Hopp til hovudinnhald

Blant lydarslåttar og vener i Valdres

Festskrift til Sven Nyhus, 80 år

  • 1/1
    Sentrale spelemenn i Valdres møtte opp på Valdres Folkemuseum i 1974 då Sven Nyhus kom for å orientere om Hardingfeleverket og for å drive innsamling til Norsk folkemusikksamling. Frå venstre rundt bordet: Knut Snortheim, Torleiv Bolstad, Ola Grihamar, Sven Nyhus, Haldor Røyne, Haldor Hegge og Andris A. Dahle. (Foto utlånt av Valdres Folkemuseum).

Det kan hende det er å skrøyte på seg for mykje, men i Valdres likar me å tru at musikktradisjonane våre råkte ein streng i musikarhjartet til Sven. Der handlar sjølvsagt mest om menneska, spelemannsvenen og kjeldene, men òg om musikken.

Folkemusikken i Valdres er mangfaldig. Fele og hardingfele, langeleik og song, lydarslåttar, danseslåttar og runddansar. Dei gamle spelemennene og tradisjonsberarane var kunnskapsrike og fargerike, og slett ikkje så fulle av fordomar som mange vil ha det til. Sven fekk vener blant dei.

Eit viktig møte

Frå 1972 arbeidde Sven ved Norsk folkemusikksamling. To viktige arbeidsoppgåver førde han i kontakt med spelemennene i Valdres: Opptak til folkemusikkarkrivet og arbeidet med storverket Norsk folkemusikk. Serie 1: hardingfeleslåttar. I 1974 sto dei to siste banda, med mange slåttar frå Valdres, for tur. Folkemusikknemnda for Valdres kalla inn til eit møte på Valdres Folkemuseum. Dei sentrale spelemennene i Valdres møtte opp, mellom andre Torleiv Bolstad, Andris A. Dahle, Ola Bøe, Ola Grihamar, Knut Snortheim, Haldor Hegge og Haldor Røyne. Artikkelforfattaren skulle koke kaffi, og følgde det heile frå sidelina. Eg hadde treft Sven då eg studerte musikkvitskap i 1973. Studentane hadde stor respekt for han, og det satt langt inne å banke på døra hans for hjelp. «Men ein kunnskapsrik lærar var han – høgt respektert, også som utøvar.»

Stemninga var spent frå fyrste stund, for skepsisen til notekyndige og musikkutdanna folkemusikarar var stor på den tida. Hardingfeleverket hadde i tillegg ei forhistorie som gjorde spelemennene frå Valdres negativt innstilte til heile prosjektet. Utfordringa låg mellom anna i å definere takta og rytmen i springar på eit vis som spelemennene kunne vera samde om og identifisere seg med. Spelemennene var ikkje trygge på at denne utfordringa ville bli løyst på eit vis dei kunne godta, eller at Sven Nyhus var rette mann for arbeidet. Dette er eit komplekst og vrient felt, med variasjonar mellom bygdene og den einskilde tradisjonsline og spelemann. I tillegg var spelemennene langt frå einige seg i mellom.

Sven innleia møtet med å orientere om prosjektet og gav eit historisk oversyn over arbeidet med transkripsjon av slåttane. Så la han fram sine tankar om korleis notasjonane av valdreslåttane kunne løysast. Etter nokre kjenseladde innlegg roa stemninga seg etter kvart. Sven såg til at alle fekk ordet. Eg hugsar den sindige Haldor Røyne peikte på at engasjementet skuldast at dei alle hadde sterke kjensler for slåttearven sin.

Spørsmåla Sven stile vitna om innsyn og kjennskap til tradisjonane. Gjennom å lye til kva dei hadde å seia, sette han seg i respekt og fekk tillit til å gå vidare med arbeidet. Spelemennene vart forsikra om at dei skulle få gå igjennom materialet etter kvart. Seinare skreiv Sven sjølv om dette møtet i forordet til heftet Lydarslåttene i Valdres: «I denne forsamlinga følte jeg meg straks hjemme, og det utviklet seg et særdeles fint samarbeid.» Det hadde han rett i, men utfallet kunne ha blitt eit anna om spelemennene hadde fått kjensla av å bli overkøyrt.

Torleiv Bolstad og innsamlingane

Det nemnde møtet om hardingfeleverket bidrog til at Torleiv Bolstad vart overtydd om at transkripsjonar og utgjevingar av notenedteikningar ikkje var eit trugsmål mot den levande musikken, men snarare eit verkty som kunne nyttast i opplæring. Torleiv gjekk difor inn for å støtte sin gode ven, Rektor Trygve Bjørgo, i planane hans om å skipe til ei folkemusikkline ved Valdres Gymnas. Lina kom i gang i 1988, ni år etter at Torleiv døydde og vart eit viktig bidrag i institusjonaliseringa av folkemusikkopplæringa, eit tviegga sverd rett nok, men ettertida syner at det var eit rett veg å gå.

