Torill Thømt har forska på mellomalderjern og smijern i Noreg gjennom eit langt museumsliv. No kjem ho med bok og vi ynskjer alle velkomen tilboklansering med mottaking, musikk og foredrag. Her kan du bli betre kjent med smijernstradisjonane i Noreg.
STAD: Valdres Folkemuseum
TID: Onsdag 31. august kl. 17.30
Meir om arrangementet
Valdresmusea har gleda av å invitere deg til bokslepp på Valdres Folkemuseum.
Boka «Smijernsbeslag fra norske middelalderkirker» gir ein oversikt over beslag på steinkyrkjer og stavkyrkjer frå mellomalderen i Noreg. Boka tek for seg beslag på originale, eldre dører, beslag fløtt over til nye dører og beslag bevara i norske museum.
Det er Torill Thømt som er forfattaren av boka. Ho er mangeårig forskar på jern og smitradisjonar i Norge. Magistergraden i kunsthistorie frå 1978 handla òg om jern og smiding frå mellomalderen. Som direktør og 1. konservator ved Hallingdal Folkemuseum og Valdresmusea bidrog ho til å styrke samarbeidet mellom musea og forskingsmiljø på dette området. Boka blir gitt ut av Institutt for sammenlignende kulturforskning og NOVUS forlag. Under lanseringa vil forfattaren presentere boka, og vi får høyre song med Gyda Grøndalen, Kari Sundvoll og Silje Helland.
Vi håper du vil nytte høvet til å bli betre kjend med smijernstradisjonane i Noreg.
Program:
- Mottaking i peisestova kl. 17.30
- Foredrag, musikk og samtale kl. 18.00