Hopp til hovudinnhald

Nordisk instrumentseminar

Fagernes, 8.-10. november 2023

  • Fele produsert på Valdres Folkemuseum, av Bård Riise Hoel

Velkomen til seminar der dei eldre, tradisjonelle og særeigne instrumenttradisjonane i Norden får stå i sentrum. Vi ynskjer å skape ein arena og eit varig nettverk for instrumentmakarar, forskarar, musikarar og arrangørar. 

TID: Onsdag 8. november til fredag 10. november

STAD: Valdres Folkemuseum, Fagernes

Målet med seminaret er å rette merksemda mot eldre, tradisjonelle instrumenttradisjonar i Norden, slike som hardingfele, langeleik, bukkehorn, kantele, nøkkelharpe, langspel og munnharpe. Med seminaret ynskjer vi å skapa arenaar og nettverk for makarar, forskarar, musikarar og arrangørar.

Vi skal løfte aktuelle problemstillingar som rekruttering, utdanning og mangfaldet i tradisjonen. Kven skal legge til rette for at fleire kan drive med, og leve av instrumentbygging? Kva ansvar har politikarane, kva ansvar har utøvarane sjølve? Seminaret drøftar ikkje berre musikkinstrument som fysisk objekt – og tilverkinga av desse, men ser også heilskapen i tradisjonen, og særleg samspelet mellom instrument, musikar og dansar. Den immateriell kulturarven er kompleks og som oftast verkar fleire ytringsformer saman.

På seminaret får vi demonstrasjon av instrumentbyggartradisjonane i dei ulike nordiske landa, og vi møter forskarar, instrumentmakarar, konservatorar og spelemenn som drøftar strenge-instrumenta, produksjonen og tradisjonen med ulike tilnærmingar. Vi får kjennskap til aktuelle pågåande prosjekt og vi inviterer til debatt og samtale om framtida for handverket. Også får vi sjølvsagt høyre instrumenta i bruk i konsertar gjennom alle dei tre seminardagane.

HOVUDMÅLGRUPPE: Profesjonelle og semi-profesjonelle instrumentmakarar frå heile Norden:

  • Instrumentmakarar; amatørar og profesjonelle
  • Folkemusikkforskarar; frilans eller med tilknyting til institusjonslivet
  • Instrumentforvaltarar; i museum og private samlingar
  • Musikarar og dei med interesse for musikkinstrument 
  • Handverkslærarar i grunnskulen og ungdomsskulen

ARRANGØRAR: Valdresmusea, Valdres folkemusikkarrangement, Norsk Folkemusikklag og Eric Sahlstrøm Institutet.

SAMARBEIDSPARTNARAR: Nasjonal museumsnettverk for musikk og musikkinstrument og Ringve Musikkmuseum og Rockheim.

MED STØTTE FRÅ: Nordisk kulturfond og Sparebankstiftelesen DNB.


  • 1/2
  • Sparebankstiftelsen DNB logo
    2/2
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1