefte som tok for seg dei to omgrepa, og som gav råd om tilpassing av moderne hus i eldre bygningsmiljø. Eldre byggjeskikk vart omtala som ”lokalt eller regionalt særpreg”, i motsetning til byggjeskikken i dag, som er ”lik overalt”.

Nemningane ”eldre byggjeskikk” og ”byggjeskikk i dag” skulle tyde på at ein ynskte å gje byggjeskikkomgrepet relevans til både ny og gamal bygningskultur. Faggruppa tolka heller ikkje omgrepet som eit statisk og urørleg stiluttrykk, men synte at byggjeskikk er noko som stadig endrar seg. Så tok ein for seg den historiske utviklinga, og presenterte mangfaldet av eldre byggjeskikkar i stil og konstruksjon, før ein gjekk laus på avsnittet ”nybygg/restaurering i eksisterande bygningsmiljø”. I motsetning til det allereie definerte byggjeskikkomgrepet gav faggruppa signal om at eldre bygningskultur skulle vere rettesnor for utforminga av nye hus. Bileteksempla synte då også typisk byggjeskikkarkitektur med umiskjennelege referansar til eldre norsk byggjeskikk – laftehus og panelhus, stabbur og loft. Moderne byggjeskikk syntest dermed å vere eit normativt sjangeromgrep med klåre form- og stiluttrykk.

Kommunale planar i Lom og Vågå

Resultatet av slik tenking ser vi andre stader i landet òg. Lom og Vågå er fremst i rekka av bygdebyar som sidan 1990-talet har fornekta mangfald, endringsvilje og historisk forankring til den internasjonale arkitekturen, som ibuande eigenskapar i den lokale byggjeskikken. I ein artikkel i Fortidsvern nr. 2/2007 er stipendiat i byggjeskikk, Morten Krogstad, kritisk til kommunar som ikkje tek omsyn til eldre byggjeskikk i utforminga av byar og tettstader. Men, Krogstad sine forslag til løysingar illustrerer ikkje anna enn manglande kunnskap om endringsvilje og variasjon som historiske realitetar. Kulturskribent Bjørn Hatterud kritiserer den same Krogstad i Syn og Segn nr. 1/2009, og omtalar Krogstad sine synspunkt som: ”elitistisk bortvisking av minne om folkeleg frigjering. Framveksten og moderniseringa av tettstadane var jo eit kjempeframsteg for dei fleste på bygdene.”[5]

Morten Krogstad kritiserer fyrst og fremst reguleringsplanane frå 1960- og 70-åra, som ikkje tok omsyn til det han definerer som kulturhistoriske ankerfeste: gamle kyrkjer, embetsmannsgardar, prestegardar og lensmannsgardar. Ankerfesta er verdifulle, seier Krogstad, og dekorerer dei med honnørord som ”kultur”, ”sjel” og ”kvalitet”. Møtet mellom ankerfesta og den modernistiske etterkrigsarkitekturen skildrar han som grotesk, framandt, brutalt og ”til skade”. Om tettstaden Vågåmo seier Krogstad følgjande:

”På Vågåmo kom det utover på 1960-tallet stadig flere nye kasseformede bygg, ikke bare med flate tak, men i stadig mer spartansk, dekorløs utforming. I områder som var preget av eldre norsk innlandsbebyggelse, med mye upanelt tømmer, helstøpte, laftede hus med sadeltak, […] ble kontrasten til det nye mange steder grotesk.”[6]

I Noreg nådde kritikken mot modernistisk arkitektur eit klimaks på byrjinga av 1990-talet, seier han. No vart gamle bygningsmiljø, lokalhistorie og miljøomsyn viktige faktorar i utforminga av bustader og tettstader, og i Lom og Vågå såg ein vilje til å tilpasse moderne bygg til eldre bygningsmiljø. Krogstad omtalar endringa som eit regimeskifte, og om tettstaden Lom seier han at: ”alle sentrale bygninger bærer preg av enten å være gamle eller ha fått med seg innlandets trehuskarakter på en eller flere måter. Dette har gitt et ganske ensartet preg som man ellers først og fremst finner i hvite sørlandsbyer. Ensartet, men ikke ensformig; svært variert, faktisk.”[7] 

