Hopp til hovedinnhold

Stridsmann frå Strønd

Menn og politikk i Valdres 1905-1940

Erik Strand var ordførar i Nord-Aurdal og stortingsmann for Bondepartiet i mellomkrigstida. Anne Mette Strand har skrive boka Stridsmann frå Strønd, som handlar om Erik Strand og om menn og politikk i Valdres i 1905-1940. No kjem Anne Mette Strand til Vennelaget for å fortelja om denne særmerkte politikaren og hans samtid. Velkomen til foredrag!

TID: Torsdag 11. mars kl. 19.30 
STAD: Kulturhuset på Fagernes 
PRIS: 100 kr (gratis for medlemmer av laget)
ARR.: Vennelaget for Valdres Folkemuseum

Årsmøte i Vennelaget: kl. 18.00–19.00, rett før foredraget. Alle medlemmer er velkomne.

Meir om boka

Erik Strand (1877–1945) var lærar og kyrkjesongar frå Strønd i Nord-Aurdal tidleg i førre århundre, men han steig raskt i gradene og vart både ordførar, lensmann og stortingsmann. Han var likevel omstridd i mange krinsar.

Anne Mette Strand (f. 1955) har lagt ned eit stort arbeid med boka «Stridsmann frå Strønd – om menn og politikk i Valdres 1905-1940», som er biografien om bror åt bestefar hennar. No kjem ho til festsalen på Valdres Folkemuseum for å fortelja om boka.

Anne Mette er sjølv oppvaksen på Strønd, men flytte tidleg ut. Ho er lektor og har arbeidd mange år i utanrikstenesta.

Erik Strand ivra i mange år for at bøndene skulle samle seg politisk, og då han tok over som ordførar i 1920, hadde Bondepartiet, seinare Senterpartiet, nyleg vorte stifta. Erik Strand vart dermed den første senterpartiordføraren i Nord-Aurdal.

Boka fortel også om mange kuriøse episodar og saker, som til dømes då Erik Strand i tida som lensmann køyrde uforsiktig og kolliderte med ei fornem oslodame, om open krangel med hans eigen varaordførar – spelemann og tidlegare «Valdres»-redaktør Olav Moe, og kampen for at skipsreiar Fred Olsen skulle få drive rypejakt i Valdres.

Gratis inngang for vennelagsmedlemmer, kr 100 for andre. Munkekroen er open i forkant. Velkomen!

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1