Hopp til hovudinnhald

Standardomvising

Valdres Folkemuseum 2024

Omvisarhefte Valdres Folkemuseum 2024

Inne i Skattebustogo

Begynn gjerne med plassere gjestane til bords. Be ein mann sitte i høgsetet, resten av menna på benken inntil veggen, og kvinnene på den andre benken. Kona på garden skal sitte enten på motsett side av bonden, eller som nummer to på benken, tenestejenta skal sitje nærmast bonden. Ønsk gjestane velkommen til Valdres Folkemuseum og fortel litt generelt om museet.

Om Valdres Folkemuseum

Valdres Folkemuseum vart etablert i 1901. I 1917 vart Valdres Folkemuseum flytt hit til Storøye. Grunnen til at museet vert lagt til Fagernes var at det skulle byggjast jernbane (Valdresbanen). Ideologisk var det to hovudgrunnar til at museet vert etablert:

Bygging av nasjonen

Frå mellomalderen og fram til 1905 var Noreg først i union med Danmark, og sidan i union med Sverige. Mot slutten av 1800-talet vart fleire og fleire opptekne av at Noreg måtte frigjere oss frå unionen med Sverige og at «den norske nasjonale kulturen og karakteren» på bygda skulle vera med å legitimere ein sjølvstendig norsk stat. Samlarar gjorde store oppkjøp av antikvitetar oppover langs dalstroka og bidrog til at kulturarven forsvann ut av bygda, dette var ein følgje av at norske bondeantikvitetar var svært populære i byane og i utlandet. Nasjonale straumar og ei auka interesse for norsk kulturhistorie, bidrog til at det fleire stader vart det etablert lokale museum.

Reaksjon på det moderne

Framveksten av norske museum var òg ein reaksjon på moderniseringa av Noreg om skaut fart på denne tida. I det gamle bondesamfunnet levde folk i eit naturalhushald. Dei baka, sanka, onna, mjølka, slakta, jakta og fiska. Dei konserverte maten, reparerte og produserte klede og reiskap, og dei bygde ofte òg husa sine sjølve. Det var eit kollektivt arbeidsfellesskap, der alle var med i arbeidet og gjorde det dei evna, uansett alder. Folk stelte naturen, dyra og kvarandre. Dei tok seg tid til å fortelje og bringe kunnskap vidare. Mange hadde svært godt handlag og skapte vakre gjenstandar, klede og musikk. Mot slutten av 1800-talet hadde verda vorten mindre, og nye trendar prega korleis folk dreiv jordbruk, bygde hus og kledde seg. Kunnskap som var overført frå generasjon til generasjon, gjennom hundrevis av år, var i ferd med å gå i gløymeboka. Med industrialiseringa overtok maskinar for hesten og menneska. Tradisjonelle hus, klede, gjenstandar og reiskap gjekk gradvis ut av bruk, vart rivne, kasta, gjett bort eller selt for ein billig penge.

Om husa på museet

Her på museet har vi i dag over sytti hus i friluftsmuseet, og alle er flytt hit frå andre stader i Valdres.

Husa er stort sett frå 1600-, 1700- og 1800-tallet. Dei fleste husa vi ser her vi står no vart samla inn før 1950. På den tida var museumsfolka mest opptekne av å kunne vise det beste Valdres hadde å by på. Desse husa vart organisert kommunevis, og husa vart lenge brukt som stad for bevaring og framvising av heile gjenstandssamlinga til museet. Planen med å sette opp husa kommunevis vart berre delvis gjennomførd og Vang er ikkje representert i byggeskikkavdelinga, då vi hadde ein brann her på museet i 1965.

Tankegangen for korleis ein bør samle inn og vise fram hus og gjenstandar på museum har endra seg mykje gjennom åra. Det ber dei ulike områda her i friluftsmuseet preg av. Lenger inn på området her finn vi difor både ein fjellgard, deler av ein storgard, ein husmannsplass, ein utmarksområde, eit stølsområde og eit fjellområde. Alt dét vart sett opp her etter 1950, i ei tid der tanken var å skape miljø som viste korleis husa fungerte saman i både tun og utmark, i bygda og på fjellet.

