Hopp til hovudinnhald

Mote og impulsar

Impuls, tradisjon, og skaparevne går i trespann når det gjeld både folkekunst og folkedrakt. Dei tre faktorane har hatt alt å seia for endringane som har skjedd i draktskikken opp gjennom tidene. For kleda våre har alltid vore i endring, på same måte som i dag, men no skjer gjerne endringane i eit raskare tempo enn før.

Draktskikken, både til kvandags og til høgtids, var nøye styrt av lokale, innarbeidde normer for korleis plagga skulle lagast, kledast på, og brukast, og kva plagg ein brukte til ulike anledningar. Draktskikken var uløyseleg bunden til, og del av det gamle naturalhushaldet.
Sko og klede var noko som fyrst og fremst vart til ved å dyrke lin og klippe sauer, karde, spinne, veva, farge, strikke, garve, sy, brodere og smi – og det skjedde lokalt, dels heime, dels av andre i bygda.

I tillegg har det til alle tider vore tradisjonsutøvarar som har vore nyskapande og utvikla handverket på sin eigen måte. Det kunne nok òg vera stas å eige noko som ingen andre hadde, anten det var klede eller nyskapande rosemåling. For folkekulturen var òg prega av impulsar får den store verda.
Både ulike snitt og kostbare materialar fann vegen til Norge.
Både rokokko – og empiremote ute i Europa, prega etter kvart snittet på kleda i Valdres også.

Dette gjaldt ikkje berre draktskikk, men òg musikk, byggeskikk, andre handverk, innføring av nye matvarer, omgangsform og tankesett.

Kva for eit av dei tre stikkorda som har fått mest å seia i ulike delar av landet, kjem an på tidsperiode og område, konjunktursvingningane, kongelege forordningar, motane i samtida, og råvarer, handel og samkvem. Alt dette har til ulike tider sett sine preg på folkedraktene.

Dette førte difor til at draktskikkane vart ulike frå område til område i Norge.

Industrialiseringa, dei store politiske, økonomiske og sosiale omveltingane i siste del av 1800-talet endra det tradisjonsrike bondesamfunnet, og med det dei særmerkte draktskikkane. Fabrikkvove stoff, moteblad, mønsterark og symaskiner vart i større grad tilgjengelege varer. Kleda vart like i alle områder, og dei låg tett opp til den europeiske moten.

Denne prosessen kom likevel til ulike tider i ulike område. Somme stader er det att få minne om den lokale drakttradisjonen. Medan nokre bygder, som f.eks i Hallingdal og Setesdal, har den lokale draktskikken halde seg langt inn på 1900-talet, og laga ei samanhengande utvikling frå folkedrakt til bunad. I endå sterkare grad gjeld dette dei samiske områda.

Omtrent samtidig, som del av nasjonalromantikken, vart bøndene og folkedraktene ei populær motivkjelde for kunstnarar, og etter kvart uttrykte folk også si nasjonalkjensle ved å bruke desse draktene. Slik vart folkedraktene igjen aktuelle, men i ei anna form og med eit anna innhald.

Norskdomsrørsla rundt år 1900, som ivra for det norske, og som var imot unionen med Sverige, ville gjenskape den gamle bondekulturen som var i ferd med å forsvinne. Dette var noko anna enn romantisk svermeri – dei ville føre folkekulturen tilbake til bygdene i forbetra versjon.
Og Hulda Garborg oppmoda folkedansarar til å kle seg i lokale folkedrakter, eller ”bunader” som ho kalla dei. Dei skulle vere laga av norske materialar med norsk prydsaum, og slik vidareføre det beste i norsk kulturarv.
Det var òg viktig at bunadane var praktiske og tidhøvelege. Dette førde til at bunadane i mange tilfelle vart sjåande annleis ut enn dei lokale folkedraktene hadde gjort. Med Hulda Garborg i spissen vart folkedraktene eit viktig element i den kulturpolitiske kampen. Gamle folkedrakter vart tekne opp igjen, men det vart også laga nye som berre hadde element frå dei gamle folkedraktene i seg.

Seinare på 1900-talet vart også bunader skapt med meir vitskaplege metodar, der plagga vart til som direkte kopiar av gamle plagg.

Vi har difor i dag mange ulike typer bunader:
- vidareføring av dei gamle kleda,
- rekonstruerte klede,
- klede som er komponert ut frå enkelte plagg eller som hentar inspirasjon av eldre element,
- fritt komponerte drakter.

Om mote og impulsar, og klesskikk i Valdres kan de lesa meir om i boka til Magny Frå Versaille til Valdres.

Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2