Hopp til hovudinnhald

Sjølvberging og daglegliv

i Dølvesbygde spesielt og Valdres generelt

Grenda Dølvesbygde i Valdres strekk seg frå elva Begna, forbi Islandselve og vidare opp i lia til den gamle garden Dølve og nord til Plassaåsen. I følgje bygdebokforfattaren Jon Ola Gjermundsen låg dette området øyde etter Svartedauden, og garden Dølve skal truleg har vore i drift att utpå 1500-talet.

Befolkningsvekst og jordmangel
I 1750 var levealderen i Noreg berre 35 år, 25% av alle barn døydde før dei vart eitt år gamle, og endå fleire døydde før dei vart ti år. I hundreåret som kom endra dette seg mykje. Med betre helsestell, kopparvaksine, betre kosthald og betre eldstader i husa auka innbyggjartalet i Valdres jamt oppover og meir enn fordobla seg frå år 1800 og i tiåra som følgde. Folkauka bidrog til at stadig fleire vart eigedomslause. Dette førte til ein stor utbygging av husmannsplassar. Mange husmenn var sjølve gardbrukarsøner eller døtrer, men etter kvart rekrutterte husmannsklassa i stor grad seg sjølv.

Dei fyrste husmannsplassane som vart bygd under garden Dølve var truleg Islandsmoen og Nørre Dølvesetre, begge i lia nede i dalbotnen. Begge plassane vart sjølveigande allereie midt på 1700-talet. I hundreåret som kom vart det bygd mange fleire små husmannsplassar oppetter lia. Plassane låg einsleg, spreidd og ofte brattlendt oppetter lia og litt innover åsen. 

Folk og levekår
Då Gjermundsen skreiv bygdebøkene for Sør-Aurdal, telte han i folketeljinga for 1865 innbyggjartalet i Dølvesgrenda til å vera til saman 136 personar fordelt på kring 30 husstandar. Av desse var 56 husmannsfolk, 55 «bondefolk», 7 tenestefolk, 6 handverkarar, 4 arbeidsfolk, 4 understøtta av fattigvesenet og 4 såkalla «andre».

Alle desse levde i eit sjølvbergingssamfunn der dei sjølv måtte produsere det dei trengte gjennom året. På alle gardar og husmannsplassar var det husdyr. Bønder og husmenn nytta utmarka som best dei kunne, slo og lauva, og dei sanka mose som tilleggsfôr.

Her som elles i Valdres støla dei om somrane. I tillegg var skogen viktig inntektsgrunnlag både for skogeigarar og arbeidsfolk, i tillegg til at skogen vart nytta som ved og material til hus.

Mange husmannsplassar både i grenda og Valdres elles var små og dårlege og levekåra ofte elendige. Skilnaden i levekår kunne vera stor mellom bønder og husmenn. Samstundes var folk avhengige av kvarandre og hadde mykje omgang. Folk hjelpte kvarandre i slåtten og med anna arbeid, ungane gjekk på skulen saman og alle gjekk i den same kyrkja på sundagane. Dølven krins var eitt bearlag, og skikken var å be heile grenda til gravferd og bryllaup. 

Gjennom heile 1800-talet var det vanleg at ungdom tok seg tenest på ein gard etter at dei var konfirmert, men mange vart òg buande heime for å hjelpe foreldra, eller fordi dei ikkje hadde andre stader å dra. Å ha tenestefolk var vanleg på gardane, men mindre vanleg på husmannsplassane. Storleiken på garden og eigen barneflokken var gjerne avgjerande for om ein hadde tenestefolk buande. I slik jobb budde ein som regel i same hus som dei arbeidde for.

Handverk var ein viktig del av dagleglivet. Rokken surra og veven klakka i alle ledige stunder, særleg om vinteren. Folk laga det dei trengte, anten det gjaldt hus, verktøy, seletøy, møblar, klede, sko, skinnfellar eller musikkinstrument. Folk laga ting til seg sjølv, familie og grannar, og vart slik allsidige mangesyslarar. Men til alle tider har det òg vore dyktige handverkarar og treskjerarar som spesialiserte seg på å lage handverk av høg kvalitet. Nokre hadde difor handverket som hovudnæring.

Ikkje alle hadde evne til å forsørgje seg sjølv med mat og hus. Det gjaldt nok særleg eldre og einslege tidlegare husmenn, men òg sinnslidande og einslege mødrer. Lenge gjekk folk på legd mellom gardane. Omgangslegdsystemet innebar at bøndene hadde plikt til å ta i mot arbeidsuføre, og at desse budde i ein kort eller lengre periode før dei flytta vidare til neste gard. Sist på 1800-talet vart årslegd meir vanleg, då tilbaud fattigkassa kontant betaling til dei som fast tok på seg oppgåva. Foreldrelause ungar vart gjerne tatt hand om av nokon i nær familie, men dei kunne òg bli utplassert på gardar som arbeidsfolk. Det var heller ikkje uvanleg at folk hadde ein leigebuar, endå så trongt mange budde.

