Hopp til hovudinnhald

Styrk kulturarven

Når verda står i brann, søkjer vi tilbake til minne og historiske opplevingar. Styrk den immaterielle kulturarven.

Det siste året har vi sett korleis musikk- og drakttradisjonar blir mobiliserande krefter for eit folk i krig og krise. Men kulturen skal også verke i fredstid. Korleis kan vi best sikre krafta og livsvilkåra til vår eigen heimlege kultur?

Slik er kulturens kraft. Når alt anna synest tapt, klamrar vi oss til håpet gjennom musikken, songen og dansen. For eit folk i krig er kulturen ikkje berre ei mager trøyst. Den er eit sterkt og verkingsfullt symbol for ein eksistensiell kamp.

Men kultur er ikkje berre livsnødvendig ladepunkt for menneske i krig. Den er viktig i gode dagar òg. Og anten kulturen har djupe røter i staden der vi bur eller han kjem til oss frå andre kantar, så er kulturen limet i livet. Kva er limet i din kvardag?

Den folkelege kulturen romar mange uttrykk. I vår tid, fleire enn nokon gong. Men lik språket, som romar gamle strukturar og mønster, har også den folkelege kulturen – til dømes i musikken, dansen og drakttradisjonane – forankring i historia. Gjennom tida har vi slipt og fornya desse, og slik har musikken og dansen aktualisert seg sjølv i stadige nye former, former som peikar både framover og bakover i tid.

Dei siste åra har bunaden funne nye former – fordi mangfaldet av menneske – og behova deira – stadig utvidar seg. Identitet er inga statisk tilstand som vi menneske ukritisk adopterer. Men identitet blir heller ikkje skapt av ingenting. Identiteten vår er forma av eit sett av referansar og haldepunkt – som foreinar fortid og notid og erfaringar frå i eige liv og eit fellesskap med andre.

For ei veke sida gjekk det ein dokumentar på NRK om folkemusikken i Portugal – som romar meir enn songtradisjonen Fado og som viste oss ein stort spenn av vokale og instrumentale uttrykk. Medan delar av musikken framstår som moderne og fornya, fekk vi òg sjå utøvarar framføre songen og musikken slik dei hadde lært han av besteforeldra sine. Denne tidsdjubda er berande for den folkelege kulturen. Og han gjer seg synleg i Noreg som i Portugal. 

Ein global og kommersiell underhaldningsindustri står i kontrast til dei kvalitetane vi finn i det lokale og heimlege, det som ikkje søkjer seg til scenen og spelelistene, men som pustar i eit lognare tempo. Men skal vi sikre livsvilkåra for markblomane på enga og dei uttrykka som vi er åleine om å forvalte i verda – folkemusikken, folkedansen og bunadtradisjonane – kan vi ikkje stø oss til frivillige krefter, lag og foreiningar åleine. Også storsamfunnet må bidra. Det har Stortinget sagt gjennom Unesco sin konvensjon om immateriell kulturarv. Då held det ikkje med vakre signaturar og velmeinande taler åleine. Om ikkje kulturfeltet – både det frivillige og institusjonslivet – får ressursar til å halde fram arbeidet, vil det til sjuande og sist vere lupinane, ikkje markblomane, dei høgmælte, ikkje dei lågmælte som vil dominere det norske kulturlandskapet. Men kulturlivet treng ikkje fleire med utestemme. Vi treng omsorg og vekst for det vesle og vare, for det som ikkje ropar så høgt. I folkemusikken, folkedansen og handverkstradisjonane, til dømes.

Valdresmusea er det einaste museet i landet som vidarefører den norske instrumentbyggararven, og folkemusikkfestivalen Jørn Hilme-stemnet er ein av få festivalar som set den norske folkemusikken og folkedansen i sentrum for arbeidet. Norsk institutt for bunad og folkedrakt er eit nasjonalt kompetansesenter for bunad- og folkedraktforsking. Dei tre institusjonane held alle til i Valdres og dei bidreg godt til arbeidet for den norske immaterielle kulturarven. Kampen om merksemda og ressursane gjer dette arbeidet likevel krevjande. Og til trass for at styresmaktene har bede kulturlivet rapportere på kva dei gjer på desse områda, så finst det fortsatt inga tilskottsordning for denne delen av kulturarven.

Kva må til for å sikre kulturarven for framtida? Konkrete satsingar og initiativ hjå dei som arbeider med han i kvardagen, men òg tilskotsordningar og utdanningsløp for dei som vil fordjupe seg musikk, dans, instrumentmaking og bunadtilverking. Eit døme: I Innlandet har fylkespolitikarane sett folkedansen på agendaen gjennom eigne satsingar, stipend og tilskotsordningar. Satsinga er eit døme på engasjement for kulturarven – i praksis. Finst liknande vilje i andre delar av landet?

Derfor må Stortinget halde lovnaden det har gitt verdssamfunnet og det norske kulturlivet; Sikre tilskotta og livsvilkåra for den immaterielle kulturarven, for folkemusikken, folkedansen og handverkstradisjonane.

Ole Aastad Bråten, direktør, Valdresmusea​

Knut Aastad Bråten, dagleg leiar, Valdres folkemusikkarrangement

Oppland Arbeiderblad, 29. juni 2022

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1