Valdres Natur- og Kulturpark
Valdreskommunane har sidan 2007 organisert det regionale samarbeidet etter modell frå dei europeiske regionparkane. Valdres Natur- og Kulturpark skal bidra til vekst og verdiskaping tufta på lokale natur- og kulturverdiar. Valdresmusea er ein viktig samarbeidspart på kultur- og kulturminneområdet og har plass i Valdresrådet, som er det rådgjevande organet for styret i Valdres Natur- og Kulturpark. På kulturminnefeltet skjer det mykje i Valdres, du kan til dømes laste ned kulturminneplanane her.
Dextra Musica
Dextra Musica er dotterselskap av Sparebankstiftelsen DNB, og har sidan 2006 investert i svært mange verdifulle strykeinstrument. Frå 2016 omfattar samlinga også hardingfeler og langeleikar. Samlinga er av høg kvalitet og blir stilt til disposisjon for dyktige musikarar. Dextra Musica bidreg til at fleire kan utøve og oppleve klassisk musikk og folkemusikk på høgt kunstnarisk nivå, gjennom støtte til prosjekt, innovasjon og nyskaping og samarbeid med etablerte institusjonar. I samlinga til Dextra Musica finn du ei hardingfele laga av Bård Riise Hoel i 2018.
Stølskulturen
Valdresmusea kartla i 2019/20 verdifulle og utsette bygningar og bygningsmiljø på Stølsvidda - på oppdrag frå styringsgruppa for UKL Stølsvidda. Formålet er at rapporten skal kunne gi eit betre grunnlag for å prioritere støtte til istandsettingstiltak av bygningar og bygningsmiljø. Rapporten finn du her og ein oppsummering i bilete her. Valdresmusea deltek elles i Stølsnettverket i Valdres.
Andre samarbeidspartnerar
- Valdres Folkemusikkarrangement
- Valdres Sommersymfoni
- Hemsingfestivalen
- Norsk Rakfiskfestival
- Fagskolen Innlandet
- Landbruket i Valdres
- Fortidsminneforeningen og lokalavdelinga Verne-Vøla