Hopp til hovudinnhald

Stova etter Andris E. Vang

  • Stova etter Andris Eivindson Vang. Foto: Anne Marit Noraker
    Andris Vang-støga. Stova stod først husmannsplassen Lund, gnr. 32, bnr. 9/12, i Vang. Seinare vart ho flytt fleire gonger i Vang før ho vart flytt til Valdres Folkemuseum på 1940-talet. Foto: Anne Marit Noraker. VFF 009.

Andris Eivindson Vang (1795-1877) budde heile livet i Vang i Valdres. Han bygde seg dette huset i 1831, og det vart flytt hit til Valdres Folkemuseum på 1940-talet. 

Andris var skulemeister, klokkar, kyrkjesongar og kjend kjøgemeister. Han var ein eineståande formidlar og leia til dømes nær tusen lokale bryllaup, barnedåpar og gravøl gjennom livet. Som ein av dei fyrste i landet gav Andris E. Vang ut bok skriven på dialekt alt i 1850; med lokale folkeminne, segn og skikkar som han hadde samla og skrive ned. Seinare gav han òg ut bok der han skreiv om skikkar knytt til bryllaup, gravøl og andre høgtider. Vang var fleire gonger i Kristiania, og hadde mykje kontakt med Ludvig M. Lindeman, Peder Chr. Asbjørnsen og Ivar Aasen. Han hadde stor kjærleik til den gamle, lokale kulturen og det å dele kunnskap med folket i bygda. Det vart sagt om han at «han tala som ein hyrde og fekk folk til å gråte». 

Frå Harard Hvattum "Valdres Folkemuseum 1901-2001" (2001): Andris Eivindson Vang "var ein av dei mange omgangsskulelærarane i Valdres. Han var skulemeister i 33 år, heile tida i heimbygda si. Læraryrket var ikkje nok til å brøfø ein huslyd. Andris Vang forpakta difor delar av ein tidlegare husmannsplass, Lund, under prestegarden i Vang. Det var huslaust her, og han bygde frå fyrst i 1830-åra opp eit heilt gardstun. Andris Vang-støga på museet er bustadhuset, bygd i 1831. I 1865 hadde familien eit dyrehald på 1 hest, 4 kyr og 4 sauer. På åkerarealet vart det sådd ut 1/2 tynne bygg og sett 1 tynne poteter dette året. Ved sida av lærararbeidet dreiv A.E. Vang ei storstilt innsamling av folkeminne. Han gav òg ut nokre bøker om emnet, m.a. den fyrste på dialekt. A.E. Vang var òg ei rik kjelde for folkemusikksamlaren Ludvig M. Lindeman. Ei ny skulelov i 1827 slo fast at omgangsskuleordninga skulle halde fram, men at det i tillegg skulle skipast faste skular ved hovudkyrkjene. 

Frå Olav Gullik Bø "Arvegull. Andris Vang og livsverket hans" (1995): "Huset Andris sette opp på Lundplassen i 1831, skilde seg sikkert ikkje mykje ut frå andre husmannsstover i øvre Valdres. Men for dei to som budde der aleine i sytten år, var ho truleg romsleg nok med sine 20 m2 fordelt på to rom og med ein liten hellelagt gang. Då den eittårige fostersonen kom i huset, hadde alt av innbu forlengst funne plassen sin - det meste laga av Andris sjølv. (...) Truleg hadde huset himling heilt frå det var nytt. Dette tok dei til med fyrst på 18-hundretalet, og var nok eit framsteg frå det opne raustet. Attåt å vera opplagsrom året rundt kunne det vesle rommet under skråtaket brukast til liggeplass, iallfall sommarstid. Himlinga gjorde det også lettare å halde på varmen om vinteren. I dag står Andris Vang-støga trygt og vakkert tufta på Valdres Folkemuseum - med Høyneskulen som næraste granne. Men før ho kom dit, hadde ho vore på flyttefot innan Vang fleire gonger. Etter at Andres døydde, flytte Jørand nord til Berge der fostersonen no budde, og huset kom på sal. Det vart fyrst sett opp på Øydgarde i Øvre Dale. Den nye eigaren var husmann under Grøv og heitte Lars Larsson. Han og kona Ingebjørg Nilsdotter Kattevøl budde der til ho vart enkje (1892). Ingebjørg gifta seg seinare med Torleiv Johannesson, som reiv stova og sett ho opp at på Tanga (bildet), ein husmannsplass under Kjærstein. Då Torleiv sa frå seg plassen, kjøpte Berit Madsdotter Sletten stova og budde der til ho vart flytt til Lo av Steinde (gnr. 19/8), der Berit og mannen Ola Knutsson Pålsrud (V.S.) slo seg ned. Sonen Mass Sletten (f. 1889) gav så stova til Valdres Folkemuseum i 1945. Då hadde ho vore tufta fire stader i Vang. Året etter vart ho riven og flytt til museet, og i 1950 var ho komen på laft - om enn halvferdig. (...) Over utgangsdøra hadde Jørand og Andris Vang ei vakker hustavle. Den vart laga opp att og heng på same plassen. Ho hadde denne teksten: Stat her mit hus i Fred og ro, For hvert minunheds øie. Jeg ved at den misunte jord, den lar sig ogsaa pløie. Her æder jeg mit brød, her Frygter jeg min gud, hjelp o Jesu söd, näär jeg gäär ind o ud."

