Hopp til hovedinnhold

Ralph Styker (1906–1979)

  • Styker i tunet på Meisdalen i Skrautvål. VFF 16-000078

Ralph Styker. Kunstnar og bygdemenneske.

Ralph Aulie Styker (1906–1979)
Kunstnar og bygdemenneske

Valdresmusea forvaltar den største samlinga kulturhistoriske materiale i Valdres. Her er 28 000 gjenstandar, 100 000 historiske foto, 15 000 lydopptak, 700 privatarkiv etter personar, bedrifter og foreiningar, 107 bygningar, 100 000 nasjonale draktregistreringar, og ei unik kunstsamling. Då kunstmålaren Ralph Aulie Styker døydde 14. mars 1979 gav enka etter Ralph, Annie Onstad Styker til saman 80 måleri, akvarellar, teikningar og grafiske arbeid.

Dei siste åra er samlinga forsterka med nye bilete – og fleire vil vi ha. For sjølv om samlinga etter Styker ikkje høyrer til satsingsområda for museet, så er det ei unik og verdifull samling, og det er ein sjeldan kunstnarisk dokumentasjon av natur og bygdeliv i Valdres i etterkrigsåra, og som det er all grunn til å rette meir merksemd mot.

For Ralph Aulie Styker er utan tvil ein av dei fremste kunstmålarane som har virka i Valdres. Og han er ein av fåe kunstnarar frå Valdres, om ikkje den einaste, som er kjøpt opp av Nasjonal-galleriet. Dessutan var Styker ein populær og godt likt kunstnar, blant kollegaer i inn- og utland, men meir viktig, han var svært godt likt blant bygdefolket i Valdres.

Her blir han ikkje berre hugsa for sitt kunstnariske virke. Han hadde ikkje minst eit stort sosialt og samfunnsmessig engasjement. Og det er kanskje det som gjer at han fekk så stor plass i hjarta våre. Ralph fekk vener i alle lag. Og han sat ikkje berre i atelieret sitt i Kredittkasse-bygningen, fjernt frå kvardagen til vanlege folk. Tvert i mot. Han var del av kvardagen. Av bybilete her på Fagernes. Av Skrautvålsbygda. Ein kunstnar har som kjent òg sitt daglege liv. Som alle andre.  

Den totale produksjonen til Styker er enorm. Rundt om i privatheimar, på aldersheimar, skuler og kommunehus heng Styker. I hopetal. Kor mange bilete produksjonen omfattar totalt veit vi ikkje. Men om museet eig 100. Kan vi anslå 4000, 5000?

Omfanget er i alle fall stort. Men storleiken på produksjonen fortel ikkje berre om ein produktiv og hardtarbeidande kunstnar. Like mykje må vi forstå omfanget som kunstnaren si eiga vilje til nettopp å mange. Kanskje kan vi lese produksjonen som ei kjærleikserklæring til menneska han møtte og stadane han såg. Og denne genuine kjærleiken til Valdres og kulturen her, var det noko som vaks fram i han fordi det var her han kjente seg heime?

Sjølv om interiør og landskap i duse fargar går att på mange av bileta til Styker, så er det jo summen av alt som gjer at vi minnest Styker. For vi hugsar han like mykje for illustrasjonar på turistbrosjyrar, barneblad, julehefte, annonser, lags-faner, helsingskort, diplom og 17. mai-program. Eller portrett av skuleelevar. Vi gløymer heller ikkje besøka på barneskulen siste skuledagen før jul, og kritt-teikningane på tavla av nissar og dompapar med påskrifta «La stå». Mykje av dette finst sjølvsagt ikkje lenger, ikkje anna enn som minne for dei som fekk oppleve det. Eller vi hugsar det utskorne altaret på bedehuset i Ranheimsbygda. Eller ølkruset med svidde Styker-motiv. Eller innsatsen hans under krigen. Ikkje minst det, innsatsen under krigen. Ved museet har vi vald å vektlegge dei menneskelege sidene ved Ralph Styker, like mykje som innsatsen for norsk kunstliv.

Born in Fairlight     
Ralph Aulie Styker var fødd 25. juni 1906 i Canada av norske foreldre. Mor var Gunda Aulie (1880–1942) fødd i Magnor i Eidskog. Far var Hans Larsen Stykke (1875–1945) frå Heddal i Telemark. Faren Hans beheld namnet Stykke, men dei amerikanske myndigheitene angliserte etternamnet til alle innvandrarbarn. Slik fekk Ralph og søskena etter kvart namnet Styker. Dei nye innbyggarane skulle skrive og leve seg inn i den amerikanske kulturen.