Byggjeskikk, Skattebustogo og den akerhusiske stoveforma

Dei fleste husa i Valdres var relativt små og dei var lafta. Det kunne vera mellom 10 og 20 hus på ein vanleg gard i Valdres, og husa hadde alle sin spesielle funksjon: våningshus, kårbygning, loft, stabbur, kyrfjøs, sauefjøs, stall, grisehus, fôrløe, smie, kvern, skåle, eldhus, i tillegg til hus på heimstøl, støl, langstøl og andre stader i utmarka.

Laftinga

Materialane som vart nytta i husbygginga var lokale; med tre og stein som viktigaste byggematerial. Det hende folk bygde heile hus av stein, i så fall var det helst hus for dyr (steinfjøs) eller små jaktbuer på fjellet. Men det vanlege i Valdres var å bygge hus av tømmerstokkar som vart lafta saman. Dei festa stokkane saman i hjørna, og for at veggane skulle bli tette, måtte kvar stokk bli tilpassa til kvarandre på over- og undersida, og imellom stokkane fylte ein mose, filler, gamle klede og liknande for isolasjon. Slike lafta hus kan flyttast frå ein stad til ein annan, ved at ein sett nummer på stokkane, tek ned ein og ein stokk og fraktar dei til ein annan stad der ein sett huset opp att, nesten som i eit byggesett. Med ein god grunnmur av stein og eit tett tak, kan slike lafta hus stå i hundrevis av år.

Med innføring av peis og skorstein vart det i tillegg mogleg å bygge i to høgder. I Valdres kalla dei bustadhus i ein høgde for ei stove, medan hus i to høgder var ein bygning. Derfor er vi nå ikke i SkattebuSTOGO, mens på andre sida her ligg RogneBYGNINGEN.

Skattebustogo vart bygd på 1700-talet og satt opp på museet i 1923. Var bustadhus fram til 1898. Huset er et typisk eksempel på den akershusiske stoveforma.

Den akershusiske stoveforma

Sosiologen Eilert Sundt la merke til korleis bustadene på Austlandet likna kvarandre då han reiste rundt i landet på 1860-talet og registrerte den norske byggeskikken. Han kalla denne planløysinga for «den Akershusiske stoveforma», etter det som på den tida var Akershus Amt.

Anten folk hadde bygd i ei eller to høgder, var grunnplanet altså stort sett likt. Det var tre rom; eit opphaldsrom – og to mindre rom (klevar) som vart nytta som sengekleve og vasskleve. Også peisen og veggfaste skåp, senger og bord var stort sett likt plassert. Denne planløysinga var den vanlege frå 1600-tallet og til langt inn på 1800-tallet på den austnorske landsbygda, anten huset var stort eller lite.

Kårfolk

Tidlegare eigarar av ein gard budde òg på garden. Dei som eigde jord, hadde slik sett sikra alderdomen. Som del av salet av garden, sette dei opp ei livaurs-kontrakt (kårkontrakt) med ei rekkje plikter og tenester som den unge gardbrukaren måtte utføre for foreldra sine, det kunne til dømes handle om kor mykje ved og mat dei skulle ha, og at dei skulle få «ein sømmeleg gravferd». Nokre gonger var også besteforeldre eller sysken ein del av kontrakten. Sengekleven vart som før nemnt nytta av dei gamle på garden. Var det kårstove på garden, flytte dei gamle inn der, men inn til sist på 1800-talet var det stort sett berre dei største gardane som hadde kårhus

Matstellet i opphaldsrommet

Det meste av den daglege matlaginga gjennom året gjekk føre seg her:

I peisen varma ein velling og graut av byggmjøl eller havre, med vatn eller mjølk, som ein serverte med brim eller surost. Her steikte ein flesk og kokte potet, og her brann ein kaffi-bønner og kokte kaffi. Elles vart det steikt goro i gorojern som festmat. Peisen var viktigaste lys- og varmekjelde, og stod alltid i hjørnet ovanfor inngangsdøra, fram til folk begynte med vedomnar kring 1850. Peisen i denne stua er laga av kleberstein og er lett og forme og held varmen godt.

