Pengar frå staten

Valdresmusea får 450 000 kroner i gåveforsterking frå Kulturdepartmentet. Det er ei pengegåve frå Stiftinga Aunebu kunstsenter på 1,8 millionar kroner som utløyser gåveforsterkinga frå staten.

Tilskottet er del av finansieringa av det nye utstillingsarealet på Valdres Folkemuseum. Det er det leiande arkitektkontoret Snøhetta som har teikna dei nye utstillingsareala. Fyrste delen av dei nye utstillinga stod klare i år og romar utstillingsrom for temporære utstillingar. No er det rom for basisutstillingar med arkiv og gjenstandar frå eigne samlingar som skal på plass.

18. desember 2018

  • 1/1