I forslaget til statsbudsjett for 2021 aukar KUD driftstilskottet til Valdresmusea med ein million kroner. Auka er knytt til museets arbeid med mangfald og samfunnsrolle. Det er eit godt arbeid gjennom fleire år som gir uttelling.
Sidan 2008 har tilskottet til Valdresmusea auka med 3,3 millionar kroner. Også investeringstilskotta frå staten har vore store dei siste åra. Mellom anna eit tilskott på 2,4 millionar kroner i 2019 til arbeidet med dei nye utstillingane ved Valdres Folkemuseum. I ein kommentar til budsjettforslaget skriv regjeringa følgjande:
"Randsfjordmuseet og Valdresmusea har den siste tiden samarbeidet om en rekke prosjekter og bygget kompetanse rundt temaer som mangfold og samfunnsrolle. Museene ønsker å styrke sitt samarbeid ytterligere. På bakgrunn av dette foreslås å øke tilskudd til begge museene."
Fagernes, 7.10.2020