Hopp til hovedinnhold

Myrvoll-korset

Om fornminnet fra Øystre Slidre og "kopieringa" av det

Velkommen til temakveld om Myrvoll-korset og arbeidet med å kopiere det, v/Helge Gudheim med fleire.

TID: ​Torsdag 9. september 2021 kl. 19.00 
STAD: Valdres Folkemuseum 
PRIS: 100 kr (gratis for medlemer av vennelaget)
ARR: Vennelaget for Valdres Folkemuseum

Avgrensa plass. Billett kan reserverast her.

OM KORSET

I 1908 fann gardbrukaren Per Myrvold (1875–1962) eit stort sylvkors og langt kjede, også det av massivt sylv, i jorda like ved det gamle tunet på Myrvoll i Køllstadbygda i Øystre Slidre. Sjølve korset måler 8,5 x 8,5 centimeter og er til å opne. Kjedet er rundt 95 centimeter langt. Korset har bibelske motiv, og då det vart funne var det ein relikvie inne i det. Korset og kjedet er kan hende så gamalt som frå 1200-talet, og er kanskje laga i dagens Istanbul.

OM KVELDEN

På 1700-talet vart slike kors brukte som brudgomskors, og Magny Smedsrud Karlberg, Øystre Slidre, deltek på Venneslags-kvelden og fortel om denne tradisjonen.

I 2018 vart Myrvoll-korset kopiert av sylvsmed Truls Grønvold på Hønefoss. Då han var ung, gjekk han eitt år i lære hjå Høyvik i Valdres Sylvsmie. Han deltek også, og fortel om arbeidet med kopieringa.

Kopien er no "heimkomen" til Myrvoll-garden, der Odd Erik Myrvold er dagens eigar. Han deltek også på kvelden, og tek naturleg nok med seg kopien, slik at dei frammøtte kan få sjå han. Originalen kom til Universitetes Oldsksamling i 1914, og var i mange år utstilt i «Skattkammeret» til Kulturhistorisk museum i Oslo. Programmet er sett saman og blir leia av Helge Gudheim frå Ulnes.

Så har du lyst til å høyre om litt spenstig lokalhistorie – med sus frå den store verda, så er du velkomen til museet denne kvelden. På grunn av korona-pandemien er det plass til eit avgrensa antal personar. Du som les dette, må gjerne dele meldinga også med dine FB-vener. Velkomen!

  • Replikaen av Myrvoll-korset, utforma av sylvsmed Truls Grønvold
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1