– og i Valdres

Den nye trenden børsta støvet av eit spekter av eldre former. Saltak og brunbeisa panel vart dei viktigaste kjenneteikna for den nye stilretninga i Lom og Vågå, som også fekk konsekvensar for eldre, modernistisk arkitektur. Om dette seier Krogstad at: ”mye bra er skjedd de siste par tiår, bl.a har samfunnshuset (Vågå, red.) fra 1962 fått sadeltak, er blitt kulturhus og har fått en enda større nabo i form av en hall med samme hovedform. Både barne- og ungdomsskolen er ombygd og har fått sadeltak og selv om noen eldre, verneverdige hus er blitt revet, er andre truede ankerfester blitt bevart.”[8] 

Same tendensen såg ein i Valdres. På 1980-talet tok ein til orde for ombygging av eksisterande, modernistisk bygningsmasse, og i diskusjonen om utforminga av tettstaden Fagernes var det fleire som sakna ein heilskapleg plan. I avisa Valdres var det fleire som etterlyste ein tilpassingsarkitektur som tok omsyn til eldre byggjeskikk. Det var særleg sveitserstilen[9] ein hadde i tankane. Følgjande avisinnlegg illustrerer dette:

”Det vi etter mi meining treng på Fagernes, er ei samling om ein meir einsarta byggjeskikk. Sveitserstilhusa var ofte temmeleg store – gjerne treetasjars hus. Eg vil tru at dei fleste bygningar på Fagernes i dag kan omskapast til sveitserstilen med ein del fasademessige forandringar. Fasadane kan bordsyast, og på den måten framstå som gamle hus med sjel.”[10]  

Fagernes hotell gjennomførde den største forandringa i Valdres på denne tida. Utvendig fekk den gamle funkisperla preg av sveitserstilfantasi med raust og hengande arker, tårnmotiv og småruta glas. Direktøren kommenterte ombygginga slik: ”Me vil gje hotellet ein meir miljøprega stil, attende til det tradisjonelle.”[11]

I Gudbrandsdalen og i Valdres valde kommunar og utbyggjarar på 1980- og 90-talet ulike byggjeskikkreferansar i arbeidet med bustadbygging og sentrumsutvikling. I filosofisk forstand var dei estetiske hamskifta i Gudbrandsdalen og Valdres resultatet av dei same straumdraga. Eit viktig verkty i dette arbeidet vart altså byggjeskikkrettleiarane, som heiste fane og mante til større engasjement for kvalitetane i den gamle, norske byggjeskikken.

Ny byggjeskikk – nytt smakstyranni

Dei fyrste rettleiarane og byggjeskikkarkitekturen fekk derimot ikkje gjennomslag for smaksoppfatninga i den norske allmenta. Filosofien i den nye byggjeskikktenkinga og estetikken i byggjeskikkarkitekturen fylgde heller, og i tråd med Pierre Bourdieu sine tesar, eit konvensjonelt og intellektuelt smakstyranni. Då var det betre å søkje fortidslandet gjennom ferdighuskatalogane. Byggjeskikkarkitekturen og rettleiarane fekk derimot fotfeste hjå ein intellektuell og pengesterk kulturelite, med vilje og ressursar til å forstå den estetiske abstraksjonen av ein eldre, folkeleg bygningskultur.

Ikkje alle var einige i råda frå rettleiarane. Ikkje alle var eingong interesserte i den gamle byggjeskikken. Fleire fagmiljø tok til orde for ei meir deskriptiv forståing av byggjeskikkomgrepet. Byggjeskikk måtte representere det folk bygde, uavhengig av stil, materiale og kvalitet. Modernistisk arkitektur var då også byggjeskikk, hevda mange. Hausten 1990 la Norges Byggforskningsinstitutt seg på same deskriptive line og sa klokeleg nok at byggjeskikk måtte omfatte det som faktisk blir bygd. Vidare presiserte dei at byggjeskikk blir forma ut ifrå særskilde materielle og ideologiske føresetnader, og er uttrykk for både tidsperiodar og geografiske regionar.[12]

Hild Sørby seier at ein slik definisjon gjer byggjeskikkomgrepet så omfattande og uklart at det står i fare for å bli ubrukeleg. Kva er då byggjeskikk, om alt er byggjeskikk? Likevel var det nettopp slike vidopne definisjonar som kom til å leggje rammene for arbeidet med dei nye rettleiarane.