Fatskåpet stod bak døra. Der oppbevarte ein t.d. ølbollar, krus og tallerkenar av tre.

Framskåpet eller matskåpet stod mellom døra og høgsetet. Hylla over bordet vart kalla bordkrone, og ho òg vart nytta til å oppbevare kjerald, mat (til dømes spekekjøt og flatbrød av potet og bygg) og mjølkeprodukt (som smør og ost).

Langbordet hadde òg fast plass, det same gjaldt korleis folka satt rundt bordet. Bonden satt øvst, i høgsetet, mellom framskåpet og hjørneskåpet. Gardkjerringa satt på den nedste bordenden. Den lange benken langs veggen var for mannfolka på garden. På benken inn mot rommet satt jentene og kvinnfolka. Der var det kort veg til gryter og kjøkkenstell. Måltida var styrd av rytmen av ein arbeidsdag.

Vasskleven: I ei tid lenge før ein hadde innlagt vatn, var det eit tungt arbeid å bera mange bytter med vatn kvar dag – både til dyra i fjøset og hit til huset der folk budde. Vassbyttene vart sett anten i opphaldsrommet eller i vasskleven. Vasskleven vart elles brukt som grovkjøkken for arbeid med kjøt og mjølk, som spiskammers og vaskerom. 

Kveldane og frieri

Etter at fjøsstellet og arbeidsdagen ute var over, nytta gamle og unge, sjølvfolk og tenestefolk, det siste dagslyset, peislyset og peisvarmen til ulike aktivitetar inne. Særleg gjaldt dette gjennom den lange og mørke vinteren. I peisen her finn vi ein sup/lyspeis med eige avtrekk som var nytta til å brenne tyri (bitar av fururøtter med kvae i). Ein slik sup gav ekstra lys i opphaldsrommet på kveldane. Talg til lys fekk ein berre i slaktetida, og det måtte sparast til høgtidene. På bordet står det eit mangletre med kavl. Mangletreet (med kavl) er ei kaldrulle til å glatte tøy. Det fuktige tøyet vart rulla fint rundt kavlen. Kavlen og det fuktige tøyet vart deretter pakka inn i eit grovt handkle. Med mangletreet rulla ein kavlen framover på bordet. Handtaket på mangletreet er som regel eit stilisert hestemotiv, som er eit eldgamalt fruktbarheitssymbol. Mangletreet kunne òg vera ei friargåve som gutane laga sjølve. Dersom jenta tok imot mangletreet, var dette eit teikn på at guten og jenta var forlova. Friarar kunne ikkje gje same mangletreet til fleire jenter.

Nettene og korte folk

Kvar sov folk? Det stod veggfaste senger lengst frå inngangsdøra, lengst unna trekk og kulde, både i opphaldsrommet og i sengekleven. I senga i opphaldsrommet låg bonden, kona og eit eller to av dei minste barna. I sengekleven budde dei eldste på garden. Ungane og ofte òg tenestfolket sov i slagbenker og i kasser med halm eller fôr. Ein kunne til dømes ha ein stor skuff fylt med fôr innunder sengene som ein trakk fram om natta. Somme stader la dei plankar på bjelkane oppe på raustet, slik at dei fekk ein hems. Eldre barn og tenestefolk kunne sove i fjøset med dyra. Der var det godt og varmt. Om sommaren var det nok òg mange som fann soveplass på låven eller i andre hus på garden. Det var heller ikkje uvanleg at nokon sov i fjøset, der var det varmt året gjennom.

Korleis må det ha vore å bu så mange i same hus? Korleis var det å bu så tett saman den yngre familien – svigerforeldra – tenestfolk – legdefolk?

