Hopp til hovudinnhald

Nordisk instrumentseminar

  • undervising i hardingfele
    Cathrine Dokken/Hilme

I 2023 inviterer Valdresmusea, Valdres folkemusikkarrangement, Norsk folkemusikklag og fleire til nordiske instrumentdagar i Valdres. Takk til Nordisk Kulturfond som bidreg med 100 000 DKK i støtte til seminaret.

Situasjonen for dei nordiske musikkinstrumenthandverka er skjør og mange spør korleis vi som samfunn skal sikre instrumenttradisjonane for framtida. 

8.–10. november 2023 inviterer Valdres folkemusikkarrangement, Norsk folkemusikklag og Valdresmusea til Nordisk instrumentseminar på Valdres Folkemuseum på Fagernes. Målet er å samle 100 deltakarar frå Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island til demonstrasjon, foredrag, debatt og konsert.

Målet med seminaret er å rette merksemda mot eldre, tradisjonelle instrumenttradisjonar i Norden, slike som hardingfele, langeleik, bukkehorn, kantele, nøkkelharpe, langspel og munnharpe. Med seminaret ynskjer vi å skapa arenaar og nettverk for makarar, forskarar, musikarar og arrangørar.

Vi skal løfte aktuelle problemstillingar som rekruttering, utdanning og mangfaldet i tradisjonen. Kven skal legge til rette for at fleire kan drive med, og leve av instrumentbygging? Kva ansvar har politikarane, kva ansvar har utøvarane sjølve? Seminaret drøftar ikkje berre musikkinstrument som fysisk objekt – og tilverkinga av desse, men ser også heilskapen i tradisjonen, og særleg samspelet mellom instrument, musikar og dansar. Den immateriell kulturarven er kompleks og som oftast verkar fleire ytringsformer saman.

På seminaret får vi demonstrasjon av instrumentbyggartradisjonane i dei ulike nordiske landa, og vi møter forskarar, instrumentmakarar, konservatorar og spelemenn som drøftar strenge-instrumenta, produksjonen og tradisjonen med ulike tilnærmingar. Vi får kjennskap til aktuelle pågåande prosjekt og vi inviterer til debatt og samtale om framtida for handverket. Også får vi sjølvsagt høyre instrumenta i bruk i konsertar gjennom alle dei tre seminardagane.

  • 1/1
Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 2