Talet på husmannsplassar gjekk attende i løpet av 1800-talet. Behovet for arbeidskraft per gard vart lågare med den teknologiske utviklinga i landbruket. Fleire og fleire kjøpte plassane sine, mange utvandra til Amerika eller flytta til byane. I år 1800 var fleirtalet i Dølvesbygde husmenn, men i år 1900 var nesten alle sjølveigande. I dag finst mange husmannsplassar berre att som hustufter i attgrodd skog, medan andre er småbruk med gamle eller nye hus.

Vegen og elva
Hovudvegen frå Kristiania til Bergen gjekk frå gamalt av via Randsfjorden og Tonsåsen, og ikkje gjennom Begnadalen. Før år 1800 gjekk det ein kjerreveg sørfrå opp gjennom dalen som enda ved Islandsmoen. Herifrå gjekk det hesteveg for ridande og kløvhestar vidare opp berget til Dølve og innpå bygdavegen som gjekk frå Hedalen til Vestre Bagn. Frå gamalt av skal det ha vore ei bru over Kopparvike og veg vidare til Leirskogen. Islandsmoen må slik ha vore eit slags knutepunkt.

Kring 1800 vart det bygd kjerreveg mellom Islandsmoen og Bagn. Vegen kryssa elva med steinbru ved Sparkevika sør for dagens Bergsund-tunnel og gjekk derfrå på austsida av elva til Bagn. Denne brua vart teken av storflaumen i 1860. Då vart det nokre år med bruk av ferjemann, før vegen på vestsida av Begna og vidare til Bagn stod ferdig kring 1880.

Før det kom bruer måtte dei på austsida ta seg over elva til vestsida med båt eller på isen. Sommarstid kalla dei overfarten for «sunding». Til dømes budde det i Sparkevika ein sundmann med båt som tok folk over elva. Det var òg ferjestad ved Bagnsmoen nedanfor kyrkja i Bagn. Å ta seg over isen kunne vera farleg, ofte laga dei isbru om vinteren ved å «hogge floke».

Publisert i heftet historia om Islandsmoen og Bagn bygdesamling, juni 2020.

  • 1/5
    Husmannsplassane såg ofte ut omlag slik, med nokre små tømmerhus av ein jordflekk for dyrking av korn og potet. Her ser vi Dølvesknatten som truleg vart rydda og bygd i fyrste halvdel av 1800-talet. Fleire i familien spelte hardingfele. I folketeljinga i 1865 budde det ti personar i den vesle stova: Brukarparet Ola Kristaferson Dølveseige (1816-1885) og Tøran Olsdotter Strømmenseige (1817-1894), sju heimebuande ungar og i tillegg eit «lægdslem» på 83 år. Same år hadde dei 5 kyr, 9 sauer og 5 geiter, og om våren sette dei 3 tønner poteter og ei tønne blandingskorn. Dette biletet er teke i 1910. Då hadde plassen stått tom kring ti år, og det flytte aldri folk dit att. Ukjent fotograf. BV 89-024.
  • 2/5
    Kledeskikken I: Mikkjel Reiarson Dølven (1814-1888) tok over farsgarden Dølve i 1841. Han fekk seks ungar, der dei fem fyrste døydde som småungar. Etter at kona døydde i 1860, gifta han seg i 1863 med Marit Arnesdatter Øyhus (1829-1915). Dette er brudebiletet deira. Ukjent fotograf. BV 87-188.
  • 3/5
    Kledeskikken II: Syver Mikkjelson Bratrud (1800-1894) og Ragnhild Olsdotter Ølmhus (1804-1874) med borna Marit, Kjersti, Ole, Mikkjel og Anne. Paret kjøpte Nørre Dølvesetre som nygifte i 1828. Biletet er take i 1870. Ukjent fotograf. BV 89-359C.
  • 4/5
    Vegen til Islandsmoen: Fram til år 1800 stoppa kjerrevegen sørfrå ved Islandsmoen, medan hestevegen opp til den lokale bygdevegen gjekk opp lia omtrent her denne gjengen frå det lokale Måltrosten musikklag. Utsikta viser elva Begna, Koppervikgardane, Islandselve og Dølven skule. Koppervik låg i nabogrenda, men i same skulekrins. F.v: Trond og Sigurd Islandsmoen, Arne Leite, Arne Øyhus, Ingebjørg Islandsmoen, Sigurd Leite, Inger og Ivar Islandsmoen. Biletet er tatt i 1910-1920. Ukjent fotograf. BV 83-391.
  • 5/5
    På den gamle hestevegen ovanfor Islandsmoen. Her er Olaus Islandsmoen (1873-1949) og svigerinna Ragna Islandsmoen (1881-1961). På 1900-talet lagde grendefolket betre veg opp i åsen på dugnad. Ukjent fotograf. BV 85-194.
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1