Kvifor var sengene korte? Truleg fordi folk søv dels sittande, støtta opp av puter i ryggen. Dette var gjengs i hele Europa. Ein del meiner at dett var fordi dei ikkje ligge strekt ut før ein låg på likstrå og ein meinte det ikkje var bra å få for mykje blod i hovudet. Samstundes var nok folk flest òg lågare enn i dag – på grunn av ernæringa. Dørene brukte også å vere låge, men det er fordi ein ynskja minst mogleg kulde til å komme inn, det vart også sagt at om ein fiende skulle komme inn, så måtte hen bukke fordi døra var kort, og da kunne hen angripast.

Når vart det slutt på denne måten å bu på?

Det skjedde gradvis frå sist på 1800-talet og utover. Etter kvart som husa vart større og folk fekk elektrisk varme i alle rom vart òg samveret kring lys- og varmekjelda endra. Eit anna arbeidsliv, skulegang, butikkar og velferdstenester tok gradvis over for det gamle naturalhushaldet.

Andre detaljar i Skattebustova

Roskåpet/hjørneskåpet hadde bonden på garden nøklar til. Kva hadde bonden der? Her oppbevara han sine mest verdfulle saker, som bibel, viktige dokument, tobakk, skjenkeglas og brennevin.

Rosemåling var på moten i kring hundre år frå kring til 1860-/1870-talet. Rosemålinga på skåpa her i Skattebustova er frå midt på 1850-talet, her var altså skåpa måla ca 130 år etter at huset var nytt. // Stilimpulsane kom nok ein gong utanfrå, med Kongevegen. Det finst mange døme på rosemåla inventar og veggar frå siste halvdel av 1700-talet i Valdres, særleg i kyrkjene og på skåp og kister.

Eit kort stopp på Øystre Slidre tunet

Høveloftet

Frå kring år 1300, er det eldste huset her på museet. Her oppbevarte ein reiskap og mat i fyrste høgda, og klede og bygdas soldatutstyr i andre høgda. Loftet vart flytt til museet under krigen. Dette huset har ikkje alltid hatt skifertak, og ein kjenner ikkje til korleis svalgangen ein gong var. Men tømmerkassa er over 700 år, og er av dei eldste husa i Valdres utanom stein- og stavkyrkjene. Det er òg mange andre detaljar som vitnar om at dette er eit ordentleg gamalt hus; til dømes utskjeringane rundt døra oppe, korleis spikrane er smidd og lafteteknikken.

Røgnebygningen

Vart bygt kring 1680 og sett opp her i 1923. Bygningen stod før på garden Sørre Røgne i Øystre Slidre. Den garden var av dei største i bygda, og garden har vore både kapteinsgard, lensmannsgard og etter kvart skysstasjon. Desse to bustadhusa frå Røgne og Skattebu er frå om lag same tid, frå to av dei største gardane i Øystre Slidre. Husa var difor større enn kva som vanleg var på både 1600-, 1700- og 1800-talet.

Eit kort stopp før festplassen

Idrettsplass

Fram til omtrent andre verdskrig stoppa museet her. Den flate festplassen var ein idrettsplass, og det vart nokre uhell med fotball og sjeldne vindauge i Haftonbygningen og Prestøy, som da var satt opp. Haftonbygningen har vindauge med blyinnfatning. Dette var den tidlegaste forma for vindauge i Noreg; små grøne glasbitar sett saman ved hjelp av smale blyspilar. Dei eldste blyglasvindauga vart sett inn i kyrkjene på 1500-talet og noko seinare i husa til dei aller rikaste. Grunnen til at glasbitane er små og grøne kjem av måten glaset vart framstilt på. For det fyrste var ein ikkje i stand til å framstille klart glas. For det andre vart glaset blåst til ei stor, rund skive som sidan vart kutta opp i mindre bitar. På 50-tallet kjøpte museet resten av området, som vi fortsatt har i dag.

Tak

Som dykk ser, så er det to typar tak som går igjen. Lenge la dei torvtak, og frå 1700-talet vart det vanleg å legge skifer på taket. Skiferen er frå Valdres, og den vart eksportert til fleire land i Europa. Spesielt for Valdresskiferen, er at den kunne skjerast så tynn at den kunne brukast på tak.

