Hopp til hovudinnhald

Museum i krig og konflikt

Krigen mot Ukraina sjokkar oss alle og øydeleggingane er enorme. Dagleg får vi høyre om overgrep og drap, og om sivile og soldatar som må lide for aggressiv nasjonalisme.

Krigen har ført millionar av menneske på flukt – og den har øydelagt forholdet mellom Russland og resten av verda for lang tid framover. Men med krig følgjer òg omsorg for dei som lir. Polen og fleire andre europeiske land, inklusiv Noreg, gjer no ein stor innsats med å ta imot flyktningane frå Ukraina.   

Kommunane i Innlandet har òg begynt å ta i mot flyktningar, og lik som i 2015, då flyktningane kom i store tal frå Syria, legg kommunane også denne gongen til rette for at opphaldet skal bli så godt og meiningsfullt som råd. Derfor er også samarbeidet med skule, frivillige lag og organisasjonar – og musea – så viktig.

Flukt frå heimlandet er traumatisk for dei som blir råka av det. Då må vi som tek i mot flyktningane tilby meir enn introduksjon til våre eigne skikkar og tradisjonar. Det minste vi kan gjere er å lytte til dei historiene som flyktningane ber med seg. Her kan musea spele ei særleg viktig rolle – overfor flyktningane frå Ukraina og dei som storsamfunnet elles sjeldan lånar øyer til. Drap og overgrep festar seg til kropp og sinn. Men krigens mål handlar ofte om noko meir – om å fjerne spor og minne som vitnar om eit folk. Derfor er kulturminne, språk og kultur sårbare element – og strategiske mål – for mang ein krigshissar.

Vi såg det i Syria i 2015, og vi ser det i igjen i Ukraina. Den russiske invasjonsstyrken har satt minst eitt museum i brann – og dermed har dei også brote bestemmelsane med Haag-konvensjonen av 1954. I tillegg til krigens øvrige redslar ser det derfor ut til at viktig kulturarv no går tapt. Norges museumsforbund publiserte 25. februar 2022 ei støtteerklæring til museumskolleger og institusjonar som arbeider med kulturminne. Håpet i februar var at kulturminna ikkje skulle bli mål i konflikta, og at ein skulle greie å skjerme Ukraina sin kulturarv mot øydelegging og plyndring. Det vart med håpet.

Mykje står på spel i krig og konflikt. Og når alt synest tapt må vi i alle fall sikre dette eine; minna, språket og kulturen, verdiar som vi ber med oss i hjarta våre og som fortel kven vi er og kva slags folk vi høyrer til. Dei forteljingane som flyktningane no ber fram skal vi andre audmjukt lytte til, og musea kan skapa møteplassar som verdset forteljingane om kulturen og historia til dei menneska som er på flukt. Musea i Innlandet riggar seg no med møteplassar for sosial kontakt og dialog om krigens lidingar, om urett, sakn og sorg.

Mange museum gjer mykje, og fleire museum i Noreg har allereie sendt materiell og utstyr til Ukraina for å sikre arkiva og kulturminna der. Men musea i Noreg vil òg kunne hente kulturminne frå Ukraina til midlertidig lagring i sikre og trygge magasin her heime.

Ved Anno museum ferdigstilte ein nyleg eit stort og moderne magasinbygg som i fyrste omgang skal gje plass til 100 000 gjenstandar frå museets eigne samlingar, samt samlingane til Norsk skogfinsk museum. Arbeidet med å flytte inn i det nye magasinet er godt i gang, men prosessen er krevjande og vil ta lang tid. Det betyr at ein for tida sit med Europas største ledige museumsmagasin – og ein organisasjon som er rigga for mottak og innflytting.

Anno har derfor meldt i frå til kontaktar i Noreg og Ukraina at ein vil kunne ta imot gjenstander frå Ukraina for mellombels lagring i Elverum – dersom dette er ynskjeleg og mogleg frå Ukrainas side. Skal dette skje vil det krevje innsats og logistikkstøtte frå norske styresmakter, og god dialog med kollegaer i Ukraina. Andre museer i Innlandet vil òg kunne bidra med magasinkapasitet – og spesialkompetanse for særskilte material- og gjenstandstypar, i tillegg til eit samarbeid med Anno museum om mottak og registrering av større samlingar frå Ukraina.

Fleire av våre museer har nettverk og kommunikasjon med Ukrainske museumskollegaer som no er på flukt, og som fortel rystande historier om krigens redslar og om øydelagte arbeidsplassar. Musea i Innlandet stiller med dette magasin og menneskelege ressursar til disposisjon for å hindre at verdifulle ukrainske kulturminne blir ytterlegare skada eller tapt.

Nationen og Avisa Valdres 26. april 2022

  • Foto: Evgeniy Maloletka, AP/NTB
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1