Hopp til hovedinnhold

Nasjonalisme og ytringsfridom etter 22. juli

Sommaren 2011 mista Oda Okkenhaug bror sin på Utøya. I åra etterpå har ho engasjert seg politisk og personleg mot høgreekstremisme. I fjor vart ho ferdig med ei masteroppgåve om nynazisme på internett, og no arbeidar ho som kommentator og debattansvarleg i Trønderdebatt. Oda Okkenhaug har for lengst markert seg som ei tydeleg stemme i det offentlege ordskiftet. Ho arbeider kvar dag med å løfte dei unge sin stemme, både lokalt, regionalt og nasjonalt. 

Tysdag 22. februar arrangerer Valdresmusea kveldsforedrag i Fagernes kulturhus. Då kjem Oda Okkenhaug for å snakke om nasjonalisme og ytringsfridom etter 22. juli. Ho tar opp tema som høgreekstremisme og nynazisme, demokrati og debatt. Vi håper på ein god diskusjon etter foredraget. Korleis er ytringsklimaet i Valdres? Kva skal til for at alle skal kjenne seg inkludert? Korleis kan vi ruste oss sjølv og kvarandre til å ta ansvar for eige liv?​

TID: Tysdag 22. februar 2022 kl. 19.00
STAD: Fagernes kulturhus
PRIS: 100 kr (gratis for dei under 20 år og dei med årskort)
ARR: Valdresmusea

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1