Hopp til hovedinnhold

Nytt lys på gamal byggeskikk

  • Miranda Lee Moen og Kolbein Dahle Foto: Anne Marit Noraker

Miranda Lee Moen og Kolbjørn Dahle: Den eine bor i Minnesota, den andre i Steinkjer. Mirandas tipptippolderforeldre utvandra til Minnesota på 1850- og 1870-talet. Kolbjørn vaks opp i Øystre Slidre og var fylkeskonservator i Nord-Trøndelag det meste av arbeidslivet. No forskar dei begge på gamal Valdres-byggeskikk.

Miranda Moen (f. 1992) har tatt arkitektdesign-utdanning i Minneapolis og har fått Fulbright stipend. Ho forskar på byggeskikken til annangenerasjons norske utvandrarar i USA. Er det klasseskilnadar på husa til etterkomarar etter bønder vs. husmenn? Kan ein sjå regionale skilnadar på husa etter etterkomararar som kom frå Numedal vs. Valdres? Kva var typisk amerikansk i samtida? Miranda bur tre kvart år på Hamar og tilknytt Utvandrarmuseet medan ho skriv. Miranda har lest seg godt opp på utvandrarlitteratur og lokale bygdebøker, og har fleire gonger besøkt slekt i mellom anna Vestre Slidre. Denne veka har ho vore på Valdres Folkemuseum for å sjå på detaljar i ulike stover og bygningar, og ho er særleg interessert i å sjå på husmannsplassane.

Kolbein Dahle (f. 1943) skriv bok om arkitektur og byggeskikk i Valdres. Han skriv om utviklinga frå mellomalderen til tidleg 1900-tal, og hentar fram døme på hus i heile dalføret. Både hus som framleis står og som for lengst er borte. Fleire av husa han skriv om er dessutan på Valdres Folkemuseum. Kolbein skriv om bruken av husa, utviklinga i byggeskikk og planløysingar, og korleis impulsar utanfrå har ført til endringar og nye trendar. I tida framover planlegg han fleire feltarbeid i Valdres, ikkje minst for å reise rundt å ta bilete til boka. Denne veka var han på Valdres Folkemuseum.

Vi ser fram til gode samarbeid med både to!

Anne Marit Noraker, 2. mars 2022

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1