Bordkledning

Utover 1700-talet bygde fleire i Valdres oppgangssager som vart drivne av krafta i elver og bekker. Med det vart det òg mogleg å skjera panelbord, og slik kunne ein legge både ut- og innvendig panel på husa. Også her var det prestar, embetsmenn og etter kvart bønder på større gardar og landhandlarar som gjekk føre – det same gjaldt måling av panela. Panel skåre på oppgangssag pleier vera breie, dei følgjer bredda på tømmerstokken, og er difor ofte smalare i den eine enden enn i den andre. (Sjå til dømes inne i Haftonbygningen)

Måling

Bruk av utvendig måling kom fyrst på embetsmannshus, skysstasjonar, krambuer og storgardar, og breidde vidare om seg frå kring 1900. Det er såleis ikkje tilfeldig kva for hus på museet som er måla; Skysstasjonbygningen Nystøga frå Filefjell, ishuset «Susen» frå skysstasjonen Frydenlund i Aurdal, krambua Søvelheim frå Vang, bensinbua frå Fagernes og storgardsbygningen frå Flatigarden. Også Røgnebygningen som stod på ein embetsmannsgard og seinare skysstasjon, var i si tid raudmåla.

Frå festplassen kan ein tilpasse kvar ein går etter publikums ynskjer, vær og eigne interesser. Eg går gjerne inn i Hafton (når ikkje Reidun er der) og deretter til Amerikahuset. Det er også mogleg å gå på Kvie og videre opp på Stølen viss publikum ynskjer det, og ein har nok tid til rådigheit. Omvisinga skal vare omtrent 45 minutt, og ihvertfall ikkje meir enn ein time.

 

Inne i Haftonbygningen

Ola og Svarteboka

Haftonbygningen ble satt opp i 1763, og flytta til Valdres Folkemuseum i 1923. Bygningen frå Leirskogen er frå 1760-talet og er ein toetasjes bygning med svalgang i begge etasjar. Inne er det rosemåling frå siste del av 1700-talet, både på inventaret og til dels på veggane. Motiva på døra og veggene er truleg måla av Simen Haug, medan ein del meiner at Ola Hermundson Bergji har måla senga. I så fall må det ha skjedd ein del år etter at bygningen vart sett opp. Dette viser at bygningen er frå ein veldig velståande gard.

Haftonbygningen har idag difor torvtak og blyglasvindauge, som dei meinte at den hadde hatt ein gong. Det var Ola Andersson Hafton (1728–1809) som åtte Hafton då bygningen vart sett opp. Det går rykte om at er eit gjenferd, dette kan være spennande og fortelje om ein har ungar med på omvising. Ola skal ha hatt svarteboka, som ligg på inne i bygningen, og tradisjonen fortel at han ved hjelp av den fekk alt tømmeret til gards i løpet av ei einaste natt.

Folketru og kristentru

Religionen og kyrkja tok stor plass i folks daglegliv, samstundes levde folketru og kristentru side om side. I dag kan det kanskje verke underleg at både religion og det vi ser på som overtru var så viktig del av livet. Men i ei tid der utdanninga i generasjonar fyrst og fremst handla om bibellære, er det kan hende ikkje å rart; haugafolk, kjerringråd, skikkar og segn hadde en funksjon i kvardagen i dette livet, medan kristendommen òg sikta mot livet etter døden.

Haugafølk: Livet har til alle tider gitt rom for opplevingar av det som i dag gjerne blir kalt «folketru» eller «overtru», ei tru på at det fanst ein parallell verd under bakken der det budde ulike vesen. Haugafolket var ein integrert del av dagleglivet, ikkje minst på stølen. Der meinte ein at ei vellykka stølsdrift var avhengig av samarbeidet med dei underjordiske. Haugafolket kunne både lønne og straffe etter korleis folk oppførte seg. Det gjeld med andre ord å ha eit godt forhold til haugafolket, elles kunne dei lage til spetakkel og problem for budeia.

