Hopp til hovedinnhold

Langeleikspelaren Ola Brenno

Ola Brenno (1865-1957) vaks opp under fattige kår på husmannsplassen Brenno på Midtre Juvkam i Bagn. Foreldra Anders Olsson Brenno (1833-1920) og Rannei Olsdotter Brue (1824-1918) frå Vøllseige tok begge i mangt eit tungt tak gjennom livet. Far Anders trådde òg belgen til orgelet i Bagnskyrkja i over to mannsaldrar.

Ola gifta seg med Ragnhild Antonsdotter Brustugu frå Etnedal (1884-1957) i 1905 og dei hadde åtte ungar. Både dei og dei gamle på plassen flytta frå Brenno i 1911, og staden er i dag attvaksen med skog.

Han var både gardbrukar, skimakar og snikkar, mellom anna var han med å bygge det store sanatoriet på Breidablikk ovanfor Bagn. 

Gjennom heile livet var Ola oppteken av alt som var gamalt og av å føre vidare gamle kulturuttykk. Særeg vart han kjent for var langeleikspel og oppheng av kyrkjeklokker. Sin første langeleik bygde han sjølv, og i vaksen alder lærte han å spele av mellom andre Ola Brenn, Halvor Fuglehaug og Berit på Pynte. 

Brenno var mykje på farten og gjorde mykje for å gjere langeleiken kjent utanfor Valdres. Mellom anna spelte han ti sesongar på Maihaugen. Han spelte òg mange gonger i NRK, og han var ven av komponisten Eivind Groven. Nærmare åtti år gamal spelte Ola på Norsk Folkemuseum for fleire nazistar som ville høyre «dei urnorske tonene», det finst det fleire bilete av. Det er likevel ingenting som tyder på at Brenno hadde sympati med Nasjonal samling.

Dette sitatet frå heftet Eit gløtt av gamletida (1999) seier mykje om framferda til langeleikspelaren: «Olaus Islandsmoen hadde mykje kontakt med den landskjente spelemannen Ola i Brenno. Etter kvart fekk han med seg Ola til å spela langeleik på det årlege bygdestemnet (på gardsmuseet som etter kvart vart Bagn Bygdesamling). Ola fortalde og historier i samband med låttane sine. Han var alltid pynta i bunad der han sat og tralla og spela, togg skrå og sputta svart. Han spela ofte ein lått frå Lomen som var laga over fylgjande utsagn: «Å trøllen fari at eg selde Lome, for no står alle koppar og kjørel tome.» Eit anna eksempel kunne vera: «No skal eg spela den låtten den Vonde plystra då’ tralla i kyrkjetårnet».

Bagn Bygdesamling har både bunaden, ein av langeleikene og ein byste av Ola.

Publisert 1. juni 2020

  • 1/3
    Langeleikspelaren Ola Brenno frå Bagn. Ukjent fotograf. VFF 4-000463.
  • 2/3
    Foreldra til Ola i Brenno: Husmannsparet Anders Olsson Brenno (1833-1920) og Rannei Olsdotter Brue (1824-1918) frå Vøllseige. Ukjent fotograf. BV 83-099.
  • 3/3
    Ola Brenno. Fotograf: Sigvat Tveito. BV 85-333B
Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1