Hans utvandra til Minnesota i 1897. I åra 1897–1900 vart han kjent med Gunda Aulie frå Noreg. I november 1900 gifta dei seg i byen Canby i distriktet Yellow Medicine i staten Minnesota i USA, som på 50-talet såg slik ut. Men dei søkjer ikkje eit stille liv på den amerikanske prærien. Hans og Gunda var stadig på flyttefot, for langs jernbanen, som åt seg lenger og lenger vestover, vaks det fram byar og samfunn. Hans arbeidde som snekker og fann seg arbeid der han kom. I Midtvesten i USA og sør i Canada bygde Hans Stykke alle slags bygningar, men særleg mange skular og kyrkjer. Det er ikkje usannsynleg at fleire av desse enno står. Særleg kyrkjene.

Det ble til at vår familie fartet fra sted til sted. I min tid, inntil jeg blev 17 år bodde vi på syv forskjellige steder. Og overalt var det prærieland så flatt som en pannekake med små forhøyninger som vokste sammen til en rett strek i horisonten. Enkelte steder kunne du se flere engelske mil. Landet der vi bodde bestod av store rancher og av hvetefarmer. Den gang var det meste «Home Steads» det vil si land man fikk av staten, men med visse forpliktelser. Her måtte man bo – og man måtte dyrke og arbeide opp jorden. Her var mange ensomme steder langt fra hverandre [1] 

Orda er Ralph Styker sin eigne. For etter Styker finst det ein interessant minnetekst skrive ned av han sjølv på 70-talet. Det var Ørjan Steen, ein slektning av Ralph, og som seinare overtok stølen Retten, som fann den handskrivne teksten på 18 sider.

Dette er eit unikt kjeldemateriale, for om Ralph Styker finst det svært lite skrifteleg materiale. Vi håpar derfor på kontakt med alle dei som møtte Styker og som vil dele minna om han med oss. Berre slik kan vi skaffe oss eit heilskapleg bilete av Styker og innsatsen hans.

Oppvekst
I 1906 budde Hans og Gunda i småbyen Assiniboia i provinsen Saskatchewan i Canada. Same året vart Ralph fødd, i Fairlight, ein by aust for Assiniboia [2]. Ralph fekk ikkje berre amerikansk fornamn og etternamn. Han fekk òg namn etter fødebyen Fairlight, og som den fyrsteføde ungen i den nye byen fekk han gratis tomt frå kommunen. Folk i nybyggarland var stolte av dei nye innbyggarane sine. Ralph Fairlight Styker var ein ektefødd kanadiar. Ein mann som i vaksen alder skildrar smågutdagane på prærien på ein utruleg måte.  

Livet i Midtvesten er hardt for familien som etter kvart teller ni ungar. – Stedet der vi bodde var en «boarding house», skriv Ralph, eit utleigehus. – Her var noen få andre hus òg, en saloon med biljardrom og et og annet krypinn, så det vart til at vi måtte stuve oss saman, skriv han.

Fattigdom og flytting, til trass, det skal skine av ei barndomshistoria og for Ralph er barndomen eit strålande univers; enorme kvegsamlingar, ulvejakt, røvarbandar og cowboys, skyting, ville dyr, vêrstormar – og indianarar. Fairlight var eit eldorado. Cowboy-ane gjorde særleg inntrykk:  

Slakt ble hentet med tog fra de store krøtterfarmene. Når store flokker med dyr var på vei til samlingsstedet ved jernbanen kunde man se en stor støvsky flere engelske mil avgårde, eller man kunde gjøre som indianerne, legge øret ned til bakken og føle vibrasjonen fra tusener av dyreføtter. Ikke langt fra der vi bodde var det en stor krøtter-ranch. Disse ville raggete krøttera gikk ute både sommer og vinter. Og de ble passet på av en gjeng hardbarkete karer, «Cow Boys». De kunde ride, ja.

