Musea er ein del av infrastrukturen i eit demokrati. Men demokratiet funkar ikkje om ikkje alle kjenner seg heime i det. Difor har arkiva og musea plikt til å sikre spor etter alle slags folk. Korleis kan historia om det sjuke, avvikande eller unormale bli ein større del av museumsarbeidet? Målet med seminaret er å løfte fram mangfaldet av livshistorier og å skape rom for læring, dialog og refleksjon.
TID: Torsdag 28.-29. oktober 2021
STAD: Glasslåven kunstsenter, Granavollen, Gran
Arr: Randsfjordmuseet, Valdresmusea og Nasjonalt medisinsk museum. Årets seminar er støtta av Råd for psykisk helse og Stiftelsen Dam. Oktoberseminaret vart arrangert for fyrste gong i 2020, då var temaet Skeiv bygdehistorie.
For meir informasjon om program og påmelding, sjå her.