Moderne arkitektur er også byggjeskikk

I 2006 starta regionrådet for Valdres arbeidet med ein ny byggjeskikkrettleiar for dei seks Valdres-kommunane. Initiativet kom i opptakta til endra regionstruktur, og fornya visjonar om Valdres som merkevare- og reiselivsprodukt. – Valdres skal arbeide for å skape ein heilskapleg og representativ bygningsmasse, heiter det friskt i tiårsplanen. Då treng ein rettleiing! Representantar frå kommunane sette seg saman for å gje form og innhald til den nye rettleiaren. Utvalet drøfta farge og materiale, flate tak og saltak, om å vere moderne eller tradisjonell, men hoppa bukk over vesentlege problemstillingar som det å avklare byggjeskikkomgrepet. Det er mange fallgruver for den nye rettleiaren – som tek lett på oppgåva med å klargjera byggjeskikk, som omgrep og som fenomen, og som framleis gjer byggjeskikk til eit spørsmål om stil.

Dei gamle rettleiarane la stor vekt på historisk framstilling av den lokale byggjeskikken. Som oftast sette rettleiarane sluttstrek for definisjonen av ein byggjeskikk til ein stad rundt 1900. Hus som var bygde etter 1900, vart ikkje rekna som byggjeskikk. Slik vart også det estetiske referansegrunnlaget for arbeidet med den nye byggjeskikken sett til tida før 1900. Byggjeskikkarkitektur og historiserande ferdighus er gode døme på det.

Historisk framstilling av den lokale byggjeskikken er viktige kapittel, også i dei nye rettleiarane. Men der ein i definisjonen av den lokale byggjeskikken tidlegare sette sluttstreken til rundt 1900, famnar dei nye rettleiarane bygningskultur også frå vår eiga tid. I den nye rettleiaren frå Valdres heiter det at:

”Rettleiaren skal oppmuntre til moderne formspråk og arkitektur som tek omsyn til omgjevnadene, og som byggjer vidare på element og verdiar som ligg i den eksisterande byggeskikken i Valdres.”

Så fylgjer ei skildring av den mangfaldige, eksisterande byggjeskikken, med døme frå høgfjellet, stølslaget, bygda og tettstadene. Rammene og kvalitetane er, som me forstår, ulike, bestemte av geografiske, klimatiske og kulturhistoriske føresetnader. For her høyrer både før-industriell byggjestil, sveitserstil, jugendstil, klassisisme, modernisme og ferdighus heime, så sant dette er representativt for karakter og miljø på staden.

”Eksisterande byggjeskikk” og utsegna ”representativ for karakter og miljø på staden” opnar for ei omgrepstolking av det breie slaget. Men all ”eksisterande byggjeskikk” er ikkje det same som god byggjeskikk, skal ein tru rettleiaren. Teksta korresponderer nemleg ikkje med døma på bileta, som gjer kvalitetane i trendmangfaldet frå vår eiga tid underordna estetikken i den før-industrielle byggjeskikken og byggjeskikkarkitekturen frå 1980- og 90-talet. Og skal ein tru råda om tilpassing og tilbygg til eldre, eksisterande bygningsmasse, kjenner vi også desse frå før. For her finn vi velkjende fråsegner om både likskap i form og materiale, og om moderne formspråk basert på intellektuell abstraksjon av ein eldre byggjeskikk.

Rettleiar for Hadeland og Land    

Same utgangspunktet finn ein i den nye rettleiaren for Hadeland- og Land-regionen. Liksom rettleiaren i Valdres legg også denne vekt på ein brei presentasjon av den eksisterande byggjeskikken og på ei moderne, demokratisk forståing av omgrepa. Om byggjeskikkomgrepet heiter det at: ”det kan brukes på to forskjellige måter: beskrivende, det som faktisk bygges, og normgivende, som inneholder kvalitative hensyn og forutsetninger for det som kan bli god byggeskikk.”[13]

Deretter fylgjer eit sveip over mangfaldet i byggjeskikkhistoria – frå mellomalderen og fram til vår eiga tid, og med særleg vekt på kjenneteikna ved stilretningane barokk, rokokko, klassisisme, historisme, jugend, nyklassisisme, funksjonalisme og modernisme. Byggjeskikken har ikkje ei statisk utviklingsline, heiter det i rettleiaren, men er dynamisk og har fleire kryssande liner.