En Cow Boy kunde for eksempel slenge en fullvoksen okse i bakken. Oksen slapp ut av en inngjerding og sprang for livet for å komme seg vekk. En rytter tar den igjen, rir ved siden og kaster seg ned på nakken av dyret, tar tak i hornene og vrir hodet til side. Det skal styrke og mot til slikt. Dyret blir slengt i bakken. Derav kommer ordet «Bull Dozer». Dyrene skal også brennmerkes. De blir de tatt med lasso, slengt i bakken og bundet. Fra varmen tas et rødglødende jern som presses på dyrets skinke. Det høres et smertens brøl, det lukter brent kjøtt og dyret har fått ranchens bumerke.

Det hendte av og til at krøttera kom inn på jernbanelinjen og ble overkjørt. Vi fikk alltid tilbud om å ta imot dyrene. Jeg husker at vi ofte hadde slakt hengende på uthuset om vinteren. Om sommeren var ikke det mulig, for det kunde være stekende varmt og helt umulig å oppbevare kjøttet.  

Smågutlivet på prærien var ikkje berre leik og moro. Ralph måtte bidra til familiens opphald:

Vi flyttet senere til en by som het Piapot, med navn etter indianerchiefen Piapot. Ikke langt derfra var det en saueranch. Her kunne det være flere tusen sauer. Vi gutta tjente mye lommepenger på den tiden. Ved saueranchen gikk det et langt piggtrådgjerde – flere engelske mil – mellom saueranchen og en hesteranch. Da flokker med sauer stadig smøg sig under piggtråden blev det hengende igjen en masse ull. Vi drog ut med hånd-kjerre og strisekker og plukket kjerrelass fulle. Siden solgte vi ulla til dagens pris. Det kunne ofte bli mange dollars. Jeg husker at jeg tjente så mye at jeg fikk kjøpt min første blådress med lange bukser. Pengene gikk ofte til nyttige saker.

Vi gutta ble etter hvert flinke jegere og lærte å behandle skytevåpen i ung alder. Jakt var dessuten innbringende. For skinnet av en bisamrotte kunde vi få en dollar pr. stk. En og annen bever greide vi å få tak i, men beveren var en skikkelig luring. En eller to bevere satt alltid på vakt. Ved minste mistanke klappet den med den flate halen – vi hørte et plask og beverne forsvant under vannet.

Vi jaktet også på ulv som gikk i flokker på 8—10 stk. Hadde vi en og annen død skrott å legge ut som åte kunde vi om natten ligge i lur i det høie gresset med rifle og en kraftig lommelykt. Når vi hørte ulvene bjeffe ved åten satte vi på det sterke lyset og fyrte løs. De var snare i vendingen, ulvene, så det var ikke så ofte vi fikk has på mer enn en, ofte ikke det engang.

Men kanskje aller mest oppsikt vekte dei store indianartoga:

Om sommeren så vi store tog med indianere. De var på vei til jaktmarkene. Det var et syn når indianerne kom ridende med sine overbygde vogner. Alle i fargerike indianske drakter. Full mundur med vaiende fjær og i lærdrakter. De kom som oftest ridende på deres vakre «pintes» en liten hest med store brune flekker og vogner fulle av unger. De var hyggelige folk. Vi behøvde ikke låse hønsehuset [3] 

Ralph var inga lesehest, men viste tidleg evner for kunst og handverk. Læraren omtalar Ralph som den snillaste i verda. – Gå opp på «The black board», Ralph, og teikne, kunne ho seie. Og der kunne han stå og teikne lenge om gongen, til glede for seg sjølv og klassa.

Familien i Noreg gledde seg òg over ferdigheitene til Ralph, særleg tante Ragna (1875–1964), systera til mor hans. Ragna var «Indehaverske af Modeforretning» i Storgata i Kristiania og hadde i 1912 gifta seg med maskiningeniør og disponent Anton Iversen Sletten (1880–1964) frå storgarden Mælum i Nord-Fron [4]. Begge var velståande, religiøse, og generøse. Ragna gjorde lukke som butikkeigar. Anton, som hadde utdanning frå Horten Tekniske Skole, styrte med suksess motorfabrikken Rapp [5]. Karriere og økonomisk friheit, til trass, Ragna og Anton var barnlause, men dei gledde seg stort over nevøens evner – og teikningane som Gunda la ved i alle breva ho sendte til systera si i Noreg. Slektningane i Noreg var ikkje berre stolte, dei var ambisiøse og såg at Ralph kunne drive det langt, berre han fekk sjansen. I Midtvesten var moglegheitene for kunstnartalent småe og Ralph måtte få seg ein skikkeleg utdanning, meinte dei, ein kunstutdanning. Det hadde ikkje familien i Canada råd til. Men, Ragna og Anton visste råd og tilbaud Ralph ein heim i Noreg. Skuleplass skulle dei alltids ordne. I 1923, 17 år gamal, reiste Ralph til Noreg. Til tante og onkel. Åleine.

