Hopp til hovudinnhald

Sigrid Aspholt

Sigrid Aspholt (1901-1995) frå Hedalen tok lærarutdanning i 1924 og var på 1930-talet «ambulerande handarbeidslærarinne» i 15 skulekretsar i Sør-Aurdal. For å komme seg rundt gjekk ho på ski, på beina eller sykla – eller ho fekk skyss med mjølkeruta eller andre på farten. Seinare var ho lærarinne både på Toten, i Hedalen, Drangedal, Jostedal og Finnmark, fordi ho «ville oppleva noko nytt». 

Sigrid var vegetarianar og åt helst råkost. Ho la ned stor innsats i eigen hage og i lokalt frivillig arbeid. 

For Valdres bygdebok skreiv Sigrid ein lang artikkel om klede og kvinnehandverk i Sør-Valdres. Ho gjekk systematisk til verks og søkte grundig i skifteprotokollar og andre kjelder, intervjua ei rekke eldre lokale kvinner, talte med fagfolk og samanlikna plagg og tekstilar på musea og i private heimar. 

I 1985 fekk ho Sør-Aurdal kommunes kulturpris. Biletet er take i hagen heime i «Kvila».

Publisert 17.3.2021

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1