Hopp til hovudinnhald

Stølsliv i Vestre Slidre

  • 1/1
    Knut, Andris og Randi Løken på Forostøl, Ristegilen, Vestre Slidre. Ukjent fotograf. VFF VS-2.1.

Torsdag 7. november kjem Gunnar Hauge og Frode Rolandsgard til Vennelaget for Valdres Folkemuseum for å fortelja i ord og bilete frå boka dei gav ut i fjor, Stølsliv i Vestre Slidre. Karane skildrar arbeidet på stølen i eldre tid, og stølslivet i dag. Dei fortel om den historiske bakgrunnen for stølslivet, og om kva fjellet som ressurs har hatt å seia for jordbruket i Valdres. Og ikkje minst kjem dei inn på dei kulturelle spora etter stølslivet i dagens fjellandskap: stølshusa, stølsvegane, kulturlandskapet og stadnamna.

Gunnar Hauge har trødd barneskoa i stølslaget Kvitehaugen innunder Okslefjellet og kjenner både det gamle og det nye stølslivet ut og inn. Både han og svigersonen Frode Rolandsgard har ei sterk interesse for kulturliv og lokalhistorie. Den interessa viser seg mellom anna i bøkene dei har gitt ut på forlaget Då måta.

Dette er det siste foredraget Vennelaget for Valdres Folkemuseum arrangerer i år. I samarbeid med Valdres Folkemuseum har det vorte seks foredrag i 2019, i tillegg til tur i utmarksområdet på museet og gardstur til Sør-Aurdal. Planane for nye foredrag i 2020 er alt på plass.

TID: Torsdag 7. november 2019 kl. 19.00.
STAD: Valdres Folkemuseum.
PRIS: 100 kr (gratis for medlem av vennelaget).
ARR: Vennelaget for Valdres Folkemuseum.

Museuskafeen er open før foredraget. Kjøp gjerne middag, kaffi og kake der.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1