Hopp til hovedinnhold

Søvn - ei kulturhistorie

Foredrag

Velkomen til foredrag om søvnens kulturkulturhistorie v/kulturhistorikar Bjørn Sverre Hol Haugen.

TID: Torsdag 19. januar 2023 kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 100 (gratis for dei med årskort)
ARR: Valdresmusea

Søvn er ein forunderleg tilstand. Når vi søv er vi fysisk til stades, men likevel fråverande. I søvnen er vi heilt for oss sjølve og utilgjengelege for omverda, samtidig som kroppslege lydar og rørsler vitnar om aktivitet. Søvn er biologisk naudsynt; vi må alle sova. Mennesket har ein naturgjeven trong til ei viss mengde søvn for å fungere. Difor er det lett å tenkje seg at søvnen har arta seg lik over lang tid. Løfter ein fram eit utsnitt av søvnens kulturhistorie, kommer eit meir nyansert bilete fram. Det syner korleis den biologiske søvntrongen er tilpassa til ulike tider og ulike samanhengar – korleis søvn er strekt på, har vori eit knapt gode eller ein luksus.

Bjørn Sverre Hol Haugen (f. 1972) er kulturhistorikar frå Universitetet i Oslo, med ph.d.-avhandlinga Virkningsfulle tekstiler – i østnorske bønders draktpraksiser på 1700-tallet. Han var redaktør og hovudforfattar for Norsk bunadleksikon (2006) og har mellom anna publisert om drakt, museum og søvn. I dag er han tilsett som fyrstekonservator NMF ved Norsk Folkemuseum, samstundes som han underviser i kulturhistorie og museologi ved Universitetet i Oslo.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1