Det var mange ritual som vart utført for å komme overens med dei underjordiske, her er nokre døme:

  • Å banke på døra før dei låste seg inn, trampe i golvet eller skramle med inventaret eller å dra opp til stølen før burfarsdagen for å si høgt kva for dag dei skulle komme eller (for at dei underjordiske kunne komme seg unna samtidig som folk vart meir beskytta frå dei magiske kreftene).
  • Å aldri å slå ut varmt vatn eller varm myse utan å varsle (for at haugafolket ikkje skulle brenne seg og dermed hemne seg på dyr og folk).
  • Å risse krossteikn i mjølkekjerald og over dører (for å beskytte mot destruktive krefter).
  • Å flytte stølshus på grunn av uregjerlege haugafolk.

For nokre er framleis opplevinga av «dei underjordiske» eller «haugafolket» på stølen ein naturleg tanke og noko ein forheld seg til i det daglege livet til fjells.

Byting

Når kvinner i eldre tid skulle føde var det viktig at haugafolket ikkje skulle sjå den nyfødde ungen. Udøypte ungar kunne bytast med haugafolket sine eigne ungar, altså ein byting. Dersom haugafolket likevel skulle få bytt til seg den nyfødde ungen, hadde bytingen gjerne ein lute på ein eller anna måte. Det er grunn til å tru at ein då ikkje følte same ansvaret for barnet, sidan ein då hadde med ein byting, og ikkje sin eigen unge, og gjera. Stelte ein godt med bytingen til tross for eventuelle avvik, kunne ein leva i vona om at eins eigen unge fekk like godt stell hjå haugafolket. Byting er ennå i bruk som skjellsord i Valdres.

Utanfor Amerikahuset

Om sjølve huset

Amerikahuset på Valdres Folkemuseum vart sett opp i 2006 av utvandraren Knud Knudsen Neste frå Vestre Slidre, som bygde seg dette huset då han busette seg ved Decorah i Iowa i 1854. Tilbakeføringsprosjektet var et samarbeid med Vesterheim Norwegian American Museum i Decorah Iowa. Etterkomarane av Knud ga huset i gåve til Valdres Folkemuseum, og vart oppsett i 2007. Alle dei andre gamle husa på museet er hente frå ulike stader i Valdres, men dette huset er eit unntak. Huset har vore blant anna bustadhus, hønsehus og garasje. 

Husmenn

Folkevekst og press på jordressursane: Tidleg på 1600-talet var dei fleste i Valdres bønder, medan den siste femtedelen stort sett var tenest-, legds- og fattigfolk. I løpet av 1800-talet endra denne samansetjinga endra seg mykje. Ei sterk folkeauke på 1800-talet, ikkje minst på grunn av koppervaksina og at poteten gav betre tilgang på mat og at levealderen med det auka. Med befolkningsveksten vaks òg ei ny samfunnsgruppe fram i Valdres, husmannsstanden. Den aukande folkemengda måtte nemleg sysselsetjast innanfor jordbruket. Det starta med ei oppdeling av gardsbruka. Etter ei tid var gardane delte så mange gonger at dei ikkje kunne delast meir om det skulle vera levebrød for ei familie. Dei som ikkje hadde høve til å ta over nokon gard, måtte rydde seg nytt land, om dei ikkje ville gå som tenestefolk eller innerstar (leigebuarar utan land) reisten av livet. Desse små nyryddingane vart kalla husmannsplassar. I 1865 var det 1221 husmannplassar i Valdres. Resultatet var at plassane vart mindre, og husa ofte færre enn tidlegare. Talet på husmannsplassar gjekk attende etter 1855, som følgje av utvandring til Amerika og etter kvart utflytting til byane, mindre behov for arbeidskraft med den teknologiske utviklinga i landbruket og at mange kjøpte plassen sin og vart småbrukarar.

Utvandringa

Kvifor drog dei?