Publisert 16.3.2020

Bilete frå stova

  • 1/4
    Hustavla over døra til Andris Vang-støga: "Stat her mit hus i Fred og ro. For hvert misunheds øie. Jeg ved at den misunte jord, den lar sig ogsaa pløie. Her eder jeg mit brød, her Frygter jeg min gud, hjelp o Jesu söd, näär jeg gäär ind og ud".
  • 2/4
    Mykje av inventaret frå stova er etter Andris E. Vang. Foto: Fredrik Calmeyer.
  • 3/4
    Andris Vang-støga har stått på Valdres Folkemuseum i 1950. Foto: Fredrik Calmeyer.
  • 4/4
    Andris E. Vang: (1795-1877). Foto: H. Lie. VFF 4-000984.

Meir om Andris E. Vang i "Norsk biografisk leksikon" (skrive av Ivar Aars):

Innsatsen til Vang femner om folkemusikk av verdsleg og religiøs art, innsamling og formidling av folkeminne og språkleg pionerinnsats. Stortingsmann og folkeminnesamlar O. K. Ødegaard meinte at Vang “e' den finaste blomst paa vaar heimsens kultur”.

Vang var kjend og høgt verdsett som kjøkemeister og skal ha leia 145 bryllaup, forutan ikring 700 gravøl og barnsøl. Han var myndig og sers dugande, med framifrå ordlegging og meisterleg leiing av songen. Kjennskapen til samversskikkane i Valdres var bakgrunnen for det fyrste han fekk prenta, Bryllupsskikke i Valders.

1850 gav Vang ut Gamla Reglo aa Rispo, ifraa Valdris, en Samling af Fortællinger, Sagn og Eventyr. Dette er den fyrste utgjeving av folkeminne på bygdemål og eit viktig pionerarbeid i norsk folkekultur og målsoge. Boka inneheld serleg segner og eventyr, og Vang hadde kontakt med og hjelp av både L. M. Lindeman og P. Chr. Asbjørnsen. Asbjørnsen verdsette Vang høgt og nytta fleire av eventyra hans i sine utgjevingar.

Av segnene etter Vang vart seks utgjevne i Universitets- og skoleannaler så tidleg som 1850, og mange segner og eventyr er prenta opp att i seinare samlingar som andre har gjevi ut. Hans Ross sette om to av eventyra til landsmål i Ein Soge-Bundel 1869, og Rasmus Løland har med 14 eventyr etter Vang i Norsk eventyrbok frå 1905.

Etter at Reglo aa Rispo kom ut, skreiv Vang ned eventyr, gåter, ordtøkje og anna folkeminne, ei samling på ikring 65 tettskrivne sider. Deler av dette tilfanget vart gjevne ut av fullmektig J. E. Nielsen 1871. Noko av materialet er forsvunni, men noko er funni att og utgjevi som hyllestskrift til femtiårsdagen for Jonas Skougaard 1946.

Som den fyrste til å gje ut folkeminne på målføre måtte Vang laga sin eigen språknormal, og han skriv til dømes den klanglause e-lyden med ø (ein finø aa storø Gut, ei Gjentø) og nyttar apostrofar (Gut'n, lit'n, Maurad'n). Utgjevarane endra noko på språket for å gjera det lettare å lesa.

