STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
TID: Torsdag 15. oktober 2020
Musea er del av infrastrukturen i eit demokrati. Men demokratiet funkar ikkje om ikkje alle kjenner seg heime i det. Derfor har arkiva og musea plikt til å sikre spor etter oss alle. Korleis kan homohistorie og kjønnsoverskridande praksis bli ein større del av museet sitt arbeid?
Valdresmusea, Randsfjordmuseet og Opplandsarkivet ynskjer velkomen til seminar om skeiv bygdehistorie torsdag 15. oktober på Valdres Folkemuseum på Fagernes. Målet med seminaret er å løfte fram mangfaldet av livshistorier. Målgruppe er tilsette i museum og arkiv, studentar, forskarar, politikarar, bygdefolk og andre interesserte.
Deltakaravgift kr 800,- (inkluderer seminar og festmiddag), elles kr 400,- (for dei som berre skal vere med på seminaret). Maks 50 deltakarar.
PROGRAM
12.00 Velkomen ved Hans Philip Einarsen og Ole Aastad Bråten
12.30 Arbeidet ved Skeivt arkiv, ved Bjørn André Widvey
13.00 Skeiv sex før homoseksualiteten kom til Norge, ved Tone Hellesund
13.45 Kaffi og kake
14.00 Petronelle Nielsens (1797-1886) dagbøker, ved Marie Kløvstad Øye
14.30 Skihopparen Johanne Kolstad (1913-1997), ved Ole Aastad Bråten
15.00 Kjelder og idear for skeiv bygdehistorie, ved Bjørn Sverre Hol Haugen
15.45 Kaffi og kake
16.00 Interseksjonalitet og doble minoritetar, ved Thee-Yezen Al-Obaide
16.45 Kva no? Inge Alexander Gjestvang (leiar i Foreningen FRI) og Ragnhild Lund (leiar i Valdres Pride) i samtale med Knut Aastad Bråten
17.45 Oppsummering
19.00 Middag, fest og underhaldning
Påmelding til: ole.aastad.braten@valdres.museum.no
Overnatting bestiller du på Fagernes hotell, telefon 61 35 80 00.