Jeg var som en sønn i huset. Jeg kom til Christiania lille Julaften og blev tatt hjertelig imot. Hjemme i Canada lærte vi ungene ikke Norsk. Foreldrene snakket Norsk seg imellom, men det var som Kinesisk for oss. Den første tiden var det rart å høre et fremmed sprog, men jeg lærte omsider. Onkel kunde bra engelsk, han hadde studert i Amerika. Tante kunde også en del [6].

Onkel Anton levde på mange måtar sjølv den amerikanske draumen. Frå 1910 til 1934 var han disponent ved motorfabrikken Rapp i Oslo. Sletten hadde i tre år, frå 1906 til 1908 arbeidd ved dei største motorfabrikkane i USA. Særleg interesse hadde han for verkty og massefabrikasjon. Sletten studerte òg praktisk og teoretisk motor- og automobilfag og etablerte motorfabrikken på Rodeløkka etter amerikanske masseproduksjonsideal. Det amerikanske sette spor i Anton på mange måtar. – Jeg elsker naturen og alt i den. Jeg elsker ikke det offentlige og hva som følger med det, skreiv han i Merkantilt Biografisk Leksikon i 1934.

Ralph lærte etter kvart språket, men kjente seg einsam. Og nokre år seinare vart også bror Arthur sendt til Noreg. Lik som for Ralph, betalte tante og onkel opphald og utdanning også for Arthur,  som eigentleg ville bli ingeniør, som Anton, men fekk eit kall og vart prest, seinare sjømanns-prest i Montreal i Canada [7].  

Utdanning
Same året som Ralph kom til Noreg starta han på Statens Handverks- og Kunstindustriskole og her studerte han i tre år.

Det pleier å være en ganske hard prøve for å komme inn på den skolen, men mine medbrakte tegninger var nok til at jeg blev antatt. Der gikk jeg i over tre år gjennom alle klasser, til og med billedhuggerklassen, konstruksjonsklassen og rader-klassen.

Frå 1926 til 1927 gjekk han på Statens Kunstakademi under læremeistrane Axel Revold og Halvdan Strøm. Her fekk han innføring i skulptur, og gjorde fleire utskjeringar i tre, mellom anna ein kvinnefigur frå Skrautvål kyrkje, etter kopi av ein gamal original. Etter endt utdanning fekk han seg atelier i sjuande etasje i Oslo nye Teater og arbeidde han mykje med portrett. Særleg av barn. I samlinga vår er det mange fine barneportrett. Eit eksempel ser de her i kveld.

Utover på 1930-talet gjorde han fleire studiereiser til utlandet, mellom anna København, Paris, London, Dresden, München og Berlin. I samlinga til museet har vi fleire arbeid frå denne tida; «ein fransk bonde» og «dobbeltbroen i Rothenburg» i tillegg til fleire by-motiv frå Oslo.

Frå 1932 til 1934 studerte han ved The Slade School of Fine Arts i London, ei av dei fremste kunstskulene i Storbritannia etablert i 1871, og seinare ved Académie Moderne i Paris, som var ei slags gratis kunstskule og som trekte til seg studentar frå heile Europa.

Kva måla Styker?    
Styker stod i ein naturalistisk tradisjon og han måla det han såg nøytralt – vil mange meine – og utan krevjande abstrakte tolkingar. Dette til trass for at han gjennom utdanninga si fekk inn-føring i eit modernistisk formspråk. Styker måla av og til med friske, sterke farger, men som oftast med svakare, duse, fargar. Motiva framstår tidvis som romantiske, men romar òg element frå det moderne livet, som til dømes i måleriet frå Sørre Garli. Det gamle tunet kjenner vi att, men også den nye vegen som sprenger seg fram over kleiva mot Ranheimsbygda. Alt skal med.

Styker sverma for den lokale kulturen, men her er på same tid inga tilgjorte draumelandskap. Barndomen hadde lært han å sjå verda slik den var. Motiva er ærlege, nesten dokumentariske. Vi kan stole på Styker og at det han formidlar til oss er rett. I landskapsmåleria demonstrerer han ei sterk naturkjensle, men det var sommaren og den grøne årstida han likte best. Vinterbilete måla han nesten aldri.