Mot slutten av 1800-talet gjekk behovet for arbeidskraft ned. Jordbruket endra seg mykje med ny teknologi, opplysningsverksemd og modernisering av driftsmetodar. Dette gav auka avlingar, større åkrar, fleire dyr, endra bruk av utmarka og auka produksjon per innbyggjar. Dette vart ei stor utfordring i eit samfunn der det allereie var fleire folk enn det var næringsgrunnlag for. Dårlege materielle levekår (for særleg husmenn) og draumen om eit betre liv var av faktorane som særleg bidrog til at folk utvandra til Amerika. I tillegg baud amerikanske styresmakter fram eigedom (Homestead Act frå 1862), og dei fleste kjende etter kvart mange i Amerika, noko som i seg sjølv nok også lokka mange «over blåmyra».

Kven drog?

Det var særleg yngre folk som drog, og menn var i fleirtal. Familieutvandringa var òg stor, til dels med store barneflokkar. Alle sosiale lag var representert, men underklassa var i fleirtal. Dei med jord hadde lettare for å få finansiert billett enn dei utan. Svært mange husmannsfolk drog, men mange vart nok òg att fordi dei problem med å finansiere reisa. Ein del fekk billetten betalt av fattigkassa, slik vart kommunen kvitt framtidige utgifter.

Kor mange drog?

Emigrasjonsforskar Terje M. H. Joranger meiner at minst 17 000 utvandra frå Valdres mellom 1836 og 1940 (altså omtrent like mange som bur i Valdres i dag), og at nær 900 000 nordmenn gjennom tidene utvandra til Amerika. Det var berre Irland som hadde større utvandring i Noreg, samanlikna med folketalet. Og i Noreg var det berre Sogn som hadde større utvandring enn Valdres. Det var folk frå alle samfunnslag som drog, og utvandringa var størst i åra 1860-1880.

Korleis?

Overfarten tok to månadar med seglskip eller to til tre veker med dampbåt, og både reisa og nybyggjarlivet i Midtvesten var ofte tøff.

Spørsmål til dialog

Einaste moglegheit for å ha ein viss kontakt med gamlelandet var gjennom brev. Korleis må det ha vore å forlate alt?

Korleis tek vi i dag mot lukkejegerar og flyktningar frå Midt-Austen og Ukraina?

På Kvie - fjellgard frå Vang

Det vanlege busettingsmønsteret i Noreg er spreitt busetnad. Det finst likevel eldre eksempel på at gardar kan liggje så tett inntil kvarandre at dei meir liknar ein tettstad. Kviistunet på museet kjem frå ei slik gardklynge. Fram til utskiftinga i 1908 danna fem tun, med til saman 33 hus, ein liten tettstad like ved Høre stavkyrkje. Til dei fem Kviesgardane høyrde også 12 husmannsplassar, som låg like i nærleiken. Kvien var tingstad på midten av 1600-talet. I 1646 kom det pålegg frå styresmaktene om at det skulle vera ein skyssbonde for kvar 3. mil. I perioden 1646–1821 var Kvien skysstasjon og herberge. Sidan vart vegen lagt om og Øylo på vestsida av dalføre fekk kongebrev og rett til å drive skysstasjon. Husa var i bruk fram til dei vart flytte til museet på 1950-talet. Husa frå Kvien er bygd i perioden 1600–1850, og var flytt og sett opp på Valdres Folkemuseum i 1959–1960.

Kvie på Valdres Folkemuseum står fram som ein typisk fjellgard i Øvre Valdres. Slike gardar hadde gjerne fleire husmannsplassar. På Valdres Folkemuseum skal Øvre Fristadplassen illustrere husmannsplass under Kvien, og er plassert lenger ut i utmarka. Her kan ein snakke meir om husmannsplassar og stølsliv. På Kvie kan ein også fortelje om Kviesveka og gardsarbeidet museet gjer denne veka. Er det born med, la dei gå bort til dyra.

Om fjøset på Kvie

Huset er tømra av grov furu. I fremste romet var det kyrbåsar. I det inste romet var det grisebinge, sauebinge og kalvebinge for nokre større kalvar, og båsar for ungfe.

Innmarka

Innmark vil seia all dyrka jord, som åker, eng, kulturbeite, hage og yngre plantefelt – og gardsplassen. Innmark er òg gardsplass.

