Hopp til hovudinnhald

Ole O. Thorsrud

Lærar, kyrkjesongar og fråhaldsmann frå Bagn

  • 1/3
    Glede og sorg: I 1923 fekk Ole O. Thorsrud kongens fortenestmedalje i sølv for trufast arbeid for fråhaldssaka. Han og kona Guri Mikkelsdotter Sørbøen fekk åtte ungar i løpet av nitten år; fire gutar og fire jenter. Men det vart mange gravferder for fami­lien. Sju av ungane døydde tidleg, dei fleste av tuberkolose. I 1920 døydde også kona av same grunn. Det må ha vore tøffe år, men som typisk var i samtida var ikkje dette noko ein nemnte i artiklar og foredrag. Folkeopplysings­arbeidet i tida handla vel meir om å styrke nasjonen ved å bygge opp kunnskap og posi­tiv sjølvkjensle generelt, meir enn å dvele ved eigen lykke og ulykke. Foto: Th. Finne. BV 83-006.
  • 2/3
    Fest med fråhaldsfane og langeleik: Biletet er take utanfor den gamle skulebygningen ved Bagnskyrkja, 20. oktober 1898. Fremst sit Ola Brenno og Ole O. Thorsrud på kvar si side av langeleiken. Olaus Islandsmoen står heilt til høgre. Fana til Bagn avholdsforening er på Bagn Bygdesamling. Foto: Kristine Thorsrud. BV 89-307C.
  • 3/3
    Klassebilete frå ca. 1910: «Eg hugsar vel koss bestemor og far, som høyrde til den gamle tidi i livssyn mykje, og andre som dei – rista paa hovudet til denne unge læraren som kom som eit vaarver med grundtvigianisme, maalstræv og sterke sjølvstendekrav», skreiv Olaus Islandsmoen då hans første lærar Ole O. Thorsrud vart seksti år. Thorsrud var gjennom heile livet oppteken av å lære barna «ikkje berre å ete av kunnskapstreet, men òg av livstreet», som han sa det sjølv. Biletet er frå Thorshaug skule i Bagn kring 1910, lærar Thorsrud står til høgre med hatt på hovudet. Fotograf: Kristine Thorsrud. BV 89-358C.

Ole O. Thorsrud (1859-1940) vaks opp i Bagn, med musikk og fleire bøker enn kva vanleg var i samtida. Både bestefaren, faren og etter kvart han sjølv var organistar i kyrkjene i Sør-Aurdal - til saman i nesten eit heilt hundreår!

Folkeopplysaren

Ole vart tidleg oppteken av bøker, og presten Winsnes fekk han til å søke seg til Vonheim folkehøgskule i Follebu. Skulen var av dei aller fyrste i sitt slag i landet. Grunnleggjaren Chr. Bruun hadde ein eigen evne til å få unge hjarter til å brenne og «få sjæli til å lyfte seg», som Peter Hognestad skreiv i eit festskrift i 1909. Det gjaldt å utvikle «eit rikare åndsliv på nasjonal grunn». Etter folkehøgskuletida tok Ole lærar­eksamen ved Asker seminar i 1879, og sidan arbeidde han som lærar i nær femti år i ulike skulekrinsar i Sør-Aurdal. Ole vart organist i Bagn kyrkje i atten år, inntil han tok over som kyrkjesongar i bygda. Til lærarjobben følgde det elles med skulejord der Ole og familien dyrka mat til eige bruk. Dei hadde òg skaffa seg ei seter til sommarbruk.

Thorsrud var særleg oppteken av å lese og samle på bøker. Han skreiv mykje i blad og aviser, til dømes om etikk i skulen, historiske hendingar og biografiar om lokale personar. Det gjaldt å drive opplysingsarbeid der ein meir enn før skulle sameine det kriste­lege og menneskelege i livet. Thorsrud hadde mange styreverv i både fråhaldslag, ungdomslag, lærarlag, skule­styre, historielag, bygdebokkomité og Valdres Folkemuseum. Og han var mykje på farten og heldt foredrag og taler.