Fjellmotivene har alltid interessert meg, gamle værslitte tømmerbygninger, elver og fossefall, ja alt som er ekte Norsk. Før reiste jeg mye omkring i Hallingdal og Gud-brandsdalen. Men i de senere år er det blitt mest bare Valdres [8].

Det er eit stille alvor i mange av bildene til Styker, men det er heller ikkje elendigheit og sosial naud som får plass. For det psykologiske dramaet høyrer ikkje til i bileta til Styker. Vi ser klede, reiskap og spor etter menneske. Men menneska sjølve er ofte ikkje med. Han skil skarpt mellom portrett og motiv der menneske er med – og reine naturlandskap-, interiør- og bygningsmotiv.

Mest kjent er likevel Ralph Styker for interiørbileta sine. Dei står i ei særstilling ved heile hans produksjon, fordi han måla så mange av dei. Og det er også desse bileta dei aller fleste dreg fram når dei snakkar om Styker og produksjon hans. Mange av motiva henta Styker frå Valdres Folkemuseum. Han sat fleire somrar her og det han måla eller teikna vart ofte mangfaldiggjort som postkort eller trykk.

Men her er òg humor – og politiske undertonar. Og i møte med krig og urett er det alvoret som trer fram i kunstnarskapen. Flyslepp på heimåsen og scener frå heimefrontsleiren Breiesleiren [9] på Tonsåsen går att i mange av bileta. Men kunst frå krig kan òg vere humoristisk. Og i samlinga finst det ein kanskje kan kalle ein likvideringsinstruks for dei norske soldatane, med tittelen «En halvtime i Silent Killing».

Innsatsen under krigen er ikkje kjent i skriftlege kjelder, men mange fortel om aktiv deltaking for heimstyrkene, og om lagring av våpen, ammunisjon og kommunikasjonsutstyr i skjulte kasser på stølen Retten på Grøslie. Og for dette fekk han medaljar og utmerkingar. Sjølv undra han seg over kvifor han som hadde hatt britisk statsborgarskap fram til 1939 ikkje var av større interesse frå tyskarane. For, Canada hadde på denne tida mykje tettare tilhøyr til Det Britiske Samveldet enn kva har i dag. Men noko veit vi om innsatsen under krigen og i eit minneord over Styker i årbok for Valdres i 1980, skriv Margit Meisdalshagen:

Med takk tenkjer me på dei mange tenester han gjorde for sine medmennesker i krigs-åra. Eg kjem i hug so mange gonger han var god å finne, og så lett å spørja om ei hjelp. Det var aldri nei i hans munn, berre samhug og uppmuntring. Ja, det var beint fram slik at ein fekk ei kjensle av at han var takksam over å få stå til tenest for eit medmenneske som var i vandskar. Han fann sin plass i heimestyrkene og var befal der. 

Møte med menneske
Det er fleire portrett i samlinga etter Styker og desse viser ei anna side av kunstmålaren. For, der Styker i arbeidet med natur- og interiørmotiv sat i omgjevnadane han måla, vart dei fleste portretta til heime i Skrautvål eller i atelieret på Fagernes. Her var veggane fulle av måleri og teikningar. I samlinga på museet finn vi att Marit Heggom, Anders Hømandberg, Knut Låksrud, Ola Hippe, museumsstyrar Knut Hermundstad, spelemann Ivar Rengestad, Martin Sælid og Margit Meisdalshagen. Og rundt om i mange Valdres-heimar heng det mengder med portrett.  

Ralph Styker hadde som nemnt særleg glede av å måle barn. Mange minnest at dei som ungar fekk med seg eit portrett heim som Ralph hadde teikna på eit lite stykke papir. Ei av dei var Borghild Bråten (1918–1994) som vaks opp på stølen Menka på Grøslie, ikkje langt frå stølen der Styker sjølv tilbakte ungdomsåra. Borghild fortalde at Styker eingong hadde teikna ho, men at portrettet seinare forsvann. Borghild syrgde over tapet, men eit måla julekort, som ho fekk i 1940, vart ein god erstatning. Slike småe helsingskort finst det mange av rundt om i Valdres. Etter kvart som Styker vart anerkjent, vart «ein Styker» noko alle skulle ha.