Frå gamalt av var bygg viktigaste matplanta, men ein dyrka òg rug, blandakorn (blanding av havre og bygg), havre, grå og kvite erter, hamp, lin, kålrot og neper. Poteten kom i bruk i Valdres alt i 1750-åra, men vart ikkje vanleg mat før eit stykke ut på 1800-talet. Innførte engfrø (kløver, timotei) kom fyrst på 1800-talet. Gras på jorder, i grøfter, brattbakker og rundt husa vart slått, turka og nytta vinterfôr til dyra. Kulturlandskapet i Valdres såg annleis ut enn i dag, det kan ein sjå av gamle bilete der det var lite tre og skog nede i bygda. Dette var dels fordi alt beite var nytta, dels fordi ein nytta tre til ved.

For å få nok mat til seg sjølve og dyra, måtte ein utnytte ressursane i både innmark og utmark. I det gamle bondesamfunnet levde folk i eit naturalhushald, det ein stelte naturen, dyra og kvarandre som best ein kunne – slik at ein kunne klare seg gjennom dei lange vintrane. Det var eit kollektivt arbeidsfellesskap, der alle var med i arbeidet og gjorde det dei evna, uansett alder. Stikkord her er til dømes: Mjølke, kinne, gjera reint i fjøset, slå, rake, hesje, hogge tømmer, kløyve ved, plukke stein, sanke, bake, slakte, bygge, jakte og fiske. Dei konserverte maten, reparterte og produserte klede og reiskap, og dei bygde ofte òg husa sine sjølve. Særleg sommarhalvåret kan det ikkje vore mykje fri og få; då måtte dei produsere nok mat til at både folk og dyr skulle klare seg gjennom lange, kalde, mørke og snørike vintre.

Utmarka

Utmark vil seia udyrka mark, vatn, strand, myr, skog og fjell.

Det var for lite fôr i innmarka til å halde liv i buskapen gjennom vinteren. Difor vart utmarka nytta på ymse vis. Naturressursane gav matauk for både folk og dyr på garden.

Beite: Det vart laga inngjerda område nær innmarka, der dyra fekk beite fyrst og sist i sommarhalvåret. Men særleg var det næringsrike fjellbeitet som var viktig for buskapen.

Slått: Når høyonna var unnagjort heime, hausta bønder og husmenn mykje fôr i utmarka. Frå gamalt av var det små utmarksløer både på stølane og overalt i utmarka, og desse vart nytta til å samle dyrefôr nok til lange vintrar. Fôret vart henta heim med hest og slede utpå vinteren. Høy var det beste dyrefôret, men gardane hadde ikkje areal nok til å fø dyra berre på høy. Det måtte difor skøytast på med anna fôr, til dømes bork, lauv og bork frå trea.

Tilleggsfôr: Kvist og lauv vart lagt saman i buntar (lauvkjerv), og til tørk i eigne løer. Lauv kunne òg bli tørka i lauvkuver. Ein la då lauvkjervane rundt ei høveleg stor gran. Kjervane vart lagde med toppen inn og litt på skrå oppover, slik at vatnet rann av. På toppen vart det laga ei hette av granbar. Kunnskapen om tilleggsfôr vart elles brått relevant tørkesommaren 2018.

Fiske, jakt og sanking av bær skaffa òg mat. På museet finst både ei fiskesløe (nær stølen), fiskebu (langs Strøndafjorden), og fangstanlegg med mellom anna reinsbu i stein og bøgahi for å fange rein (fjellområdet).

Avslutningsvis

Avslutt omvisinga med å si takk for oppmerksamheita og gi dei moglegheit til å stille spørsmål. Kan du ikkje svare (ingen kan svare på alt, det er null stress!), si at du anten kan finne det ut for gjestane eller be dei ta kontakt med nokon faste tilsette som kanskje kan hjelpe. Vis gjerne gjestane vegen opp på stølen, eller til dei andre utstillingane inne i Slidrehuset eller Velkomstbygget.

Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2