Tilhøvet mellom Torleiv og Sven var prega av gjensidig respekt. Så Sven arbeidde ved Norsk folkemusikksamling, gjorde han jamt innspelingar med Torleiv. Minst 150 slåttar vart spelt inn i Oslo mellom 1973 og 1978. Ei anna viktig kjelde var Ola Bøe. 39 slåttar vart spelt inn med han. Sven gjorde derimot ikkje opptak i Valdres, men hadde tilgang til opptak gjord av Olav Viken og andre. I omgangen med spelemennene måtte Sven være diplomat og unngå konfrontasjonar. Ein gong måtte han til og med gripe inn fysisk då dei to kjeldene barka i hop i gangen utanfor kontoret hans på Chateau Neuf! Historia fortel om høg temperatur og stor kjærleik til slåttane!

Sven var produsent då Torleiv Bolstad spelte inn plata Feletona` oppunde` Bitihødn i Talent studio i mars 1977. Produksjonen vart nominert til Spellemannprisen. Den vart gjeve ut på CD i 1996 av Grappa Musikkforlag. Torleiv var sjølv nøgd med produksjonen, som har blitt ståande som ein klassikar blant folkemusikkutgjevingar. Til Landskappleiken på Fagernes i 1992 hadde Sven skrive eit tonestykke «Torleiv Bolstads minne», som han framførde på hardingfele ved ein midnattskonsert i Slidredomen. Eit verdig minnesmerke over ein respektert ven og slåttekjelde. Sven sette òg pris på runddanslåttane som Torleiv hadde i tradisjon, eller hadde laga sjølv. «Farande Fant» var ein slått laga av Torleiv Bolstad som Sven transkriberte og treivst med å spele.

  • 1/1

Lydarslåttane

Alt i samband med arbeidet med hardingfeleverket målbar Haldor Røyne og Andris A. Dahle ønskje om at Sven skulle dokumentere og transkribere dei mange lydarslåttande frå Valdres. Det vart eit brutalt generasjonsskifte blant valdresspelemennene rundt 1980. Av dei nemnde spelemennene som hadde vore med på møte om hardingfeleverket i 1975, var det berre Andris A. Dahle som levde då Sven tok fatt på dette arbeidet. Andris var dotterson til spelemannen Ivar Ringestad og vart hovudkjelda til Sven. Også felemakarane Olav Viken og Knut Opheimsbakken vart gode hjelparar på ulikt vis.

Andris A. Dahle hadde utvikla eit venskap med Sven, og nytta høve til å motivere han til å ta fatt på den store oppgåva med lydarslåttane. Arbeidet var ein fagleg utfordring, som Sven sjølv beskreiv som krevjande: «Stoffet er alt annet enn lett tilgjengelig, og det har vært nødvendig å legge lydbåndene bort og ta dem igjen gang etter gang, i håp om å finne bedre notasjonsmessige løsninger.» Samarbeidet med Andris A. Dahle var nært og personleg, og Sven var av dei siste som vitja han før han døydde i 1995. Sven skriv sjølv: «Så seint som 16 dager før livet ebbet ut ga han verdifulle opplysninger om noteringa av buestrøk. Trass i langt fremskredet sykdom tilførte han på den måten uunnværlige informasjoner.»

Lydarslåttene i Valdres kom ut på Musikk-Husets Forlag i 1996. I tillegg til notenedteikning av i alt 40 slåtttar med variantar etter 11 kjelder var det ein dobbel-CD med kjeldeopptaka og ei fyldig omtale av slåttane, spelemennene og historia til hardingfelemusikken i Valdres. I omtala av spelemennene har Sven ein sakleg og litt distansert stil. Men i omtala av Torleiv Bolstad, Haldor Røyne og framfor alle, Andris A. Dahle skin Sven sin respekt for utøvarane gjennom.

Boka og kjeldeplatene vart lansert med ein konsert på Landsfestivalen på Fagernes i 1996. Då var Knut Trøen den einaste attlevande av kjeldene i boka. Konserten var magisk. Sven var stolt og glad over å ha fullført dette storverket. Men han tvilte nok på om nytteverdien ville rettferdiggjera den store innsatsen som låg bak. 18 år etter kan vi sjå attende og slå fast at verket har vore til nytte og glede for spelemenn og studentar langt utanfor Valdres! Det er ein solid dokumentasjon av ein del av slåttearven og gjer ære på så vel kjeldene som forfattaren.