Tidlegare nytta ein omgrep som tradisjon og skikk om det ein meinte var statiske, urørlege kulturutrykk. Folket var tradisjonsberarar, ikkje tradisjonsskaparar. Rettleiaren for Hadeland og Land viser derimot at ein tenkjer annleis om dette i dag. Tradisjon og skikk handlar ikkje om ein kulturell arv med røter i fortida, men om prosessar som er skapte i notida. Tradisjon og skikk er med andre ord vilje til endring og ein selektiv og symbolsk konstruksjon – av samanhengar mellom tilhøve ved notida og ei tolking av fortida. Endring og kulturbrot, som historiske realitetar, er derfor to viktige nemningar for å forstå bruken av dei breie, deskriptive kulturomgrepa – i ein rettleiar som i dei innleiande kapitla verkar reinska for normative byggjeskikkdefinisjonar. 

Vern og normering

Trass i deskriptive definisjonar kviler verneperspektivet tungt over rettleiaren for Hadeland og Land, som manar til vern av eit breitt spekter av kulturminne, også minne frå vår eiga tid. – Dei er alle viktige, historiske dokument som kan formidle dei historiske og samfunnsmessige endringane som har skjedd, heiter det. I kapitla ”Tilpasning av ny bebyggelse ” og ”Utvidelse og ombygging av eksisterende bygg” kjem dette særleg til uttrykk.

Til forskjell frå dei deskriptive definisjonane i innleiinga er det også desse kapitla som er dei mest problematiske. Liksom rettleiaren i Valdres gjer rettleiaren for Hadeland og Land den eksisterande byggjeskikken og kulturminnemiljøa til premissgjevar ved utbygging eller ombygging. Målet ved slik bygging er nemleg ei heilskapleg tilpassing til eldre bygningar og naturmiljø. Nye tiltak skal ein vurdere opp mot eksisterande strukturar som volum, farge, takvinklar og material. Bileta i rettleiaren viser riktig nok fleire gode døme på tilpassing, utviding og ombygging – i både sveitsarstil og funkis. Men der ein gjennom definisjonane opna for forståinga av ein mangfaldig og samansett byggjeskikk, tufta på erkjenninga om brot, endringsvilje og individuell variasjon, ber bileta også her preg av dei same, umiskjennelege stilpreferansane som i Valdres-rettleiaren. Ynsket om det ”heilskaplege” resulterer dermed i det ”einsidige”. Fylgjer ein råda i rettleiaren, sit vi truleg att med kvelande homogene bustadmiljø – utan evne til å formidle viktige kulturhistoriske samfunnsendringar.

Kva no?

Sidan 1980-talet har det skjedd ei interessant utvikling i byggjeskikkrettleiarane. Og det er i definisjonsgrunnlaget og i forståinga av omgrepa at ein finn den største endringa. I perioden 1990–1996 vart det produsert åtte byggjeskikkrettleiarar i Valdres. Dei fyrste rettleiarane oppmuntra til vern av eldre bustadmiljø, og til framveksten av ein moderne byggjeskikkarkitektur. Omgrepa var normative – og dei nye bustadtypane gav signal om estetisk forankring til eldre før-industriell byggjeskikk. Trenden var samanfallande med generell skepsis mot globalisme som samfunnsform og modernisme som stilretning.

30 år seinare stør rettleiarane seg på dei breie kulturomgrepa og på erkjenninga av det kulturelle mangfaldet. Sjølv modernistisk arkitektur blir omtala som byggjeskikk. Forlaten er normeringa frå 1980-talet – erstatta av deskriptive og tidsriktige kulturdefinisjonar frå vår eiga tid. Ynsket om fleksibilitet i omgrepa gjer byggjeskikk til noko anna enn kva det eingong var. Like fullt står både den modernistiske arkitekturen og dei vidopne kulturomgrepa i fare for å gjere rettleiarane uklare, altomfattande og ubrukelege.

Tanken med byggjeskikkrettleiarar er fyrst og fremst at dei skal gje nyttige råd ved ombygging og nybygging av hus og heim. Men dei er også gode tidsbilete – som fortel om førestellingar om fortida og haldningar til eiga samtid. Tradisjon og byggjeskikk er ikkje stivna, urørlege kulturformer frå fortida, men prosessar som er skapte i notida.

Følgjene av planmessig og regelstyrd tenking, slik det kjem til uttrykk gjennom mange byggjeskikkrettleiarar, er ikkje berre heilskaplege og velfriserte hus og hagar. Dei blir også det stikk motsette – og viser seg som einsidige, homogene og kjedelege bustadmiljø. På denne måten representerer rettleiarane ein trussel mot den kreative, levande og folkelege byggjeskikken – som hyllar endring, variasjon og kulturbrot. Ingenting tener byggjeskikken mindre enn byggjeskikkrettleiarane.