Ralph i Valdres        
Ralph Styker er knytt til Valdres, men kva førte han eigentleg hit? I 1923, same året som han kom til Noreg, kjøpte Ragna og Anton stølen Retten på Grøslie for pengane Ragna fekk av butikksalet i Oslo. Om det var astmasjukdomen til Ralph som drog familien til fjells, er usikkert, men Retten vart frå 1923 ein viktig tilhaldsstad for Ralph og bror hans Arthur.

Rett før krigen braut ut evakuerte familien til Retten og vart buande der. Her bygde dei seg fjøs og låve og hadde kyr, gris og høner. Her dyrka dei potetar, og eigedomen gav bær og fôr nok. Vinteren 1941 kjøpte han småbruket Haugli i Skrautvål. Også her hadde han dyr og her bygde han seg atelier. Styker åtte Haugli i vel 20 år og i 1965 overtok han stølen på Grøslie. Styker skriv at han åtte Haugli i cirka 20 år, men i bokverket «Norske Gardsbruk», skrive på 50-talet er det onkelen hans, Anton Iversen Sletten, som er omtala som brukar. Det var også i Valdres han møtte tannlege Annie Onstad frå Fagernes, og som han seinare gifta seg med.

Lang karriere, stor produksjon     
Styker debuterte på Haustutstillinga i 1929 med grafikk. Raderingane frå 1920- og 30-åra er som regel skildringar frå Oslo, Paris og London, medan han dei seinare åra arbeidde mest med landskapsmotiv i tresnitt. I 1938 hadde han den fyrste separatutstillinga si i Oslo Kunstforening med meir enn 100 måleri og grafisk kunst. Separatutstillingar elles hadde han på Fagernes i 1959, i Valdres Kunstforening i 1979 og på Valdres Folkemuseum i perioden 1982–2005.

Ralph Styker deltok på kollektivutstillingar; Norske grafikarar i 1929, Haustutstillinga i 1933, Norske grafikarar i Roma i 1937, Norske grafikarar si 50 års jubileumsutstilling på Kunstnernes Hus i 1969 og Norske grafikarar si 50 års jubileumsutstilling i Stavanger Kunstgalleri i 1969.

Styker er elles representert i fleire offentlege samlingar og galleri i Noreg, Sverige og Finland, mellom anna Universitetet i Oslo, Nasjonalgalleriet, Oslo Bymuseum, Valdres Folkemuseum og Oslo kommunes kunst-samlinger. Ralph Styker var medlem i Foreningen Norske Grafikere. Ralph Styker døyde 14. mars 1979 på Fagernes, 72 år gamal.

--

Publisert 10.2.2020

--

Kjelder: 

[1] Ralph Styker, tanker om barne- og ungdomstiden, 1970-talet.

[2] www.myheritage.no  

[3] Ralph Styker, tanker om barne- og ungdomstiden, 1970-talet.

[4] Folketeljinga 1900, Digitalarkivet

[5] Anton Iversen Sletten var frå 1910 til 1934 disponent ved motorfabrikken Rapp i Oslo. Sletten arbeidde ved dei største motorfabrikkane i USA i perioden 1906–1908. Særleg interesse hadde han for verkty og massefabrikasjon. Sletten studerte òg praktisk og teoretisk motor- og automobilfag og fekk hovudkarakter 98 ½%. Sletten utvikla fabrikken på Rodeløkka etter amerikanske masseproduksjonsideal og han var barn av den amerikanske draumen. – Jeg elsker naturen og alt i den. Jeg elsker ikke det offentlige og hva som følger med det, skreiv han i «Hvem er hvem i næringslivet?”, Merkantilt Biografisk Leksikon, Oslo 1934.

[6] Ralph Styker, tanker om barne- og ungdomstiden, 1970-talet.

[7] Arthur Styker ville bli ingeniør, som onkel Anton, men fekk seinare eit kall og vart prest. Arthur vart seinare sjømannsprest i Montreal i Canada. Dei fire ungane hans bur framleis her.

[8] Ralph Styker, tanker om barne- og ungdomstiden, 1970-talet.

[9] Breiesleiren, tilhaldsstad for heimefronten og partisanleir for russiske krigsflyktningar. 

  • 1/3
    Styker på Valdres Folkemuseum. VFF 16-000072
  • 2/3
    Styker i atelieret i Skrautvål. VFF 16-000075.
  • 3/3
    Styker i tunet på Meisdalen i Skrautvål. VFF 16-000078
Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1