TID: Sundag 10. november 2019 kl. 18.00
STAD: Bagn Bygdesamling
PRIS: Kr 100 - betal på TicketCo her (kan bli utseld!)
ARR: Valdresmusea
Vegbygging og godsekspansjon før 1814
Stormannen Peder Anker var landets fremste finansfyrste då han i november 1814 vart utnemnt til Noregs fyrste statsminister i Stockholm. Fram til då hadde han kombinert omfattande gods- og bruksdrift med embetsførsel, og private og offentlege interesser kryssa ofte grenser i det han gjorde – slik praksisen var i det gamle veldet. I Valdres sette Peder Anker spor etter seg både når det gjaldt offentleg vegbygging og privat godsekspansjon. Kongen i København hadde utnemnt Anker til å få fortgang i prestisjeprosjektet Den bergenske kongeveg, og den lukrative trelasteksporten kravde nye skogoppkjøp i Land og Valdres. Dette var aktivitetar som skulle føre med seg både nye vennskapsband og konfliktar.