Hopp til hovedinnhold

Musikkslaget

Musikk Innlandet går inn for landing, men kor skal den kulturelle satsinga ligge? I fleire år har fylkeskommunen drøymt om å legge det musikalske fyrtårnet til Gjøvik. Men må det eigentleg ligge der? Kulturelle krefter i alle krokar melder no sine kandidatur for at nett dei skal bli vertskap for den nye satsinga. Slike tiltak betyr mykje for småe stader, for med Musikk Innlandet følgjer arbeidsplassar i skjeringspunktet mellom kultur, næring, innovasjon og tradisjon.

No går toget. Også for Gjøvik. I ein kommentar i Oppland Arbeiderblad 16. januar i år les vi at det spøker for kulturhusplanane på Gjøvik. Dette råkar også draumen om Musikk Innlandet, som har vore orkestrert for byen sidan 2012, og som Gjøvik-folket meinte skulle finne plassen sin i det nye kulturhuset. Kven som no skal vera vertskap for Musikk Innlandet, synest meir ope enn nokon gong.

Fleire har tatt til orde for at ein med Musikk Innlandet må ta heile fylket i bruk. Om regionale politikarar meiner noko med sentraliseringskritikken sin, så har dei sjansen no til å legge Musikk Innlandet til ein utkant. Mjøsa er vakker, men musikkmiljø med ambisjonar for eit regionalt og internasjonalt musikkliv finn du i endå større grad i Valdres.

Det siste året har fleire byar meldt sitt kandidatur, også Fagernes, som er vertskap for det største opplæringskurset for barn og unge i klassisk musikk i Europa. Valdres sommersymfoni driv festival, talentutvikling og konkurransar og har ansvar for fleire nasjonale prosjekt – ikkje berre i hektiske sommardagar, men gjennom heile året. Samarbeidet med Sparebankstiftelsen, Dextra Musica og leiande musikarar frå heile verda gjer Valdres sommersymfoni til ei betydeleg kraft i klassisk musikkliv i Noreg.

Same rolla speler Hilme-stemnet, Strunkeveko og Valdresmusea for folkemusikken og -dansen. Folkemusikkmiljøet i Valdres har samarbeid med utøvarar, festivalar, arrangørar, produsentar, arkiv, museum, forskarar og instrumentmakarar i og utanfor Noreg. Ingen andre miljø i Innlandet nyt same posisjon på dette området som Valdres. Her er Frikar med viktig kompetanse på dans og femten andre festivalar med ambisjonar om å skapa minne for livet for menneske i alle aldrar. Gode vertskap finn du mange stader. Men Valdres skil seg ut.

Politikk er ofte avtalt spel, og det kan verke som det allereie i 2012 vart bestemt å legge eit regionalt musikkansvar til Gjøvik. Men politisk tale forpliktar, og det er berre eit snautt år sidan politikarane lova å ta heile fylket i bruk. Eg har difor stor tillit til at politikarane legg avgjerande vekt på utkantane når dei no skal avgjera kven som skal få tildelt nye arbeidsplassar. I staden for å leggje vekt på befolkningstyngd og avstand mellom mjøsbyane er det avgjerande at ein etablerer Musikk Innlandet der kompetansen faktisk sit.

Valdres er eit sterkt kort. Eit samla kulturliv og politisk miljø ynskjer seg oppgåvene som følgjer med Musikk Innlandet. På Fagernes er det planar om eit nytt kulturhus med sete for musikk, dans og teater, og i mars får politikarane i Nord-Aurdal presentert ein behovsanalyse for det nye kulturhuset. I Valdres finst òg tradisjonar for samarbeid mellom dei seks kommunane. Det blir spennande å sjå om ein greier å gi kulturhussatsinga nødvendig regional forankring – og eit nytt husrom for dei nasjonale kulturoppgåvene som allereie høyrer til her, og dei regionale oppgåvene som vi ynskjer skal koma.

Sjølv om Musikk Innlandet skal vera ei kraft for det nye fylket, må ein gjerne styre ambisjonane inn under ein høgare himmel. For musikklivet her skal ikkje verke i si eiga vesle boble. Utanfor komfortsona og skigarden finst nemleg miljø som kan løfte oss til eit endå høgare nivå. Valdres viser gjerne veg.

Artikkelen stod på trykk i Oppland Arbeiderblad 28. februar 2020.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1