Fortid og framtid

Bente Hemsing er av dei som har hatt stor glede av boka Lydarslåttane i Valdres. Ho vart kjent med Sven på Ole Bull Akademiet tidleg på 1980-talet. Sidan dei både hadde utdanning og yrkesrøynsle som klassiske musikarar med hjarte for folkemusikk, følte ho seg i slekt med han. Han vart ein god og raus rådgjevar, har ho fortalt. Bente meiner me ikkje skal undervurdere kor viktig Sven er som døropnar inn i det klassiske musikkmiljøet. Sven er også eit viktig førebilete for jentene til Bente, Ragnhild og Eldbjørg, når dei som tospråklege utøvarar på ulike vis går etter i fotspora hans. No når Ragnhild er hardingfelesolist i Fossegrimen av Johan Halvorsen med Estlands Nasjonale Symfoniorkester, tenker Bente stolt på at ho slik følgjer etter Sven, som i si tid førde arven etter Sigbjørn Bernhoft Osa vidare. Samspelet med Hemsingjentene og Sven Nyhus kvartett på Jørn Hilme-stemnet i 2010 var eit høgdepunkt der kontakten mellom generasjonane var hjarteleg!

Hardingfelespelemannen Jan Arne Sebuødegård fekk Haldor Røynes ærespris under Jørn Hilme-stemnet 2010. Til utdelinga inviterte han med seg Sven til å spele. Og Sven spelte og las ein sjølvskriven prolog som gledde prisvinnaren stort. Prologen avslører Sven som ein god rimsmed og avslutta slik:

Den gamle høvedsmann Haldor Røyne

ville kulturen høyne

og flytte arv frå i dag til i går

mot høgare aktelse og rikare kår.

Blant Haldors såmenn ein på scena står:

Namnet hass er Jan Arne Sebuødegård!

Jan Arne vart kjent med Sven på 1970-talet. Jan Arne fortel:

Eg møtte Sven fyrste gongen i 1974 då vi reiste på spel- og dansarturne i Amerika.  Dette var ei gruppe med folk frå Sverige, Finland og Noreg, 36 deltakarar i alt. Vi reiste rundt i fem veker og vi var på vestkysten, austkysten og i midtvesten. Det var The Smithsonian Institution som var arrangør, og vi hadde mellom anna program i Washington DC i høve 200-årsjubileet for Amerika. Vi hadde også fleire program på verdsutstillinga Expo `74 i Spokane. Vi vart ei samansveisa fin gruppe som hadde eit flott program, og vi opplevde og lærte mykje på denne turen. Sven utmerka seg som ein svært dyktig spelemann og ein som såg oss andre og ga oss tru på det vi dreiv med. Sidan har vi hatt kjennskap og venskap og det var stort for meg at Sven ville koma og vera med på konserten då eg fekk Haldor Røynes ærespris. Han spelte då polsen «Amerikaturen» (som nok var laga på turen i 1974). Som slått nummer to på same konserten spelte Sven, Erik Onstad og eg «Farande Fant» etter Torleiv Bolstad – som også var ein av Svens gode vener.

1989 var Valdres gamaldansorkester bedne til Oslo og til opptak i NRK for gamaldansprogrammet Rundsnu på lørdagskvelden. Sven var arrangør og programleiar og det vart ei fin kveldsstund med tradisjonelle runddansslåttar frå Valdres.

Som sagt, folkemusikken femnar vidt! Mitt enkle lægmælte tonespråk på langeleik blir opplevd som noko heilt anna enn det utoverretta og teknisk avanserte spelet til Sven, med den sterke framføringa og den høge statusen i musikklivet. Likevel fekk eg for nokre Jørn Hilme-stemne sidan høve til å laga ein konsert i lag med Sven i eit av dei gamle husa på Valdres Folkemuseum. Der hadde Sven funne fram dei eldste og mest arkaiske slåttane i Rørostradisjon. Brått vart avstanden ikkje så stor, verdiane dei same og tonespråket ganske likt. Eg trur publikum også sette stor pris på den sida av Sven sitt spel.

I ulike roller var Sven med på å dokumentere og løfte fram det beste i Valdresspelet og han bidrog til auka medvit og stoltheit om eigen tradisjon blant spelemennene her. Det gjer han til ein viktig aktør også i vårt tradisjonsområde. Det er me takksame for. Likevel er det dansespelemannen Sven Nyhus som i lag med sin kvartett har gjeve valdrisane opplevingar og minner frå dansegolvet som gjev han ein posisjon blant folk flest som ingen kan måle seg med. Gamle spolebandopptak i arkivet avslører at opptak med «Bergrosa» frå radioprogrammet Ønskekonserten mang ein gong overspelte unike hardingfeleinnspelingar. Det òg fortel mykje om lydarane - og om Sven sin musikk.

Artikkelen var trykt av Novus forlag i festskrift til Sven Nyhus på 80-årsdagen i 2012.

  • 1/1
    Sven Nyhus i samband med lansering av Lydarslåttene i Valdres i 1996.

Kjelder

Blom, Jan-Petter, Sven Nyhus og Reidar Sevåg (red.) 1979-1981: Norsk Folkemusikk. Serie 1: Hardingfeleslåtter. Bd. 6 og 7. Oslo.

Nyhus, Sven 1996: Lydarlåttene i Valdres. Oslo.

Feletona`a oppunde` Bitihødn (CD 1986). Torleiv Bolstad Hardingfele.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1