- 1/1
Ahmed Umar. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
Hausten 2022 arrangerer vi for andre gong seminar om skeiv bygdehistorie. Vi spør oss om korleis skeive tematikkane er blitt løfta fram ved musea dei seinare åra. Korleis har ulike miljø arbeidd for å fortelje skeive lokalhistorier? Kva for perspektiv på skeive liv og skeiv kultur kjem til uttrykk ved musea i dag?
TID: Torsdag 13. oktober 2022
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 1500
PÅMELDING: Klikk her
SPØRSMÅL? Kontakt info@valdres.museum.no eller 911 03 969
OVERATTING: Overnatting bestiller du på Scandic Valdres eller Fagernes Camping.
ARR: Valdresmusea og Randsfjordsmuseet
Program
09.00 Kaffi
09.30 Kunstnarisk innslag
09.45 Velkomen
10.00 Arbeidet med skeiv lokalhistorie // Marthe Glad Munch-Møller, Norsk lokalhistorisk instiutt
10.30 Historia om stortjuven Lasse-Maja (1785-1845) // Sam Holmqvist, Södertörns högskola (digitalt frå Sverige)
11.00 Den fektande kvinna Janken Wiel-Hansen (1868‒1938) // Bodil Andersson, Østfoldmuseene
11.30 Lunsj
12.00 Polarhistorie på skeiva // Silje Gaupseth, Polarmuseet
12.30 Skeivheit til sjøs // Bård Gram Økland, Bergen sjøfartsmuseum
13.00 Skeivt seterliv // Bjørn Sverre Hol Haugen, Norsk Folkemuseum
13.30 Kaffi og kake
14.00 Skeiv utan stigma. Peparmøene si historie // Tone Hellesund, Universitetet i Bergen
14.30 Å fortelje fortellinga om Noregs fyrste dragartist // Per Olav Torgnesskar, Museene i Akershus
15.00 Skakke folkedrakter // Samtale om skeivheit i kunsten med Ahmed Umar med fleire
15.40 Kort pause
16.00 Musikteater Unna viser teateret: «Maria Johansdotter – en transpersons historie»
19.00 Festmiddag på museet
Med atterhald om endringar
- 1/1
Frå teaterforestillinga om Maria Johansdotter (mariajohansdotter.com)
Skeiv bygdehistorie på YouTube
I 2020 arrangerte vi seminaret Skeiv bygdehistorie for fyrste gong. Seminaret vart streama og innlegga ligg tilgjengeleg på YouTube.