Litteratur
Bjørbekk og Lindheim Landskapsarkitekter 2009: Rettleiar i byggjeskikk og tilpassing til landskap. Valdres Natur- og Kulturpark.

Brekke, Nils Georg, Per Jonas Nordhagen og Siri Skjold Lexau 2003: Norsk arkitekturhistorie. Frå steinalder og bronsealder til det 21. hundreåret. Det Norske Samlaget. Oslo.

Bråten, Ole Aastad 2006: Eit hus skal byggjast på Valdres Folkemuseum – debatt om nybygg på Valdres Folkemuseum (1999–2004). Hovudoppgåve i kulturhistorie ved Universitetet i Oslo

Christensen, Arne Lie 1995: Den norske byggeskikken. Hus og bolig på landsbygda fra middelalderen til vår egen tid. Pax Forlag AS. Oslo.

Christensen, Arne Lie 2002: Det norske landskapet. Om landskap og landskapsforståelse i kulturhistorisk perspektiv. Pax Forlag AS. Oslo.

Dietrichson, Ragnhild 1996: Gamal byggjeskikk i Nord-Aurdal. Rapport frå registreringa av hus bygde før 1900. Valdres Folkemuseum og Nord-Aurdal kommune. Fagernes.

Belsheim, Dietrichson, Eggen, Rieck, Skavhaug og Østby 1997: Rettleiar i byggjeskikk og landskapstilpassing. Vang kommune.

Hoem, Siri 1995: ”Om norskhet og nostalgi i ferdighuskatalogen.” I: Samtiden nr. 6. Oslo.

Johanson, Anders 1990: ”Ting, tid og identitet.” I: Norges Allmennvitenskapelige Forskningsråd. Oslo.

Kvissel, Ingrid 1995: Byggjeskikk for stølslaga. Temahefte for Stølsviddaprosjektet. Ulnes og Svennes Sameiger og Nord-Aurdal kommune.   

Lindbråten, Dag 2007: Byggeskikk – en veileder for Hadeland og Land. Randsfjordmuseene.

Nord-Aurdal kommune 1993: Kulturlandskap og byggjeskikk. Nord-Aurdal kommune.

Nord-Aurdal kommune 1994: Byggjeskikk og kulturlandskap i Nord-Aurdal kommune. Rapport frå arbeidsgruppa. Nord-Aurdal kommune.

Sørby, Hild 1991: ”Ferdighusets språk – arkitektur som massekommunikasjon.” I: Dugnad nr. 2. Institutt for kultur- og samfunnsfag. Avd. for etnologi. Universitetet i Oslo.

Sørby, Hild 1992: Klar – ferdig – hus. Norske ferdighus gjennom tidene. Ad Notam Gyldendal. Oslo.

Watkin, David (1986) 1996: A history of western architecture. Laurence King Publishing. London.

Notar

[1] Ketil Kiran, fødd 1950, dagleg leiar i Archus Arkitekter frå 1997. Sitatet er ei spissformulering som Kiran nyttar stadig vekk, som han sjølv seier, om eit komplekst dilemma og tilbakevendande tema innafor byggjeskikkarbeidet.   

[2] Johansen 1990:231 

[3] Watkin 1996:572

[4] Watkin 1996:573

[5] Bjørn Hatterud, Syn og Segn 2009/1:68

[6] Krogstad, Morten 2007/2:12

[7] Krogstad, Morten 2007/2:13

[8] Krogstad, Morten 2007/2:13

[9] Sveitserstilen er knytt til dei store samfunnsendringane frå midten av 1800-talet, men braut med prinsippa i eldre byggjeskikk. Kjenneteikna er rik ornamentikk i listverk og bjelkeendar, i tillegg til veranda og store takutspring. Sveitserstilen gjekk som ei farsott over heile landet, men var utskjelt av arkitektane, som meinte stilen mangla forankring i norske byggjetradisjonar. På 1980-talet hadde det skjedd ei omskaping, sveitserstilen var stoverein, og mange synte vilje til å ta vare på dei gamle husa.

[10] Avisartikkel, avisa Valdres, 18. januar 1988

[11] Avisartikkel, avisa Valdres, 25. januar 1990

[12] Sørby 1992:166

[13] Lindbråten 2007:5

Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2