Ole talte framfor alt på møter i fråhaldsrørsla, ungdoms- og lærarlag. Ofte tok han seg rundt med kjelke og lysbilde­apparat. Eit slikt lysbileteforedrag spente gjerne vidt, både når det gjaldt tema, alvor og humor. Han viste gjerne bilete av alt frå alkoholens øydeleggande verk­nadar, gamle valdrisar og severdigheiter ulike stader i verda. Avisene refererte ofte, og omtala gjerne foredraga som yppe­lege. På ein foredragsturné til Biri kom til dømes totalt 1400 tilhøyrarar på 7-8 møte.

Thorsrud skal gjennom heile livet ha hatt eit brennande samfunnsengasjement, prega av idealisme. Men lett var det nok ikkje alltid. Då ha vart seksti, sa han det slik: «Det vart traat og tungt for det nasjonale og for det ideale livssynet her i Valdres som andre stader i min ungdom.» Gode støttespelarar i målsak og folkehøgskuleånd hadde det vore fåe av dei tidlege åra, og foredragsferdene hadde vore særleg stride: «Serleg om vinteren, med lange vegjer, og der ein laut tale i smaae hus. Ofte var eg gjenomvaat av sveitte og mang ein gong vart ein lagd i kalde rom.»

Med engasjement for lokalhistoria

Skulelæraren skal ha vore den fyrste som tok opp tanken om historielag i Valdres, og han var også ein av dei fyrste som talte for å opprette Valdres Folkemuseum, som vart etablert i 1901. 7. januar same år skreiv han om saka i avisa Samhold. Der åtvara han folk mot utanbygds oppkjøparar av gamle gjenstandar og ivra for at eit felles museum skulle «samle og bevare alle slags gjenstande, som kan gi os oplysning om vore fædres liv og virke».

I eit innlegg i avisa Valdres i 1915 skreiv Ole at opphaldet på folkehøgskulen fekk han «til at forstaa litt av naturens storhet og til at elske naturen, til at forstaa det skjønne og harmoniske i kunsten». Ideal­ismen frå ungdommen heldt seg gjennom heile livet. «Den nasjonale tone klang gjennom alt han føretok seg, i skule­stova, heimane, på lærarmøte og stemne elles». Dette skreiv Olaus Islandsmoen om Thorsrud då hans gamle føre­bilete vart seksti år.

Krigshandlingane i april 1940 tok knekken på den då over åtti år gamle mannen. ­P. Lillebrænd skreiv det slik i sitt kapittel om lærar Thorsrud i Valdres bygdebok band 6: «Så hende det verste våren 1940: Den tyske oskoreia valt inn over landet vårt som brennande eldmørje, inn i dei inste avdalane, sveipte inn i mørja alt og alle, også gamle Thorsrud. Vegvisar skulle han vera. Det hadde han alltid vori, men berre i norsk lei. Påkjenninga vart for sterk for den gamle mannen, og ikkje lenge etter – den 13. mai 1940 – andast han.»

Ei unik boksamling

Etter at Ole O. Thorsrud døydde, arbeidde lærarar og andre skule- og museums­interesserte folk i Valdres for å få kjøpt den omfattande boksamlinga hans til bruk i skulemuseet som skulle reisast på Valdres Folkemuseum. Sumaren 1941 hadde dei skaffa nok pengar til å få kjøpt inn samlinga på 3500 bøker og hefte. Samlinga er framleis på Valdres Folkemuseum. Den omfattande boksamlinga speglar det vide interessefeltet hans. Side om side står 3500 boktitlar som handlar om religion, etikk og filosofi, fråhaldssak, norskdomsrørsle, skulesak, salmebøker, ordbøker, folkeminne og historie.

--

Publisert 15.4.2020

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1