Vang var òg ein viktig heimelsmann for Ivar Aasen, som var hjå Vang og noterte frå valdresmålet 1857. Professor Olav T. Beito skriv at skriftene til Vang har vorti ei av våre beste kjelder for eldre valdresmål, og at Vang hadde eit fint øyra for uttalen.

Andris Vang er ei hovudkjelde for L. M. Lindeman, som 1848 besøkte han for å få nytt liv i norsk kyrkjemusikk. Vang var fleire gonger hjå Lindeman i Christiania, og resultatet vart mellom anna at så å seia alle melodiane i Kingo si salmebok vart nedteikna etter Vangs tradisjon frå faren og bestefaren. I Toner fra Valdres av Øystein Gaukstad syner registeret ikring 130 Vang-melodiar medrekna variantar. Melodiar etter Vang er flittig nytta av norske komponistar frå Kjerulf og Grieg og fram til våre dagar.

Ein minnestein over Andris Vang vart reist ved Vangskyrkja 1884 og har inskripsjonar på både latin og valdresmål: “Pro literis et schola” og “Reist taa Valdriso”.

--

Foreldre: Skulemeister, skreddar og husmann Eivind Torsteinsson Ellingbø (1758–1817) og Velgjerd Andrisdotter (1755 el. 1757–1830). Gift 1832 i Vang med Jørand Eivindsdotter Krøsseikra (Berge) (1787 (døypt 3.4.)–30.3.1881), dotter til Eivind Trondsson Åbjør (Aaberg) (1746–ca. 1793) og Unn (Unnia) Engebretsdotter (Embriksdotter) (ca. 1751–etter 1840).

Biografi

  • Bryllupsskikke i Valders, i Skilling-Magazin, 1848, s. 62–64, 70–72 og 82–85
  • Gamla Reglo aa Rispo ifraa Valdris, en Samling af Fortællinger, Sagn og Eventyr, 1850
  • Kort Udsigt over en Skolelærers Levnetsløb, med et Tillæg af Bryllupsskikke og Kjøgemestervers fra Valdres, 1870
  • Gamla Segner fraa Valdres etter Uppskrift av Andres Eivindson Vang, utg. av J. E. Nielsen, 1871
  • Fraa Valdres. Upptekna umlag 1850 taa Andris Eivindson Vang. Noko attaat umskrevne o utgjeve av O. K. Ødegaard, 1915
  • Fire breve til P. Chr. Asbjørnsen fra Andris Eivindsen Vang, i Tidsskrift for Valdres Historielag 1917, Valdres 1917, s. 79–85
  • Optegnelser efter A. E. Vang, inneholdende to eventyr, seks sagn, samt et vers og en vise efter Langlegen, utg. som hyllestskrift til Jonas Skougaards 50-årsdag, 1946

Kjelder og litteratur

  • A. E. Vang: Kort Udsigt over en Skolelærers Levnetsløb (sjå ovanfor, avsnittet Verk)
  • NFL, bd. 6, 1908
  • R. T. Christiansen m.fl. (red.): Hyllestskrift til Jonas Skougaards 50-årsdag, 1946
  • K. Hermundstad (red.): Andris Eivindson Vang og verket hans. Eit 100-årsskrift, Leira 1951
  • O. M. Sandvik: Kingo-Tona. Ludvig M. Lindemans opptegnelser i Valdres i 1848, 1941
  • Tradisjonsinnsamling på 1800-talet. Stipendmeldingar frå P. Chr. Asbjørnsen, J. Moe, L. Lindemann, S. Bugge, M. Moe, Norsk Folkeminnelags skrifter nr. 92, 1964
  • Ø. Gaukstad: “Toner fra Valdres”, i Valdres Bygdebok, bd. 7, 1972
  • N. O. Bergheim: Folkeminnesamlaren Andris Vang, 1974
  • O. Bø: biografi i NBL1, bd. 17, 1975
  • R. Riste: Særmerkte drag ved forteljemåten i nokre norske eventyr, h.oppg., UiO, 1975
  • Ø. Gaukstad: “Med Ludvig Mathias Lindeman på vandring i Valdres for snart 150 år siden”, i Årbok for Valdres, Fagernes 1994
  • O. G. Bø (red.): Arvegull. Andris Vang og livsverket hans, Vang, 1995
  • Ø. Gaukstad: Ludvig Mathias Lindemans samling av norske folkeviser og religiøse folketoner, 1997
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1